Got My Mojo Working

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Got My Mo-Jo Working
Singel av Ann Cole and the Suburbans
B-side

«I've Got a Little Boy»

Utgjeve April 1957
Innspelt 1956
Sjanger Blues
Lengd 2:37
Selskap Baton 237
Låtskrivar(ar) Preston Foster

«Got My Mojo Working» er ein bluessong skriven av Preston «Red» Foster og først spelt inn av Ann Cole i 1956. Muddy Waters gjorde songen populær i 1957 og han har heldt fram å spele songen gjennom heile karrieren sin. Ein mojo er ein amulett eller ein talisman knytt til hoodoo, eit tidleg afroamerikansk trusretning. Rolling Stone hadde Waters i utgåve av songen med på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene, på 359. plass.[1] I 1999 gav National Academy of Recording Arts and Sciences songen ein Grammy Hall of Fame Award[2] og han er med på lista deira «Songs of the Century».

Opphavet til songen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Preston «Red» Foster, ein afroamerikansk musikar som ikkje var i slekt med skodespelaren med same namn. Musikkforleggjaren og direktøren Sol Rabinowitz skildra Foster som «ein av dei mest sjenerte personane eg nokon gong har møtt»,[3] og ein dommar tidleg i 1970-åra skildra han som «ein svart mann, kring 40 år gammal, med bleika blondt hår og særs mod-aktige klede som sat roleg i rettssalen...».[4]

I følgje Rabinowitz kom Foster til han midt i 1950-åra med fleire songar. Rabinowitz sa:

Eg forstod at han kunne skrive tekstar, og følte at han kunne skape noko som var verdt det. Ein dag kom han inn med Mo Jo. Eg planla ei innspeling med Ann Cole, og songen verka perfekt for ho. Ho elska han og lærte seg songen på ein time. Me spelte inn songen nokre dagar seinare.... Ho var booka for ein turne gjennom Sørstatane som oppvarming for Muddy Waters. Ho framførte songen med bandet hans som akkompagnement. Eg fekk sett showet på ein klubb... og høyrte ho syngje Mo Jo i showet. Eg bad ho om å ikkje syngje uutgjevne songar på scenen, for at andre ikkje skulle snappe dei opp. Ann Cole ignorerte meg og song Mo Jo over heile Sørstatane med bandet til Muddy. Ha drog attende til Chicago etter turneen og fortalte Leonard Chess i Chess Records at han hadde skrive ein ny song han ønskte å spele inn. Songen vart spelt inn og gjeven ut same veka som Ann Cole sin versjon... Eg ringde [Leonard Chess] for å fortelje han at han hadde spelt inn ein song som var publisert av selskapet mitt og at han skulda hos honorar av salet til innspelinga til Muddy. Han signerte ein avtale om å betale sos for songen og eg trudde problemet var ute av verda. I løpet av åra har me vore i rettssalen på grunn av denne songen, men i dag er det stadfesta ein gong for alle at songen er skriven av Preston Foster.[5]

I følgje Rabinowitz skal honorara for songen ha vore mellom 20 000 og 30 000 amerikanske dollar i 2000-åra. Han sa «Ein gong i halvåret sender eg ein sjekk til Preston... Han livnærer seg i praksis av denne songen».[3]

Muddy Waters-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Got My Mojo Working
Singel av Muddy Waters
B-side

Rock Me

Utgjeve 1957
Innspelt 1. desember 1956
Sjanger Blues
Lengd 2:50
Selskap Chess 1652
Låtskrivar(ar) Omstridt, sjå teksten
Produsent Leonard Chess, Phil Chess

Muddy Waters-songen «Louisiana Blues» frå 1950 inneheld ein referanse om å få tak i ein mojo: «I'm goin' down in New Orleans, get me a mojo hand, I'm 'on show all you good lookin' women, yes how to treat your love». Den populære songen hans frå 1954, «Hoochie Coochie Man», skriven av Willie Dixon, nemner òg ein mojo. I følgje Waters

« Når du skriv dei songane som kjem der langt sørfrå [Mississippi Delta], så kan du ikkje utelate noko om den mojo-greia. Fordi dette er de svarte folk verkeleg trudde på, på den tida...sjølv i dag [ca. 1980], når du spelar den gamle bluesen som eg gjer, så kan du ikkje kome utanom det.[6] »

Waters spelte inn songen 1. desember 1956, for Chess Records i Chicago.[7] James Cotton var med på innspelinga, ei av dei aller første innspelingane hans, då han erstatta Little Walter som munnspelspelaren til Waters.[7] Otis Spann spelte piano, Jimmy Rogers spelte gitar, Dixon eller Andrew Stephen var på bass og Francis Clay spelte trommer.[7]

AllMusic-skribenten Matthew Greenwald skriv om innverknaden til songen: «Ein solid jump blues-rytme og temp driv songen, medan ein grunnleggande 1/4/5-akkordprogresjon definerer melodien. Møtet mellom desse to stilane er grunnlaget for rock & roll og gjer songen til ein av dei mest innverknadsrike.»[8]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt spelt inn av mange artistar, som :


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone (9. desember 2004). «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (963). Arkivert frå originalen 26. august 2011. Henta 23. februar 2017. 
  2. «Grammy Hall of Fame Awards – Past Recipients». The Recording Academy. 1999. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 23. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 Dear Rich, «How Copyright Got its Mojo», 11 June 2010. Henta 23. februar 2017
  4. «Strachborneo v. Arc Music». USC Gould School of Law. 2012. Arkivert frå originalen 24. mai 2017. Henta 23. februar 2017. 
  5. Sol Rabinowitz on Mojo, http://rec.music.rock-pop-r-b.1950s.narkive.com/ Arkivert 2016-10-06 ved Wayback Machine.. Henta 23. februar 2017
  6. Palmer, Robert (1981). Deep Blues. Penguin Books. s. 97–98. ISBN 0-14006-223-8. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Palmer, Robert (1989). Muddy Waters: Chess Box (Box set booklet). Muddy Waters. Chess/MCA Records. s. 28. OCLC 154264537. CHD3-80002. 
  8. Greenwald, Matthew. «Muddy Waters: I've Got My Mojo Working – Song Review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 23. februar 2017. 
  9. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 19. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]