Hopp til innhald

FC Inter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå FC Internazionale)
FC Inter

Fullt namnFootball Club Internazionale Milano S.p.A.
KallenamnIl Nerazurri «Svartblå»
La Beneamata «Dei bejubla»
Biscione «Den store hoggormen»
Grunnlagd9. februar 1908
HeimebaneSan Siro
(kapasitet: 80,018)
StyreleiarSteven Zhang
HovudtrenarSimone Inzaghi
LigaSerie A i fotball for menn
2023/241. plass i Serie A
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Football Club Internazionale Milano, til vanleg omtala som Inter, er ein fotballklubb frå Milano i Italia som vart skipa i 1908.[1] Klubben spelar i Serie A i fotball for menn. Noverande hovudtrenar er Cristian Chivu.

Inter spelar vanlegvis i svartblå-stripete trøyer, og vert på folkemunne ofte kalla for Nerazzurri (‘dei svartblå’). Inter er ein av dei største fotballklubbane i Italia og har vunne 19 Serie A-titlar; einast Juventus har fleire serietitlar. Inter har vunne Europacupen og Meisterligaen tre gongar og UEFA-cupen tre gongar.

Inter er den einaste klubben i det italienske seriesystemet som alltid har spela i toppdivisjonen. Klubben spelar det prestisjefylte byderbyet, det såkalla Il Derby della Madonnina ("Den vesle madonnaens derby"), mot erkerivalen AC Milan. Begge desse klubbane spelar heimekampar på San Siro, offisielt Stadio Giuseppe Meazza, kalla opp etter den legendariske spelaren Giuseppe Meazza.[2]

  1. Gifford, Clive (27 February 2024). «Inter Milan». britannica.com. Encyclopedia Britannica. Arkivert frå originalen 14 February 2024. Henta 29 February 2024. «Inter was formed in 1908 by a breakaway group of players from the Milan Cricket and Football Club (now known as AC Milan) who wanted their club to accept more foreign players»
  2. «Struttura». sansirostadium.com (på italiensk). San Siro. Arkivert frå originalen 21 February 2019. Henta 8 April 2023.