Filippo Inzaghi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Filippo Inzaghi i 2011

Filippo Inzaghi (fødd 9. august 1973) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Piacenza. Han spela for klubbar som Parma FC, Atalanta, Juventus og sist AC Milan. Inzaghi vart verdsmeister med Italia i 2006, med Milan vann han Meisterligaen i 2003 og 2007, dessutan vann han to Serie A-meisterskap, med høvesvis Juventus og Milan, samt eit nasjonalt cupgull med Milan. Også den yngre broren Simone Inzaghi var fotballspelar på toppnivå.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Den seinare midtspissen Inzaghi debuterte i Serie B for den lokale klubben Piacenza Calcio utan å slå til. Sesongen 1992/93 spela han for Serie C-klubben Albinoleffe der han noterte seg for tretten nettkjenningar på 21 kampar. Etter korte opphald i Verona og deretter Piacenza debuterte han i sesongen 1995/96 for Parma i Serie A og skåra to mål på 15 kampar.

Inzaghi slo gjennom som toppspiss i 1996/97-sesongen, då han i sitt andre år i Serie A skåra 24 mål på 33 kampar for Atalanta frå Bergamo og vart skyttarkonge i serien. I 1997 gjekk han til Juventus, der han i løpet av fire sesongar presterte på eit høgt nivå og spela seg inn på det italienske landslaget. Han vart seriemeister med Juventus i 1998, då han danna ein sterk offensiv trio i lag med Alessandro Del Piero og Zinedine Zidane.

I 2001 vart Inzaghi overført til AC Milan og opplevde å vinne Meisterligaen både i 2003 og i 2007. Den 23. mai 2007 opplevde Inzaghi sitt personlege høgdepunkt då han skåra Milans begge mål i meisterliga-finalen mot Liverpool FC og vart matchvinnar. Han var elles med på å verte italiensk cupmeister med Milan i 2003, og å vinne den italienske seriemeisterskapen i 2004. Han spela eit fåtal kampar for Milan også då klubben vann Serie-A i 2011.

Inzaghi la opp som fotballspelar då kontrakten med Milano-klubben gjekk ut i 2012. Sidan har han arbeidd som fotballtrenar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Inzaghi debuterte på landslaget 8. juni i ein vennskapskamp mot Brasil. Han spela for Italia under VM 1998 og VM 2002, og var også med i troppa til VM 2006 i Tyskland der han skåra eitt mål, men fekk lite speletid. Under fotball-EM 2000 skåra han to mål for Italia, men kom ikkje på bana i finalen mot Frankrike, ein kamp som enda med fransk siger etter ekstraomgangar.

Vel ti år etter han fekk sin landslagsdebut spela Inzaghi sin 57. og siste landskamp for Italia mot Frankrike på heimebana i Milano. Kvalifiseringskampen til EM 2008 enda 0-0. Han stoppa då på 25 landslagsmål for Italia, berre fem italienske landslagsspelarar har netta fleire gongar for Italia pr 2014.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv 2000 for Italia
  • VM-gull 2006 for Italia
  • Vinnar av Meisterligaen 2003 og 2007 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1998 med Juventus
  • Italiensk seriemeister 2004 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister 2003 med AC Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]