Graveugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Graveugle

Status i verda: LC Livskraftig

Graveugle i FloridaFoto: Wikimedia-brukar Dori
Graveugle i Florida
Foto: Wikimedia-brukar Dori
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Athene
Art: A. cunicularia
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Athene cunicularia

Graveugle (Athene cunicularia) er ei lita, langbeint ugle som lever i opne landskap i både Nord- og Sør-Amerika. Artsnamnet kjem av vanen dei har med å hekka i hòler i bakken. Hòlene grev dei ut sjølve eller brukar dei opp att etter pattedyr. I motsetnad til dei fleste andre ugler er gravugler ofte dagaktive, men driv mesteparten av jakta frå solnedgang til soloppgang, når dei kan bruka nattsyn og høyrsel til sin føremon. Føda dei tek er leddyr og små virveldyr, av det mest pattedyr. Graveugler liknar kyrkjeugle i «den gamle verda», men har lengre bein. Det finst skildra heile 22 underartar av graveugle. Fuglane er tolerante for uro frå menneske og er ofte sette.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Graveugla er ei lita ugle med stor variasjon i kroppslengd, frå 19 til 26 centimeter, og med kroppsvekt i området 140 til 240 gram. Vaksne graveugler av nominatforma som lever i det sørlege Sør-Amerika, er klårt størst, elles er det lite variasjon mellom underartane. Dei har lyse augo; nebbet kan vera mørkegult eller grått avhengig av underart. Dei manglar øyreduskar og andletet verkar flatt. Uglene har framståande kvite augnebryn og ein kvit hakeflekk som dei utvidar og syner fram under visse høve, til dømes når dei er opphissa og nikkar med hovudet.

Vaksne har brunt hovud og venger med kvite flekker. Brystet og buken er kvit med variable brune flekker eller tverrstriper, det òg avhengig av underart. Juvenile ugler liknar vaksne i utsjånad, men dei manglar det meste av dei kvite flekkene på oversida og brune striper på undersida. Graveugler i alle aldrar har gråaktig bein, og beina er lengre enn hjå andre ugler.

Kjønna er like i storleik og utsjånad, men dei viser litt kjønnsdimorfisme. Hoer har ein tendens til å bli marginalt tyngre, og hannar har ein tendens til å ha lengre vengelengd, halelengd, osb. Vaksne hannar er litt «solbleikte», litt lysare i farga enn hoene fordi dei brukar meir tid utanfor hòla i dagslys.

Utbreiing og økologi[endre | endre wikiteksten]

Graveugler har utbreiing frå dei sørlege delane av dei vestlege kanadiske provinsane, gjennom mykje av det vestlege USA til det sørlege Mexico og vestlege Sentral-Amerika. Dei er òg funne i Florida og på mange karibiske øyar. I Sør-Amerika lever dei usaman-hengande i nordvest og gjennom Andes, men er jamnare utbreidde frå det sørlege Brasil og Bolivia til Patagonia og Tierra del Fuego. Graveugler kan ein sjå på grassletter, i utmark og på jordbruksområde, i ørkenar eller andre opne, tørre område med låg vegetasjon.[1] Dei kan leva frå havnivå og opp til 4500 moh. Graveugler lever året rundt i mykje av utbreiingsområdet, men fuglar som hekkar i Canada og det nordlege USA vil vanlegvis trekkja sørover til Mellom-Amerika, Mexico og det sørlegaste USA i løpet av vinter-månadene.

Den lengste levetida som er registrert for desse fuglane er 8,6 år.[2]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Virveldyra står for det meste av føda målt i masse. Dette er hovudsakleg små pattedyr, men òg i ei viss grad krypdyr og amfibium. Eit rikt utval av leddyr, ofte store insekt, dominerer målt i talet på individ dei fangar.

