Gudrid Torbjørnsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudrid Torbjørnsdotter
Føddom lag 980 på Island
DødByggðasafn Skagfirðingar, Glaumbær
LandIsland
FarÞorbjörn Vífilsson
EktefelleThorstein Eiriksson, Torfinn Karlsevne
BarnSnorri Þorfinnsson

Gudrid Torbjørnsdotter (norrønt Guðríðr Þorbjarnardóttur, islandsk Guðríður Þorbjarnardóttir), òg kalla Gudrid den vidfarne, fødd rundt 980, var ein islandsk oppdagingsreisande i norrøn tid. Ho var ei av verdas mest vidreiste kvinner i tida rundt år 1000. Det er fortalt om Gudrid både i Soga om Eirik Raude og i Grønlendingesoga[1]. I fylgje sogene gjorde ho åtte reiser i Nord-Atlanteren. Ho var mellom anna med mannen sin på ei reise frå Grønland til Nord-Amerika, der ho fekk sonen Snorre. Den siste store reisa hennar var ei pilegrimreise, til fots gjennom Europa, til Roma.

Dei to sogene fortel i grove trekk same historia, men detaljane i sogene stemmer ikkje heilt med kvarandre. Sogene inneheld òg forteljingar om ei trollkvinne, ein «einfoting» som var svært god til å springa og fleire andre fantasifulle forteljingar. Ein kan difor ikkje ta sogene bokstaveleg, men noko av det som står i dei stemmer så nokolunde med etterprøvbare observasjonar. Denne artikkelen freistar å trekkja ut det som handlar om Gudrid, og slikt som ikkje er direkte relevant eller som opplagt er fantasi er ikkje teke med.

Oppvekst på Island[endre | endre wikiteksten]

Soga om Eirik Raude og Grønlendingesoga er samde om at Gudrid var dotter til Torbjørn Vífilson og kona hans Halveig Einarsdotter, som budde i LaugarbrekkaIsland. I fylgje soga om Eirik Raude vart Gudrid fostra hjå Orm og Halldis på Arnarstape[1]. I soga om Eirik Raude heiter det om Gudrid at ho var «ei svært vakker kvinne, myndig og ferm i all si ferd».

Ein mann som heitte Einar Torgeirson åtte skip og for mellom Island og Noreg på handel. Ein gong kom han til Orm Gudridfostre med varene sine. Medan dei dreiv og såg på varene fekk Einar sjå Gudrid som gjekk forbi. Han vart straks hugteken av henne og bad Orm tala med far hennar, for å høyra om han kunne få ho som kone. Orm var lite huga på å vera talsmann for Einar i denne saka, for han visste at både Gudrid og far hennar var ærekjære og noko store på det, og at fleire hadde fridd og fått nei. Men Einar gav seg ikkje og til slutt gjekk Orm med på å tala med Torbjørn Vífilson, noko han fekk høve til då han var i Laugarbrekka i gjestebod. Han argumenterte med at Torbjørn ville vera godt tent med mågskap med Einar. Torgeir, far til Einar, var ein frigjeven træl og Torbjørn sa at han ikkje ville gifta bort dotter si til son til ein løysing. Etter dette ville han ikkje at Gudreid skulle bu på Arnarstape lenger og let ho flytta heim til Laugarbrekka.

Familien til Gudrid flyttar til Grønland[endre | endre wikiteksten]

«Sommernat under den Grønlandske Kyst», måla av Carl Rasmussen.

I det norrøne samfunnet var ære svært viktig. Torbjørn Vífilson hadde vore ein rik mann, men då det tok til å minka på rikdomen hans tykte han det var stor skam. For å ikkje dra vanære over ætta bestemte han seg for å selja garden sin i Laugarbrekka og flytta til Grønland. Han kjøpte skip og saman med familien sin og 30 andre menn sette han kurs for Grønland. Men overfarten gjekk ikkje så bra, for då dei kom litt ut i havet vart det vindstille og skodde. Dei dreiv rundt heile sumaren utan å vita kvar dei var, og over halvparten av folket døydde. Men etter ein periode med storm og grov sjø kom dei, i fylgje soga om Eirik Raude, ut på seinhausten fram til Herjolvsnes i Austerbygda på Grønland. Der fekk dei husvære hjå ein bonde som heite Torkjell og vart verande der til vêret betra seg. Då det vart sjøvêr att segla dei til Eiriksfjorden, litt lengre nord i Austerbygda, der Eirik Raude budde på garden Brattalid. Han tok godt i mot dei, og dei vart der resten av vinteren. Om våren fekk Torbjørn land på Stokkanes og bygde seg gard der.

