Europacupen i fotball 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europacupen i fotball 1981 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Nottingham Forest. Turneringa var den 26. i rekka. I finalen 27. mai 1981 i Paris vann Liverpool FC med 1-0 over spanske Real Madrid. Det engelske laget vann dermed turneringa for tredje gong, og det var femte året på rad eit engelsk lag vann Europacupen i fotball.

Europacupen 1981 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 16. august 1980 med ei forrunde mellom Honvéd Budapest og FC Valletta, seriemeistrane i Ungarn og Malta. Etter to ordinære cuprundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1981.

Vinnarane frå Liverpool FC slo etter tur ut finske Oulun PS, FC Aberdeen, CSKA Sofia og Bayern München, sistnemnde på bortemålsregelen. Finalemotstandar Real Madrid eliminerte irske Limerick FC, Honvéd Budapest, Spartak Moskva og Inter frå Milano.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

48 360 tilskodarar såg finalen på Parc des Princes i Paris 27. mai 1981. Venstrebacken til Liverpool, Alan Kennedy, skåra etter 81 minuttar det einaste målet i kampen.

Vinnarlaget Liverpool FC bestod av: Ray Clemence, Phil Neal, Phil Thompson (kaptein), Alan Hansen, Alan Kennedy, Terry McDermott, Graeme Souness, Sammy Lee, Ray Kennedy, David Johnson og Kenny Dalglish. Jimmy Case tok Dalglish sin plass i det 87. minutt.

Real Madrid stilte med: Agustín Rodríguez, Rafael García Cortés, Antonio García Navajas, Andrés Sabido, Ángel de los Santos, José Antonio Camacho, Uli Stielike, Vicente del Bosque, Juanito Gómez, Santillana Alonso (kaptein) og Laurie Cunningham. Rafael García Cortés bytta med Francisco Pineda i det 87. minutt.

Finaledommaren frå Europacupen 1976, Károly Palotai frå Ungarn, dømde også 1981-finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]