Galleblære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galleblære

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD005704
Galleblæra ligg like under levra og tappar galle inn i tolvfingertarmen via galletreet.

Galleblæra (latin: vesica biliaris eller vesica fellea) er eit lite, pæreforma organ der galle blir lagra og konsentrert før han blir sleppt ut i tynntarmen.[1] Menneske kan leve utan galleblæra.[1] Kirurgisk fjerning av galleblæra blir kalla kolecystektomi.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga av galleblæra.

Galleblæra er eit holorgan som ligg rett under den høgre lappen (lobus dexter) av levra.[2][3] Hjå vaksne målar ho om lag 8 centimeter i lengd og 4 centimeter i breidde når ho er heilt oppblåst.[4] Den rommar om lag 30–100 ml.[1][5]:298

Galleblæra er forma som ein avsmalna sekk, der den opne enden leiar inn galletreet og galleblæregangen. Galleblæra kan delast inn i tre anatomiske delar: fundus, corpus og collum.[6][7] Fundus er rund og vendt mot framsida av kroppen.[7] Corpus (kroppen) er i kontakt med levra, og ligg i ein fossa på den nedre bakflata av levra.[7] Collum (nakken) er avsmalna og kontinuerleg med galleblæregangen, som er ein del av galletreet. Galleblæregangen sameinar med hovudgallegangen for å danne den store gallegangen. I kryssinga mellom collum og galleblæregangen finst ei utposing av galleblæreveggen som former ei slimhinnefold kjend som Hartmanns lomme, der galleblæresteinar ofte kilar seg.[6]

Vinkelen i galleblæra ligg mellom ribbeinsbogen og den laterale marginen av den rette bukmuskelen. Fundus ligg på høgd med det transpyloriske plan.

Histologi[endre | endre wikiteksten]

Mikrofotografi av normal galleblærevegg. H&E-farging.

Laga i galleblæreveggen kan sjåast under mikroskop. Overflata av den inste veggen er trekt med éinlaga søyleepitel med ein børstesaum av mikrovilli, og liknar i stor grad på dei absorberande cellene i tarmkanalen.[8][9] Under epitelet ligg eit tynt lag av laust bindevev (lamina propria), eit muskellag, perimuskulært bindevev og serosa. Galleblæra manglar lamina muscularis mucosae, til skilnad frå tarmkanelen, og muskelfibra er ikkje innretta i distinkte lag.[5] Laga i galleblæra er skildra i detalj nedanfor.[5][10]

  • Epitel er det inste laget i galleblæra og er samansett av éinlaga sylinderepitel. Under epitelvevet ligg eit lamina propria; samla er desse laga kjend som mucosa. Eit karakteristisk trekk ved galleblæra er nærværet av Rokitansky-Aschoff-sinusar, djupe utposingar av mucosa som kan strekke seg gjennom muskellaget.[11]
  • Submucosa er eit tynt lag av laust bindevev med små blodårer. Det inneheld elastinfiber, lymfekar og kjertlar (i collum) som skil ut mukus. Lymfekara i dette laget bidreg til å tappe vatn frå konsentrert galle, og slimkjertlane skapar ei overflate som beskyttar veggen i galletreet.
  • Muskellaget er samansett av glatt muskelvev. Dei islette muskelfibra har ei langsgåande, skrå og tverrgåande innretting, og er ikkje delt i ulike lag. Desse muskelfibra trekker seg saman for å fordrive galle ut av galleblæra.
  • Det perimuskulære («rundt muskelen») bindevevet er eit bindevevslag som omsluttar muskellaget.
  • Serosa er eit tjukt lag som dekker den ytre overflata av galleblæra. Det er kontinuerleg med bukhinna som dekker bukhola. Serosa inneheld blodårer og lymfekar.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Galleblæra utviklar seg frå ei endoderm utposing i det embryonale tarmrøyret.[12] I det tidlege utviklingsstadiet har menneskefosteret tre kimblad som ligg an til å verte ein embryonal plommesekk. I den andre veka av embryogenese byrjar fosteret å omringe og innkapsle denne sekken. Dei innkapsla delane av sekken dannar grunnlaget for tarmkanalen. Delar av denne fortarmen byrjar å differensiere til organa i tarmkanalen, mellom anna matrøyret, magesekken og tarmane.[12]

Magesekken ligg opphavleg langs midtlinja av fosteret. I den fjerde utviklingsveka roterar magesekken slik at sekken snur seg meir mot venstre. Denne roteringa påverkar delar av tarmrøyret nedanfor magesekken, og dannar følgelig grunnlaget for utviklinga av tolvfingertarmen. Ved sluttstadiet av den fjerde utviklingsveka oppstår ei utposing frå den høgre sida av tolvfingertarmen, diverticulum hepaticum, som utviklar seg for å verte galletreet. Like under finst ei anna utposing, diverticulum cysticum, som utviklar seg for å verte galleblæra.[12]