Eirik hadde ein son som heitte Torstein. Han vart gift med Gudrid og dei flytta til ein gard i Vestbygda som heite Lysufjord, som Torstein åtte saman med ein anna mann som òg heitte Torstein.

Ei mislukka vinlandsferd[endre | endre wikiteksten]

Seglas med vikingskip.

I Grønlendingesoga blir det fortalt om at Torstein Erikson rusta ut eit skip for å fara til Vinland for å henta liket av bror sin, som hadde døydd der. Det blir fortalt at han tok med seg Gudrid, kona si, og 25 mann og sette til havs. Men dei fekk ikkje bør og rak omkring på havet heile sumaren og viste ikkje kvar dei var. Men tidleg på vinteren fann dei vegen attende til Vestbygda på Grønland. Soga om Eirik Raude nemner ikkje denne ferda.

Gudrid blir enkje og giftar seg på nytt[endre | endre wikiteksten]

Ut på vinteren kom det pest til bygda og både Torstein, mannen til Gudrid, og Torbjørn Vivilsson, far hennar, døydde. Gudrid vart då enkje, og ho arva både mannen sin og far sin, så økonomisk sat ho ikkje dårleg i det. I norrøn tid var enkjer mykje meir sjølvstendige enn ugifte møyer og gifte kvinner; dei kunne mellom anna sjølve bestemma om og kven dei skulle gifta seg med, og dei rådde sjølve over lausøyret sitt. Grønlendingesoga nemner at Torstein bonde, namnebror til mannen til Gudrid, saman med Gudrid, for til Eiriksfjord på Island, for å jordfesta liket av mannen hennar. Gudrid budde hjå Eirik Raude i Brattalid vinteren etter og om hausten kom det handelskip til Eiriksfjord. Ein av handelsmennene, som heite Torfinn Karlsevne, fridde til Gudrid og fekk ja, og dei gifta seg midtvinters. Dei budde hjå Eirik Raude resten av vinteren[1].

Gudrid kjem til Vinland[endre | endre wikiteksten]

Vinlandsreisa til Thofinn Karlsevne, som Gudrid var med på: 1=Noreg, 2=Island, 3=Austbygda, 4=Vestbygda, 5=Helluland (Baffinøya), 6=Markland (Labrador) 7=Bjarney (Newfoundland), 8=Vinland (St. Lawrence-bukta).

Nokre år før dette hadde son til Eirik Raude, Leiv, drive av på tur frå Island til Grønlang og funne eit ukjent fruktbart land, som synte seg å vera Nord-Amerika. Han sette seg opp husvære i det nye landet, men for så attende til Eiriksfjord på Grønland. I Grønlendingesoga blir det fortalt at Leiv på heimturen fann og berga folk på eit skjer og at Gudrid og mannen hennar, som i Grønlendingesoga blir kalla Tore,[1] var mellom desse. Dette forliset kan ha skjedd då Gudrid og Torstein sigla frå Island til Grønland for å busetta seg der, men dette går ikkje klårt fram av sogene.

Det Leiv Eirikson fortalte at han hadde funne eit nytt fruktbart land i vesterhavet var det mange som tok til å tenkja på å fara til det nye landet. Gudrid og Torfinn var mellom desse og saman med fleire av venene sine rusta dei ut skip og sette kurs for det nye landet. I følgje soga om Eirik Raude var det til saman tre skip, men 160 mann og bufe[1]. I Grønlendingesoga, derimot, står det 60 menn, tre kvinner og bufe[1]. Slike avvik kjem truleg av at sogene dei fyrste hundreåra vart overleverte muntleg.

