Christina Ramsøy
Christina Ramsøy | |
![]() | |
Fødd | 4. november 1986 (34 år) Ogndal |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar, jurist |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Verv | Leiar i Senterungdommen 2007-2009 |
Føregangar | Erlend Fuglum |
Etterfylgjar | Johannes Rindal |
Christina Nilsson Ramsøy (fødd 4. november 1986 i Ogndal i Steinkjer kommune) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og møtte fast for Lars Peder Brekk frå 1. oktober 2009.
Ramsøy var leiar i Steinkjer Senterungdom 2002–2004, og leiar i Nord-Trøndelag Senterungdom 2003–2007. I tillegg var ho medlem av sentralstyret til Senterungdommen 2006–2007, og leiar der 2007–2009. Ramsøy vart vald til leiar ved ei kampavstemming mot Tone Ravnås frå Rogaland.[1][2]
Ramsøy var medlem av Steinkjer kommunestyre 2007–2008 og medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho gjekk allmennfagleg linje ved Steinkjer VGS 2002–2005, studerte politisk økonomi ved NTNU 2005–2006, og studerte PR og kommunikasjon ved BI Trondheim 2006–2007.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2009–2013 - medlem i Familie- og kulturkomiteen
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Lederstrid blant Sp-ungdom». Senterpartiet. 1. november 2007.
- ↑ «Nordtrønder blir leder for Senterungdommen». Adresseavisen. 4. november 2007.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Christina Ramsøy hos Stortinget
- Bloggen til Christina Ramsøy