Europacupen i fotball 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1987 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar FC Steaua București. Turneringa var den 32. i rekka. I finalen 27. mai 1987 i Wien vann FC Porto 2-1 over Bayern München. Det var tredje gongen eit lag frå Portugal vann Europacupen i fotball, tidlegare vann Benfica i 1961 og 1962.

Europacupen 1987 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt, stod det framleis likt vart det ekstraomgangar og til sist straffespark-tevling. Turneringa tok til 17. september 1986. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1987.

Vinnarlaget frå Porto slo i turneringa ut høvesvis Rabat Ajax frå Malta, Vitkovice frå Ostrava i Tsjekkoslovakia, Brøndby IF frå København og Dynamo Kiev. Finalist Bayern München vann mot PSV Eindhoven, Austria Wien, RSC Anderlecht og Real Madrid.

Lagoppstillingane i finalen, Porto i stripete trøyer

Finalen[endre | endre wikiteksten]

57 500 tilskodarar såg finalen på Praterstadion i Wien 27. mai 1987. Bayern tok leiinga i det 25. minutt ved Ludwig Kögl. To kjappe skåringar i det 77. og 80. minutt snudde kampen og sikra siger 2-1 til Porto. Rabah Madjer utlikna og innbytar Juary Filho vart matchvinnar.

Vinnarlaget FC Porto bestod av: Józef Młynarczyk, João Pinto (kaptein), Eduardo Luís, Celso Dias, Augusto Inácio, Quim, António Sousa, António André, Jaime Magalhães, Rabah Madjer og Paulo Futre. Juary Filho spelte heile andre omgang i staden for Quim, og António Frasco tok plassen til Inácio i det 65. minutt.

Bayern München sitt mannskap var: Jean-Marie Pfaff, Helmut Winklhofer, Norbert Nachtweih, Norbert Eder, Hans Pflügler, Hansi Flick, Lothar Matthäus (kaptein), Andreas Brehme, Michael Rummenigge, Dieter Hoeneß og Ludwig Kögl. Lars Lunde kom inn på bana straks etter Porto tok leiinga, ut gjekk Flick.

Alexis Ponnet frå Belgia var kampdommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]