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudfunksjonen til galleblæra er å lagre galle. Galleblæra er del av det biliære systemet og verkar som eit reservoar for gallet som blir danna av levra. Levra dannar galle som flyt gjennom levergangane og vidare inn i galleblæra. Det ligg alltid mellom 30 og 60 milliliter med galle i galleblæra.[13]

Feitthaldig mat som kjem inn i fordøyingskanalen stimulerer utskiljinga av kolecystokinin frå celler i tolvfingertarmen og tomtarmen. I respons til kolecystokinin, byrjar galleblæra å rytmisk trekke seg saman for å frigjere galle til den store gallegangen, som seinare tappar inn i tolvfingertarmen. Gallet emulgerer feittet i delvis nedbroten mat, og bistår dimed i absorberinga. Galle er i hovudsak samansett av vatn og gallesalt, og verkar også som eit middel for å eliminere bilirubin (eit biprodukt av hemoglobinmetabolisme) frå kroppen.[13]

Galle som blir skilt ut av levra og lagra i galleblæra, er ikkje det same gallet som blir skilt ut av galleblæra. Gallet som er lagra i galleblæra blir meir konsentrert ved fjerninga av vatn og elektrolyttar. Dette skjer gjennom aktiv transport av natriumion gjennom epitelvevet i galleblæra. Dette dannar eit osmotisk trykk som medfører at vatn og andre elektrolyttar (som til dømes klorid) blir resorbert.[13]

Klinisk relevans[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Galleblæresjukdom.

Gallestein[endre | endre wikiteksten]

Fleire små gallesteinar (~6 mm) som i hovudsak er samansett av kolesterol.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Gallestein.

Gallestein (eller galleblærestein) er det vanlegaste problemet som råkar galleblæra.[14] Desse steinane blir vanlegvis forma fordi gallet metnar med kolesterol eller bilirubin. Eit mindretal av gallesteinar fører til symptom, og storparten av steinane passerer gjennom galletreet. Symptomatisk personar kan kjenne ekstrem smerte i den høgre overdelen av abdomen. Stein som blokkerer galleblæra kan føre til galleblærebetennelse. Stein som kilar seg i galletreet kan føre til gulsott, og stein som blokkerer bukspyttkjertelgangen kan føre til bukspyttkjertelbetennelse. Behandlinga består ofte av venting og observasjon, sidan steinane ofte passerer naturleg. Kirurgisk fjerning av galleblæra er eit rimeleg tiltak hjå personar som ofte får gallestein. Lækjemiddel som til dømes ursodeoksykolsyre kan brukast. Ultralyd for å bryte ned steinane kan også brukast.[15]

Betennelse[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Galleblærebetennelse.

Betennelse i galleblæra er kjend som galleblærebetennelse eller kolecystitt. Betennelsen skuldast vanlegvis at gallesteinar tettar gallegangane. Fastkilt galle hopar seg opp, og trykket på galleblæreveggen kan fører til utslepp av betennelsesskapande stoff, som til dømes fosfolipase. Det er også ein fare for bakterieinfeksjon. Galleblærebetennelse plar å føre til smerte, feber og ømheit i det øvre, høgre hjørnet av abdomen, ofte med positivt Murphys teikn. Betennelsen blir ofte behandla med kvile og antibiotika, særleg cefalosporinar, og i alvorlege tilhøve metronidazol.[15]

Galleblærebetennelse kan også vere kronisk, særleg når personen er utsett for pådregen gallestein.[15]

Galleblærepolyppar[endre | endre wikiteksten]

Galleblærepolyppar er vanlegvis godarta utvekstar eller lesjonar som dekker innsida av galleblæreveggen. Dei kan vere cancerøse, men er vanlegvis ikkje det. Om lag 95 % av galleblærepolyppar er godarta.[16]

Fjerning av galleblæra[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Kolecystektomi.

Kolecystektomi er eit kirurgisk inngrep der galleblæra blir fjerna. Dette blir stundom gjort når personar får tilbakevendande gallestein, og dette blir rekna som eit elektivt inngrep. Ein kolecystektomi kan vere eit opent inngrep, eller det kan utførast med laparoskopi (kikholsoperasjon). I dette inngrepet fjernar ein delen av galleblæra som strekker seg frå collum og fundus,[17] slik at galle blir tappa direkte frå levra til galletreet. Om lag 30 % av pasientar slit med fordøyingsproblem etter inngrepet, men alvorlege komplikasjonar er svært sjeldne.[15]

Samfunn og kultur[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket «å spy edder og galle» spelar på at galle er ei bitter væske. Å ha 'galle' er assosiert med ei dristig framferd eller bitter åtferd.[18]

