Europacupen i fotball 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1975 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Bayern München. Turneringa var den 20. i rekka. I finalen 28. mai 1975 i Paris forsvarte vesttyske Bayern München meistertittelen ved å vinne 2-0 over engelske Leeds United. Sigeren var den andre av tre rake triumfar i Europacupen i fotball til det vesttyske meisterlaget.

Europacupen 1975 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 18. september 1974. Etter to rundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1975.

Vinnarlaget Bayern München fekk walkover i fyrste runde, og sende deretter FC Magdeburg, Ararat Jerevan og AS Saint-Étienne ut av turneringa, medan Leeds sikra seg finaleplass etter møte med høvesvis FC Zürich, Újpesti Dózsa, RSC Anderlecht og FC Barcelona.

Lagoppstillingaen i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

48 374 tilskodarar såg finalen på Parc des Princes i Paris 28. mai 1975. Bayern München vann 2-0 etter mål av Franz Roth i det 71. og Gerd Müller i det 81. minutt.

Vinnarlaget Bayern München bestod av Sepp Maier, Björn Andersson, Franz Beckenbauer (kaptein), Georg Schwarzenbeck, Bernd Dürnberger, Franz Roth, Rainer Zobel, Jupp Kapellmann, Conny Torstensson, Gerd Müller og Uli Hoeneß. Sepp Weiß tok plassen til skadde Andersson allereie i det 4. minutt, medan Klaus Wunder erstatta Hoeneß i det 42. minutt.

Leeds United mønstra David Stewart, Paul Reaney, Norman Hunter, Paul Madeley, Frank Gray, Billy Bremner (kaptein), Johnny Giles, Terry Yorath, Peter Lorimer, Joe Jordan, Allan Clarke. Eddie Gray kom inn for Yorath i det 80.minutt.

Franske Michel Kitabdjian var dommar i kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]