I soga om Eirik Raude blir det fortalt at dei fyrst kom til eit land med store steinheller, som dei kalla Helluland[1], som truleg var Baffinøya. Dei segla så sørover langs kysten og kom til ei skogvokse land, som dei kalla Markland, truleg Labradorkysten. I Grønlendingesoga, derimot, står det at det var Leiv Erikson som fann på desse namna, noko som er meir truleg, etter som det var han som fyrst segla forbi denne kysten.

Lengre sør kom dei, i fylgje soga om Eirik Raude, til eit nes der dei fann kjølen av eit skip; dette neset kalla dei Kjalarnes[1]. I grønnlendingesoga, derimot, vert det fortalt at dei kom ut for uver utom eit nes og at dei driv på land og braut av kjølen på skipet, og at dei vølte skipet der på neset og kalla neset for Kjalarnes. Så her samsvarar heller ikkje dei to sogene. I soga om Eirik Raude vert det fortalt at dei slo seg til for vinteren på ein plass dei kalla Straumøy – no kalla L'Anse aux Meadows – og at sonen til Gudrid og Torfinn, som fekk namnet Snorre, vart fødd der. I Grønlendingesoga blir det fortalt at dei overvintra i buene til Leiv Eirikson, som han hadde lånt dei, og at det var der Gudrid fødde Snorre.

I sogene blir det fortalt om ei oppdagingsreise lenger sørover langs kysten. Det går ikkje klårt fram at Gudrid var med på denne turen, men truleg var ho det for i soga om Eirik Raude blir det fortalt at ei anna kvinne, Frøydis Eiriksdotter, var med. Sidan Gurid var gift med Torfinn Karlsevne, som leia ekspedisjonen, var ho mest truleg med. På denne reisa fann dei ville vinrankar, som var opphavet til at det nye landet vart kalla «Vinland». Ein trur i dag at dei kunne på vore så langt sør som Massachusetts, og kanskje heilt til utløpet av Hudsonelva, der storbyen New York no ligg, men dette veit ein ikkje sikkert.

Møte med urfolk[endre | endre wikiteksten]

Begge sogene fortel om fleire møte med innfødde folkeslag, som er omtala som «skrælingar». Dette er same nemninga som vart nytta om inuittane på Grønland. Det går ikkje klårt fram av sogene kvar dei fyst møtte dei innfødde, og etter som dei kalla alle ukjende folkeslag for «skrælingar» er det heller ikkje sikker kva folk det var. Men det kan ha vore mi'kmaqfolk, som held til i området rundt New Brunswick.

Dei fyrste møta gjekk fredeleg for seg og varer vart bytta. Men då dei norrøne grønlendingane drap ein av urinnbyggarane kom det til slag. Sjølv om tapa var moderate skjøna nykomarane at dei var for få til å ta opp kampen på lengre sikt. Etter nokre år reiste dei overlevande difor attende til Grønland. I soga om Eirik Raude blir det fortalt at dei var i Vinland i tre vintrar og at Snorre var tre vintrar då dei for attende til Grønland.

Arkeologiske spor etter den norrøne busettinga i Vinland[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av norrøn busetnad ved L'Anse aux Meadows.