I det kinesiske språket er galleblæra (膽) assosiert med mot og mange andre tilknytte idiom. Døme på dette er uttrykket «ein kropp full [av] galle» (渾身是膽), som skildrar ein modig person, og «einskild galleblærehelt» (孤膽英雄) som skildrar ein einsleg helt.[19]

I zangfu-teorien i kinesisk medisin deltek galleblæra i fordøying, men er er også knytt tuk avgjersle.[19]

Andre dyr[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste ryggradsdyr har galleblære, til skilnad frå ryggradslause dyr. Forma på galleblæra og plasseringa av gallegangane varierer likevel monaleg. I mange artar går det fleire gangar til tarmkanalen, til skilnad frå ein hovudgallegang som ein finn hjå menneske. Mange pattedyrartar, medrekna hestar, hjortedyr, rotter, nokre lamadyr[20] og fleire fugleartar, manglar galleblære. Det same gjer niauge.[21]

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Holck, Per (13. februar 2009). «galleblære». Store medisinske leksikon. Henta 23. mars 2015. 
  2. Holck, Per (20. januar 2015). «lever». Store medisinske leksikon. Henta 23. mars 2015. «I høyre nedre del [av leveren] ligger galleblæren med forbindelse til leverporten.» 
  3. «Where is the Gallbladder Located in the Body». Buzzle.com. 28. februar 2013. Henta 18. august 2013. 
  4. Jon W. Meilstrup (1994). Imaging Atlas of the Normal Gallbladder and Its Variants. Boca Raton: CRC Press. s. 4. ISBN 0-8493-4788-2. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Deakin, Barbara Young ... [et al.] ; drawings by Philip J. (2006). Wheater's functional histology: a text and colour atlas (5. utg.). Edinburgh: Churchill Livingstone/Elsevier. s. 298. ISBN 978-0-443-06850-8. 
  6. 6,0 6,1 Salvesen Haldorsen, Ingfrid. «Galleveier / galleblære» (PDF). Haukeland Universitetssykehus. Arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2015. Henta 23. mars 2015. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Drake, Richard L.; Vogl, Wayne; Tibbitts, Adam W.M. Mitchell; illustrations by Richard; Richardson, Paul (2005). Gray's anatomy for students. Philadelphia: Elsevier/Churchill Livingstone. s. 287. ISBN 978-0-8089-2306-0. 
  8. «Gall bladder». SIU School of Medicine. Henta 15. april 2014. 
  9. Zaki, Mohamed; Al-Refeidi, Abdullah (2009). «Histological Changes in the Human Gallbladder Epithelium associated with Gallstones». OMJ 24: 269–273. 
  10. «Staging of Gallbladder Cancer». 
  11. Ross, M.; Pawlina (2011). Histology: A Text and Atlas (6. utg.). Lippincott Williams & Wilkins. s. 646. ISBN 978-0-7817-7200-6. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Gary C. Schoenwolf (2009). Larsen's human embryology (4. utg.). Philadelphia: Churchill Livingstone/Elsevier. s. "Development of the Gastrointestinal Tract". ISBN 9780443068119. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Arthur C. Guyton; John E. (2005). Textbook of medical physiology (11. utg.). Philadelphia: W.B. Saunders. s. 802–804. ISBN 978-0-7216-0240-0. 
  14. Rodriguez, D. (2010). What Is the Gallbladder?. Everyday Health. Vitja 23. mars 2015.
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Britton (2010). Nicki R. Colledge; Brian R. Walker; Stuart H. Ralston, red. Davidson's principles and practice of medicine (21. utg.). Edinburgh: Churchill Livingstone/Elsevier. s. 977–979. ISBN 978-0-7020-3085-7. 
  16. F. Picco, Michael. «Gallbladder polyps: Can they be cancerous?». MayoClinic. Henta 23. mars 2015. 
  17. Neri V; Ambrosi A; Fersini A; Tartaglia N; Valentino TP (2007). «Antegrade dissection in laparoscopic cholecystectomy». JSLS : Journal of the Society of Laparoendoscopic Surgeons / Society of Laparoendoscopic Surgeons 11 (2): 225–8. 
  18. J.A. Simpson (1989). The Oxford English dictionary (2. utg.). Oxford: Clarendon Press. s. gall, bile. ISBN 9780198611868. 
  19. 19,0 19,1 Yu, Ning (1. januar 2003). «Metaphor, Body, and Culture: The Chinese Understanding of Gallbladder and Courage». Metaphor and Symbol 18 (1): 13–31. 
  20. C. Michael Hogan. 2008. Guanaco: Lama guanicoe Arkivert 2011-03-04 ved Wayback Machine. iGoTerra.com. Red. N. Strömberg]
  21. Romer, Alfred Sherwood; Parsons, Thomas S. (1977). The Vertebrate Body. Philadelphia, PA: Holt-Saunders International. s. 355. ISBN 0-03-910284-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Galleblære