Hopp til innhald

Eurosona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ Eurosona. ██ EU-land som ikkje har euro.
Eurosetlar og -myntar.

Eurosona er nemninga brukt om dei 20 medlemslanda i Den europeiske unionen (EU) der euro vert brukt som valuta. Desse landa er tilslutta Den økonomiske og monetære unionen (ØMU). Den europeiske sentralbanken (ESB) er ansvarleg for pengepolitikken til eurosona.

Fellesvalutaen vart oppretta elektronisk på verdas finansmarknadar i 1999, men vart ikkje innført som fysisk betalingsmiddel før 1. januar 2002. Europeiske mikrostatar som Monaco, San Marino og Vatikanstaten har innført euro gjennom spesielle avtalar, men er formelt ikkje ein del av euroområdet ettersom dei ikkje er medlemmar av EU. Unilateralt er fellesvalutaen òg kome i bruk i Andorra, Kosovo og Montenegro.

Sidan 1999 har òg Hellas, Slovenia, Kypros, Malta, Slovakia og Estland slutta seg til Den økonomiske og monetære unionen (EMU). Alle medlemslanda av Europaunionen, bortsett frå Storbritannia og Danmark, er bundne til å innføre euro, og dermed er det venta at fleire land vil ta del i valutaunionen ettersom kvart land oppfyller konvergenskriteria for samarbeidet.

Eurosona utgjer i dag ein av verdas største økonomiar, avhengig av kor kursen står mellom den amerikanske dollaren og euroen.

Offisielle medlemsland

[endre | endre wikiteksten]
Støtta til euroen 2008: ██ >70% ██ 50–70% ██ 30–50% ██ <30%
██ Land med euro per i dag. ██ Land med euro de facto.

Euroområdet vart danna då euroen vart skapt 1. januar 1999. Valutaen vart fyrst innført elektronisk og berre i dei 11 av EU sine då 15 medlemsstatar som oppfylte dei såkalla konvergenskriteria.

Hellas, som var ein av dei EU-statane som fyrst ikkje kvalifiserte seg til eurosona, slutta seg til området 1. januar 2001, ettersom landet då oppfylte konvergenskriteria.

Eitt år seinare, 1. januar 2002, vart euroen innført som fysisk valuta; det var no mogleg å handle med eurosetlar og euromyntar. Overgangen innebar at over 300 millionar personar på ein og same tid bytta valuta. Det var no eksempelvis mogleg for ein tyskar å handle i ein fransk forretning utan å måtte veksle valuta.

Sjølv om eurosona allereie i dag omfattar mange EU-medlemsstatar i tillegg til fleire andre land og territorium, så ventar fortsatt mange land på å få slutte seg til valutaunionen. I fylgje Maastricht-traktaten må nemleg alle medlemslanda, bortsett frå Danmark og Storbritannia som begge har unntak frå pålegget, innføre euroen som valuta så snart dei oppfyller konvergenskriteria. Dette gjorde Slovenia, som fyrste land etter dei opphavlege 12 eurolanda, i 2006, og kunne såleis innføre euroen som valuta 1. januar 2007. Kypros og Malta gjekk over til euroen 1. januar 2008. Slovakia innførte euroen 1. januar 2009 etter ei avgjerd fatta av finansministrane i euroområdet den 8. juli 2008.

Europakommisjonens konvergensrapport frå 2008 slo fast at Slovakia oppfylte konvergenskriteria, og 3. juni 2008 gav finansministrane i EU landet klarsignal om å innføre euroen frå 2009. 8. juni 2010 gav finansministrane i EU klarsignal til at Estland kunne innføre euro frå 1. januar 2011.

LandFolketalAreal (km²)KodeTidlegare valutaVekslings­kurs Bunden sidanInnfø­ring av euroBudsjett­balanse (%)Stats­gjeld (%)
 Austerrike 8 192 88083 858 ATSAusterriksk schilling 13,760331. desember 19981. januar 1999 –0,559,1
 Belgia 10 584 53430 528 BEFBelgisk franc 40,339931. desember 19981. januar 1999 –0,284,9
 Estland 1 324 33345 226 EEKEstlandsk krone 15,646628. juni 20041. januar 2011 +2,83,4
 Finland 5 301 992338 145 FIMFinske mark 5,9457331. desember 19981. januar 1999 +5,335,4
 Frankrike 61 538 322551 695 FRFFranske franc 6,55957031. desember 19981. januar 1999 –2,764,2
 Hellas 10 964 021131 940 GRDGreske drakmer 340,75019. juni 20001. januar 2001 –2,894,5
 Irland 4 062 23570 273 IEPIrske pund 0,78756431. desember 19981. januar 1999 +0,325,4
 Italia 58 133 509301 230 ITLItalienske lire 1936,2731. desember 19981. januar 1999 –1,9104,0
 Kroatia 4 284 88956 594 HRKKroatiske kuna 7,5345012. juli 20071. januar 2023
 Kypros 784 3019 250 CYPKypriotiske pund 0,58527410. juli 20071. januar 2008 +3,359,8
 Luxembourg 465 0002 586 LUFLuxembourgsk franc 40,339931. desember 19981. januar 1999 +2,96,8
 Malta 400 214316 MTLMaltesisk lire 0,42930010. juli 20071. januar 2008 –1,862,6
 Nederland 16 491 46141 526 NLGNederlandske gylden 2,2037131. desember 19981. januar 1999 +0,445,4
 Portugal 10 605 87092 391 PTEPortugisisk escudo 200,48231. desember 19981. januar 1999 –2,663,6
 Slovakia 5 439 44848 845 SKKSlovakisk koruna 30,12608. juli 20081. januar 2009 –2,229,4
 Slovenia 2 010 34720 273 SITSlovensk tolar 239,64011. juli 20061. januar 2007 –0,124,1
 Spania 45 120 000504 782 ESPSpansk peseta 166,38631. desember 19981. januar 1999 +2,236,2
 Tyskland 82 422 299356 974 DEMTyske mark 1,9558331. desember 19981. januar 1999 ±0,065,0
Flagget til EU Eurosona 323 840 7662 629 838 EUREuropeisk euro1,000000 31. desember 19981. januar 1999