Fjellvåk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellvåk
Fjellvåk
Fjellvåk
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiingskart, grønt: hekkingsområde, blått: overvintringsområde
Utbreiingskart, grønt: hekkingsområde, blått: overvintringsområde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Buteo
Art: Fjellvåk B. lagopus
Vitskapleg namn
Buteo lagopus

Fjellvåk (Buteo lagopus), òg kjent under mange ulike lokale nemningar som sjovåk, snjovåk, skyvåk, skittvåk, sjøvåk, sjøvåkørn, sjuvalk, kvinhauk og fjellglea,[1] er ein mellomstor rovfugl av haukefamilien som lever i arktiske og subarktiske regionar i Nord-Amerika og Eurasia i hekkesesongen og trekker sørover om vinteren. Det finst fire underartar, den nordamerikanske underarten har ein lys og ein mørk variant av fjørdrakta,[2][note 1] i Europa er mest alle fjellvåkar av lys morf.[3][note 2]

Eit kjenneteikn for fjellvåken er flukt med på breie venger, langsame vengeslag og han «stiller» relativt ofte i lufta. Han har ein kjenneleg lys eller kvit hale, generelt med eit mørkt endeband, vengene har lys underside med mørk flekk under vengeknoken, samt fjørkledde bein, det siste kan observerast om ein er nær. Det vitskaplege namnet lagopus tyder 'harefot', avleidd frå gammalgresk lago (λαγως), som tyder 'hare', og pous (πους), 'føter'.[4]

Norsk Ornitologisk Forening har vald fjellvåk til «Årets Fugl» 2014.[5]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjellvåkegg

Dette ein stor våk med kroppslengd på 49-59 cm og vengespenn som kan variere mellom 125 og 148 cm.[3] Einskildindivid kan vege frå 600 til 1660 gram, hoene er vanlegvis både større og tyngre enn hannar.[1] Fjørdrakta hos denne arten varierer mykje, drakter åt hannar skil seg frå hoer og vaksne frå ungfuglar, og i Nord-Amerika finst mørke morfar i tillegg til dei lyse. Typisk er drakta for det meste i brunt, men viser ofte ei høg grad av lys spragling, ungfuglar er lysare enn vaksne og hannar mørkare enn hoer.[6] Vaksne fuglar har eit mørkt band langs bakkanten av vengene i tillegg til det mørke halebandet. Vaksne hannfuglar kan òg ha fleire og varierande tal av smale tverrband på halen. Oversida er generelt mørkare enn undersida. Ungfuglar har lysaste underside, nett som hoer nesten kvitaktig underside med ein mørk bukflekk. Fjellvåken kjennast vanlegvis lett i flukt med den lyse undersida på vengene med mørke knokkelflekkar, men nokre hannar kan ha så mørk underside at både knokflekkene og den mørke bukflekken er lite synlege.[6] Fjør på føtene er ei tilpassing til livet i det arktiske leveområdet. Klørne er relativt små, og det reflekterer val av byttedyr som ofte er smågnagarar.

Fuglearten har eit kjenneleg skrik «piijæh».

Leveområde og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dette er det einaste medlemmen av den mangfaldige Buteo-slekta som finst på begge dei nordlege kontinenta og som har ei komplett sirkumpolar utbreiing. Fjellvåken hekkar på tundraen og i taigaen i Nord-Amerika og Eurasia. Føretrekte habitat er først og fremst opne landskap, myrområde og skogsområde med opningar.[6] Fjellvåkar i Nord-Amerika trekker til det sentrale USA om vinteren, medan dei eurasiske individa migrerer til sentrale og sørlege Europa og sentrale Asia. Hekkeområdet i Noreg er høglandet generelt, men han kan hekke i låglandet og i kystområde frå Trøndelag og nordover.[5] I gode smågnagarår òg ned til skogsområde i Sør-Noreg.[1] Trekkruter til og frå Noreg er lite kjente, trekket går sør og søraust, somme fjellvåkar kan overvintre i sørlege Fennoskandia. Bestanden varierer med tilgang på smågnagarar og med toppar i lemenår.

Forvekslingsart[endre | endre wikiteksten]

Somme tider kan ein forveksle fjellvåk med musvåk som har eit liknande, men kortare skrik. Vengeprofilen i glideflukt minner mykje om ørner, med lange og breie vengeflater, og det kan skje forveksling med den mykje større kongeørna. Våken kan stoppe opp og stille, noko ørna ikkje kan.

Status[endre | endre wikiteksten]

Arten var rekna som nær truga på norsk raudliste 2006,[7] men ikkje truga i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Norges dyr, Fuglene 1, artikkel om fjellvåk
  2. Cade, Tom J. (1955). «Variation of the Common Rough-Legged Hawk in North America» (PDF). The Condor 57 (6): 313–346. JSTOR 1364791. doi:10.2307/1364791. 
  3. 3,0 3,1 Svensson et al (2011)
  4. Alopex lagopus, s. 5, "Remarks." Smith College, Northampton, Massachusetts. Henta 19. juli 2014.
  5. 5,0 5,1 Øien og Aarva, Vår Fuglefauna 37 (2014) nr 1
  6. 6,0 6,1 6,2 Fonstad et al i Aschehougs fuglebok, 2008
  7. «Norsk rødliste 2006». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 13. juli 2014. 
Notar
  1. Denne artikkelen skildrar underarten av fjellvåk i Europa, slik han blir observert i biotopane i Noreg og i Europa elles
  2. Det finst fjellvåk i Europa av mørk morf, men dei er mykje skjeldne. Svensson et al (2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]