Sandra Borch
| Sandra Borch | |||
| | |||
| Fødd | 23. april 1988 (38 år) Lavangen kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø | ||
| Alle verv |
| ||
Sandra Konstance Nygård Borch (fødd 23. april 1988) er ein norsk politikar for Senterpartiet.[1] Ho var landbruks‑ og matminister 2021–2023, og forskings- og høgare utdanningsminister 2023–2024 i Regjeringa Støre.[2][3]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Borch kjem frå Lavangen og var i tida mellom 2011 og 2013 leiar i Senterungdommen.[4]
Frå 2017 har ho representert Troms fylke og Senterpartiet på Stortinget. På Stortinget var ho medlem i Energi- og miljøkomiteen 2017–2021.[5]
Statsråd
[endre | endre wikiteksten]Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var ho landbruks‑ og matminister i Regjeringa Støre.[2][3] Den 4. august 2023 tok ho over som forskings- og høgare utdanningsminister.[6] Borch melde avgang den 19. januar 2024, og gjekk av den 23. januar, etter at det vart kjent at ho hadde plagiert 20 % av masteroppgåva si frå andre, tidlegare tekstar.[7][8]
Anna
[endre | endre wikiteksten]I desember 2025 fortalde Borch at ho hadde lagd seg inn på institusjon som følge av alkoholproblem.[9] Februar 2026 vart ho dømd i ein tilståingsdom for to tilfelle av fyllekøyring i oktober 2025 med høvesvis 0,64 og 1,56 i promille. Borch vart dømd til 30 dagars vilkårsbunde fengsel, med ei prøvetid på to år. I tillegg måtte ho delta på eit «Program mot ruspåvirket kjøring», mista førerkortet i tre år og 100 000 kroner i bot.[10][11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sandra Borch» i Store norske leksikon, snl.no.
- 1 2 «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021.
- 1 2 Regjeringen Støre. «Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp)». Landbruks- og matdepartementet. Henta 4. august 2023.
- ↑ «Om oss», Senterungdommen (på norsk), henta 6. august 2023
- ↑ «Biografi: Borch, Sandra», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 6. august 2023
- ↑ Ida Kristin Rønning; Karoline Johannessen Litland; Håvard Grønli & Simon Elias Bogen. «Borch blir ny forsknings- og høyere utdanningsminister – Pollestad blir landbruksminister» (på norsk bokmål). NRK. Henta 4. august 2023.
- ↑ Grønning, T.; et al. «Sandra Borch går av som statsråd: – Feilen, den er min» (på norsk bokmål). NRK. Henta 21. januar 2024.
- ↑ Hans Jørgen Myrvang Ro; Ragnhild Vartdal; Nora Rydne & Balder Haarklou Jensen. «Så mye av Sandra Borchs masteroppgave er kopiert» (på norsk bokmål). e24. Henta 21. januar 2024.
- ↑ «Sandra Borch åpner opp om alkoholproblemer» (på norsk bokmål). NRK. Henta 28. februar 2026.
- ↑ Simen Grimstad Øksnes; Sabrina Alfonzo; Ingvild Jensen & Roy Kvatningen. «Borch dømt: – Jeg føler så mye skam og skyld» (på norsk bokmål). TV2. Henta 28. februar 2026.
- ↑ Lone Lohne; Svein Harald Lian (iTromsø) & Trond Karlstrøm (iTromsø). «Sandra Borch dømt for fyllekjøring: – Legger meg paddeflat» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 28. februar 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1988
- Norske landbruksministrar
- Statsrådar i Regjeringa Støre
- Senterpartistatsrådar
- Stortingsrepresentantar for Troms
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Leiarar i Senterungdomen
- Norske juristar
- Norske Skal vi danse-deltakarar
- Folk frå Lavangen