Håkon Høgemo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Håkon Høgemo (fødd 4. april 1965 i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane) er ein norsk folkemusikar. Høgemo er av spelemannsslekt frå Jostedal i Sogn, men vaks opp i Årdal. I dag er årdølen busett på Haugsveit i LonevågOsterøy kommune i Hordaland. Høgemo spelar hardingfele, og har arbeidd som frilansmusikar sidan 1993.

Høgemo tok tel å spele hardingfele som ung, og gjekk i lære hjå Lars Skjervheim frå Myrkdalen i Voss. Han spelar særleg tradisjonsmusikk frå Sogn, Valdres, Voss, Hardanger og Telemark. Hardingfelespelemannen har vunne Landskappleiken to gonger, i 1989 i 1995. I tillegg til å arbeide frilans, er Høgemo kjend frå samarbeid med mellom andre Karl Seglem. Saman med Seglem (tenorsaksfon og bukkehorn) og Terje Isungset (munnharpe, slagverk, perkusjon) dannar han trioen Utla. I 2012 tok Håkon Høgemo del i Karl Seglem sitt tingingsverk Som spor, som vart urframført på Vossajazz. Han er og med i folkemusikktrioen Bufaste tonar saman med Tom Karlsrud (trekkspel) og Judith Vestreim (vokal). Høgemo spelar og i trioen GamaltNymalt, med Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes.

Årdølen er førsteamanuensis på Norges musikkhøgskole i Oslo og Griegakademiet i Bergen. Dessutan er han tilsett som lærar på Osterøy kulturskole. Han er timelærar ved Ole Bull AkademietVoss, og har vore læremeister for fleire framifrå unge spelemenn, mellom andre Synnøve S. Bjørset og Erlend Apneseth.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Urbs (med Karl Seglem) (NORCD, 2006)
  • GamaltNymalt (med Sigrid Moldestad og Einar Mjølsnes) (2005)
  • Femstein (med Karl Seglem) (NORCD, 2004)
  • Song (med Utla) (NORCD, 2003)
  • Marylands (med Marylands) (Heilo, 2001)
  • Solo (soloutgjeving) (NORCD, 2000)
  • Dans (med Utla) (NORCD, 1999)
  • Brodd (med Utla) (NORCD, 1995)
  • Bufaste tonar (med Tom Karlsrud og Judith Vestreim) (Lærdal musikkproduksjon, 1994)
  • Juv (med Utla) (1993)
  • Utla (med Utla) (NORCD, 1992)
  • Å fela ho let (Spelarhaugen folkemusikk, 1988)
  • Mellom vener (Spelarhaugen folkemusikk, 1988)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]