Phil Neal
![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Philip George Neal | ||
Fødd | 20. februar 1951 (72 år) | ||
Fødestad | Irchester i England | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Venstreback | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1968–1974 | Northampton Town | 187 | (28) |
1974–1985 | Liverpool | 455 | (41) |
1985–1989 | Bolton | 64 | (3) |
Totalt | 706 | (71) | |
Landslag | |||
1976–1983 | England | 50 | (5) |
Trenar for | |||
1985–1992 | Bolton | ||
1993–1995 | Coventry | ||
1996 | Cardiff | ||
1996 | Manchester City (midlertidig) | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Phil Neal, fullt namn Philip George Neal (fødd 20. februar 1951), er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå Irchester. Han var høgreback i det suksessrike Liverpool-mannskapet som i hans tid triumferte i fire europacupfinalar og vann åtte engelske ligameisterskap. Neal var den einaste spelaren som i tida 1977-85 deltok i alle Liverpool FC sine fem finalar i Europacupen for serievinnarar.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Neal fekk sin ligadebut med Northampton Town i 1969. Han spelte 4.-divisjonsfotball til han i 1974 vart overført til topplaget Liverpool FC mot 65 000 pund. Frå ligadebuten i oktober månad var han fast på backplassen i ni heile sesongar. Neal viste seg som ein flink straffeskytar og nær halvparten av dei 41 ligamåla hans kom frå straffemerket. Etter 455 ligakampar for Liverpool fekk han hausten 1985 jobb som spelande trenar i 3.-divisjonslaget Bolton Wanderers. Sidan var han aktiv spelar i Bolton til 1989 og trenar til 1992.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Neal spelte 50 landskampar for England frå mars 1976 til september 1983. Han deltok i to kampar under EM i fotball 1980 og like mange i VM i fotball 1982. Fem gongar teikna han seg på skåringslista, to av måla var straffespark.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Vinnar av Europacupen: 1977, 1978, 1981, 1984 med Liverpool
- Vinnar av UEFA-cupen: 1976 med Liverpool
- Engelsk ligameister: 1976, 1977, 1979, 1980, 1982, 1983, 1984 med Liverpool
- Vinnar av ligacupen: 1981, 1982, 1983, 1984 med Liverpool
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Phil Neal» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2019.