Fyrstestaten Sirmur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyrstestaten Sirmur
Fyrstestat
Slutten av 1000-talet–1948

Våpenet til {{{kortnamn}}}

Våpen

Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Plasseringa til {{{kortnamn}}}
India i kolonitida: Britisk India i rødt, fyrstestatene i gult.
Hovudstad Ikkje spesifisert
Religion Hinduisme (95 %)
Styreform Monarki
Historisk periode Mogulriket
India i kolonitida
 - Oppretta Slutten av 1000-talet
 - Opphøyrde 1948
Areal
 - 1911 3 103 km²
Innbyggjarar
 - 1911 est. 138 523 
     Folketettleik 44,6 /km² 
I dag ein del av Delstaten Himachal Pradesh i India

Sirmur eller Sirmoor er ein tidlegare fyrstestat i det som no er delstaten Himachal Pradesh i India. Staten eksisterte fram til 1948, då han blei innlemma i den nye sjølvstendige staten India. I 1901 hadde han eit areal på 3 103 km² og ein folkesetnad på 135 626.[1] Nahan var hovudstad, og staten blir av og til også kalla dette.

Geografi og samfunn[endre | endre wikiteksten]

Sirmur var den største av Simla Hill States nord i Panjab.Han grensa til fyrstestatane Balsan og Jubbal i nord, Patiala og Keonthal i vest, Kalsia og distriktet Ambala i sør og distriktet Dehra Dun i United Provinces i aust.

Det meste av landet var fjellrikt, med unntak av dalen Kirda Dun i sørvest. Det høgaste fjellet hadde ei høgd på 3652 meter. Giri og Taus var dei viktigaste elvene i staten. I Giri var det godt fiske. I dallandet bleidet drive landbruk. Avlingane bestod av kveite, kikerter, ris, mais, sukkerrøyr, ingefær og gurkemeie. I fjellområda blei det òg dyrka tobakk og valmue. Det var òg husdyrhald og det blei drive skogbruk.[2] Staten hadde overskot av landbruksprodukt og kunne eksportera kveite, mais og kikerter. Det blei òg utført tømmer. I 1867 etablerte staten ei smeltehytte, men denne var ikkje lønsam og blei omdanna til ei verksemd som foredla sukkerrøyr.

Hovudstaden Nahan var største by. I tillegg fanst det 973 landsbyar (1901). Folketalet auka frå 112 371 i 1881, over 124 134 i 1891 og 135 626 i 1901, til 138 523 i 1911.[3] Folkesetnaden var for det meste hinduar. Over 95 % av folket tilhøyrde hinduismen.[4] I 1901 kunne 4,3% av folkesetnaden lesa og skriva.[5] Tidleg på 1900-talet hadde staten ti skular.

Politikk og forvalting[endre | endre wikiteksten]

Herskarhuset Prakash etablerte seg i området på 1100-talet.[6] I 1621 blei hovudstaden flytta til Nahan, der fyrstefamilien hadde ei av dei viktigaste borgene sine. Sirmur var alliert med Mogulriket, og Prakashdynastiet blei løna med land for dette. Det var hyppig i krig med staten Garhwal. Først på 1800-talet allierte Sirmur seg med gurkhaene, og var ei tid dominert av dei. Dette blei det slutt med då Storbritannia og Nepal i 1815 underteikna ei fredsavtale. Etter dette kom Sirmur under britisk overhøgd.

Sirmur gav militær støtte til britane i den første britisk-afghanske krigen og i krigen mot Sikhriket i 1845. I det indiske opprøret i 1857 støtta Sirmur også britane. Under raja Shamsher Prakash (1856–1898) blei staten modernisert.[7] Ordninga med begar, ei form for tvangsarbeid, blei avskaffa, det blei bygd vegar og skipa eit post- og telegrafvesen. Raja Surendra Bikram Prakash var medlem av Det lovgjevande rådet under generalguvernøren i Britisk India. Maharajaen av Sirmur fekk direkte representasjon i Fyrstekammeret då dette blei oppretta i 1921.[8]

Sirmur var inndelt i fire administrative einingar, kvar kalla tahsil. Desse heitte Nahan, Pachhad, Paonta og Rainka.

I 1889 blei Sirmur Sappers and Miners etablert for teneste i Imperial Service Troops.

Herskarar[endre | endre wikiteksten]

Herskarane var radjputar og hinduar. Slekta hevda å stamma frå Jaisalmer i Rajasthan.[9] Herskarane bar først tittelen raja, men frå 1918 var tittelen opphøgd til maharaja.[10] Fyrsten hadde rett til ein salutt på elleve skot.

Herskarane av Sirmur var:[11]

  • Bije Prakash 1721–1736
  • Pratit Prakash 1736–1754
  • Kirat Prakash 1754–1770
  • Jagat Prakash 1770–1789
  • Da'arm Prakash 1789–1793
  • Karam Prakash 1793–1815
  • Fateh Prakash 1815–1850
  • Raghbir Prakash 1850–1856
  • Shamsher Prakash 1856–1898
  • Surendra Bikram Prakash 1898–1911
  • Amar Prakash 1911–1933
  • Rajendra Prakash 1933–1948

Seinare skjebne[endre | endre wikiteksten]

Etter at India fekk sjølvstende i 1947 blei Sirmur den 15. april 1948 slått saman med nabostatane til Himachal Pradesh.[12] I denne delstaten finst distriktet Sirmaur, som òg har byen Nahan som administrasjonsstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sirmur», Imperial Gazetteer of India, bind 23, Oxford, Clarendon Press, 1908, s. 24.
  2. Imperial Gazetteer of India, bind 23, 1908, s. 25.
  3. Opplysninger fra Imperial Gazetteer of India, bind 23, 1908, s. 24, bortsett fra for 1911 der kilden er Somerset Playne: Indian States. A Biographical, Historical, and Administrative Survey, opprinnelig utgitt i London 1922, nytt opptrykk New Delhi: Asian Educational Services, 2006, s. 635.
  4. Imperial Gazetteer of India, bind 23, 1908, s. 24.
  5. Imperial Gazetteer of India, bind 23, 1908, s. 28.
  6. Mark Brentnall: The Princely and Noble Families of the Former Indian Empire. Volume One: Himachal Pradesh, New Delhi: Indus Publishing, 2004, s. 22.
  7. Playne, s. 638.
  8. R.P. Bhargava: The Chamber of Princes, New Delhi: Northern Book Centre, 1991 (gjenutgjeving av doktorgradsavhandling frå 1943), s. 60.
  9. Playne, s. 635.
  10. Brentnall, s. 48, Playne, s. 644.
  11. Brentnall, s. 26–49. Opplysingar om fyrsterekka varierer mellom kjeldene. Denne følgjer Brentnall, som baserer seg på fyrsterekken slik fyrstefamilien sjølv oppgjev henne. Namneformene er også slik dei står i Brentnall. Kronologien er frå og med Pratit Prakash (1736–1754), slik som i oversikta i David Henige: Princely States of India: A Guide to Chronology and Rulers, Bangkok: Orchid Press, 2004, s. 186-187. Henige har 1712 som startår for regjeringsperioden til Bije Prakash.
  12. V. P. Menon: Integration of the Indian States, ny utgåve, Hyderabad: Orient Longman, 1985, s. 297–300.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • «Sirmur», Imperial Gazetteer of India, bind 23, Oxford, 1908, s. 21–28