Luca Toni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luca Toni


Statsborgarskap Italia
Fødd 26. mai 1977 (46 år)
Pavullo nel Frignano
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, FIFA Confederations Cup 2009, EM i fotball 2008

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste, offiser av Republikken Italias fortjenstorden, Gullstøvelen

Luca Toni

Luca Toni (fødd 26. mai 1977 i Pavullo nel Frignano i Modena) er ein italiensk fotballspelar, som vart verdsmeister med Italia i 2006. Frå 2012 spelte han spiss for klubben Al Nasr i Saudi-Arabia.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Toni debuterte som 17-åring for Modena på nivå tre i italiensk fotball. 1996/97-sesongen prøvde han seg i Empoli, men fekk berre tre kampar. Dei to neste sesongane spela han på nivå tre att. I Fiorenzula utmerka han seg ikkje, derimot skåra han 15 seriemål for Lodigiani i 1998/99-sesongen. Dermed fekk han kontrakt med Serie B-klubben Treviso, for denne skåra han 15 gongar på 35 kampar i 1999/2000-sesongen.

Sommaren 2000 vart Toni overført til Vicenza og fekk dermed sin debut i Serie A. Etter ein sesong i Vicenza gjekk ferda vidare til Brescia, der han spela i to sesongar, saman med mellom andre Roberto Baggio.

Sommaren 2003 gjekk Toni til Palermo. Klubben vann den komande sesongen Serie B, mykje takk vere Toni sine mange nettkjenningar, til saman skåra han tretti mål i løpet av sesongen. Sesongen etter scora Toni tjue mål for klubben i Serie A. I juli 2005 vart han overført til Fiorentina for 10 millionar euro. I sin fyrste sesong for klubben frå Firenze vart han toppskårar i Serie A med 31 mål. Då var det gått nesten 50 år sidan ein spelar skåra meir enn 30 mål i Serie A i ein og same sesong. For denne bragda tildelte UEFA Toni Gullstøvelen for 2005/06.

Sommaren 2007 reiste Toni frå Italia for å spele for Bayern München. Her opplevde han å verte både tysk serievinnar og cupmeister i sin fyrste sesong. Hausten 2009 sleit han med å få speletid i Bayern, så frå nyår 2010 og ut sesongen spela han for AS Roma. Sommaren 2010 byrja han å spele for Genoa og skåra tre mål på 16 kampar, før han gjekk vidare til Juventus i januar 2011. Toni var knytt til Juventus til vinterpausen 2012 i italiensk fotball, han gjekk då vidare til den saudiske klubben Al Nasr.

Landslagspel[endre | endre wikiteksten]

Toni debuterte for Italia 18. august 2004 mot Island, og spela også 4. september mot Noreg. Italia vann kampen 2–1 og Toni skåra sigersmålet. Den 7. september 2005 skåra han hattrick då Kviterussland vart slått 4-1.

Toni var ein sentral spelar på Italia sitt lag som vart verdsmeister under VM 2006 i Tyskland. Han spela seks av dei sju kampane i turneringa, og kom med på allstar-laget. Mellom anna skåra han to mål i kvartfinalen mot Ukraina. Også i EM i fotball 2008 var han med i den italienske landslagstroppen, men spela ein einaste kamp i meisterskapen.

Toni spela sin siste landskamp i juni 2009. Han fekk 47 landskampar for Italia og skåra 16 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Verdsmeister for Italia
  • 2008: Tysk seriemeister med Bayern München
  • 2008: Tysk cupmeister med Bayern München

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Luca ToniFIFA sin offisielle nettstad