Graveugler kan nytta ulike fangstmetodar, dei kan sitja på ein kvileplass og flyga opp for å fanga insekt i flukt. I andre høve vil dei hoppa eller springa langs bakken for å jaga byttedyr. Det er observert at dei plasserer avføring av store planteetande pattedyr rundt utsida av hòlene sine for å tiltrekkja seg biller. På det viset kan dei få ei jamn matkjelde.[3]

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Hekkesesongen startar i slutten av mars eller april i Nord-Amerika. Graveugler er vanlegvis monogame, men stundom kan hannar ha to partnarar.[1] Uglepara vil nokre gonger hekka i lause koloniar. Typiske habitat er opne grassletter, men dei kan av og til tilpassa seg andre opne område som flyplassar, golfbaner, og jordbruksområde. Graveugler er nokså tolerante overfor nærvere av menneske, ofte hekkar dei nær vegar, gardar og bustader.

Hekkeplassen ligg i ei hòle i bakken, men om ei hòle ikkje er tilgjengeleg i habitatet, og jorda er ikkje vanskeleg, kan uglene grava ut sine eigne hòler. Graveugle kan òg hekka i grunne, underjordiske, menneskeskapte strukturar som har enkel tilgjenge til overflata.

I hekkesesongen vil gravugler samla eit breitt utval av materialar til å kle reira med, noko av det kan bli lagt att rundt inngangen til hòla. Den vanlegaste materien er pattedyrmøk, oftast frå storfe. På eit tidspunkt var det trudd at møka medverka til å maskera lukta av ungane, men somme meiner no at møka hjelper til å kontrollera mikroklimaet inni hòla og for å tiltrekkja insekt, som uglene kan eta.[3]

Hoa legg eit egg kvar dag eller annankvar dag til ho har fullført kullet, som oftast er på mellom 6 og 11 egg. Ho vil då ruga egga i tre til fire veker medan hannen bringar ho mat. Fire veker etter klekking kan ungane byrja å forlata hòla. Foreldra vil enno syta for ungane i ein til tre månader. Jamvel om dei fleste av egga i kullet blir klekte, vil vanlegvis berre fire til fem ungar overleva og forlata reiret.

Ugler i trekkjande nordlege populasjonar vil med mindre sannsyn returnera til den same hòla kvart år, og hofuglane har sterkast tendens til å spreia seg til eit nye område enn hannar.[4]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Generelt er arten i tilbakegang i Nord-Amerika, og utbreiingsområdet lengst nord krympar. Årsaker til sviktande bestandar i Nord-Amerika inkluderer menneskeleg påverknad som gjev tap av habitat, auka sårbarheit for predatorar, og frå bruk av plantevernmidlar og andre ureiningar og giftstoff. Sørover er situasjonen betre, gravugla er lokalt vanleg i Sør-Amerika, men nesten utrydda lengst sør i Tierra del Fuego.

Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro vart ei graveugle på golfbanen vist i media og omtalt som ei uro for deltakarane. Graveugle var ein av fleire dyreartar som var påverka av den nye golfbanen lagt til Marapendi naturreservat.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holt, D.W., Berkley, R., Deppe, C., Enríquez Rocha, P., Petersen, J.L., Rangel Salazar, J.L., Segars, K.P., Wood, K.L. & de Juana, E. (2016). Burrowing Owl (Athene cunicularia) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. august 2016
Referansar
  1. 1,0 1,1 Lewis, D.P. (2005). «Burrowing Owl – Athene cunicularia». Owl Species ID: 220.040.000. http://www.owlpages.com/owls.php?genus=Athene&species=cunicularia. Henta 24 April 2005. 
  2. Holt et al, Handbook of the Birds of the World Alive. 2016
  3. 3,0 3,1 Levey, D.J.; Duncan, R.S.; Levins, C.F. (2004). «Use of dung as a tool by burrowing owls» (PDF). Nature 431 (7004): 39. PMID 15343324. doi:10.1038/431039a. 
  4. Lutz, R.S.; Plumpton, D.L. (1999). «Philopatry and nest site reuse by burrowing owls: implications for productivity». Journal of Raptor Research 33 (2): 149–153. 
  5. Who-oo are you looking at? Bird nesting in a bunker on the 9th is less than impressed that golf has returned to the OWL-lympics in Rio MailOnline, artikkel frå 11. august 2016, henta den 23. august 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Graveugle