I 1960 for Helge Ingstad til Newfoundland, saman med dotter si, Benedicte, for å leita etter norrøne busetnadar[2]. Dei fekk hjelp av lokalbefolkninga i fiskarlandsbyen L'Anse aux Meadows, på nordspissen av Newfoundland, til å finna gamle hustufter ved sjøen, som gjekk under nemninga «den gamle indianerplassen». Desse tuftene såg ut som norrøne hustufter på Grønland, som Ingstad hadde grave ut tidlegare. Kona til Helge, som heite Anne Stine og var arkeolog, kom då over til L'Anse aux Meadows for å hjelpa til med å undersøka tuftene. Dei fann då at tuftene var av same type som andre norrøne hustufter frå rundt år 1000[2]. Radiokarbondateringar synte at hustuftene på L'Anse aux Meadows var frå perioden 980 til 1020, noko som stemmer svært godt både med soga om Eirik Raude og Grønlendingesoga. Dette er ikkje prov for at Snorre vart født på L'Anse aux Meadows, men same kvar Snorre vart fødd i det nye landet kan ein ut frå sogene tolka det slik at Gudrid kan ha vore den fyrste europeiske kvinna som fødde born i Nord-Amerika og at Snorre var det fyrste europearen som kom til der. Ekteparet Ingstad fann spor etter tre langhus, pluss nokre mindre bygningar og utgravingane synte òg at alle husa hadde vore bygd omtrent samstundes og at kulturlaga berre var nokre få år gamle. Dette stemmer òg med sogene, som fortel at grønlendingane forlet busetnaden etter nokre år. Dei fann òg ein handtein[2], som synte at det truleg hadde vore kvinner i busettinga.

Handelsreise til Noreg[endre | endre wikiteksten]

Grønlendingesoga fortel at då dei hadde vore på Grønland ei tid gjorde Torfinn og Gudrid ei handelsferd til Noreg, truleg i 1013 . Dei gjekk i land i Kaupangen i Trøndheimen og var der om vinteren. I soga om Eirik Raude heiter det at dei vart høgt akta av «dei gjevaste menn i Noreg». Om våren sette dei segl for Island og sette opp skipet i Skagafjörður. Våren etter kjøpte dei Glaumbø-landet, der dei bygde garden Glaumbæ og levde lenge i gode kår. Torfinn døydde fyrst og då tok Gudrid over styringa av garden, saman med Snorre, son sin. Ho fekk Snorre til å byggja ei kyrkje på Glaumbæ. At norrøne storfolk hadde eigne kyrkjer på gardane sine var ikkje heilt uvanleg på denne tida, etter som det symboliserte makt og rikdom.

Pilegrimsferd til Roma[endre | endre wikiteksten]

Pilegrimar, måleri av David Teniers.

Då Snorre gifta seg for Gurdrid i «suðurganga», eit omgrep som tyder at ho for på pilegrimsferd til Roma. Sogene fortel ikkje kvar ho gjekk i land etter å ha kryssa Atlanteren, men kvar det no enn var så gjekk ho nok til fots gjennom Europa, etter ei av dei vanlege pilegrimsrutene. Då ho kom attende til Island vart ho nonne, i fylgje Grønlendingesoga. Det er ikkje kjend kor gamal Gudrid vart.

Etterkomarar[endre | endre wikiteksten]

I Grønlendingesoga blir det fortalt at Gudrid og Torfinn hadde ein son som heitte Bjørn, og at han hadde ei dotter som heitte Torunn og at ho vart mor til Bjarne biskop. Soga om Eirik Raude fortel at sonen heitte Torbjørn, og at han hadde ei dotter som heitte Torunn, som vart mor til Bjarne biskop. Begge sogene fortel at Snorre, son til Gudrid, fekk ein son som heitte Torgeir, som fekk ei dotter som heitte Yngvild, som vart mor til Brand biskop. Soga om Eirik Raude fortel at Torfinn hadde ei dotter som heitte Hallfrid, som òg hadde ein biskop som etterkomar, men det blir ikkje sagt at Gudrid var mor til Hallfrid. Om det stemmer at så mange av etterkomarane vart biskopar kan det tyda på at Gudrid og Torfinn høyrde til eliten på Island. Men det kan heller ikkje utelukkast at sogeskrivarane overdreiv litt for å framstilla ætta i eit godt ljos. Dei som skreiv ned sogene, over to hundre år etter at hendingane gjekk føre seg, var ikkje faghistorikarar og i mellomalderen var det ingen skarp skilnad mellom roman-liknande forteljingar og fakta.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Islandske ættesagaer, Gyldensdals norske forlag, 1973.
  2. 2,0 2,1 2,2 H. Ingstad, Vesterveg til Vinland, Gyldendal norske forlag, 1965.