Halley-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°35′0″S 26°39′36″W
Halley-stasjonen
stasjon
none  Halley 5, vinteren 1999
Halley 5, vinteren 1999
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Bruntisen
 - koordinatar 75°35′0″S 26°39′36″W
Administrert under Antarktistraktaten
Halley-stasjonen is located in Antarktis
Halley-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Halley Station

Halley-stasjonen er ein stasjon driven av British Antarctic SurveyBruntisen som flyt på Weddellhavet i Antarktis. Stasjonen vert nytta til å studere jordatmosfæren. Målignar frå Halley førte til at ozonholet vart oppdaga i 1985.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Halley vart opna i 1956, for Det internasjonale geofysiske året i 1957-58, av ein ekspedisjonen frå Royal Society. Bukta der ekspedisjonen valte å setje opp basen vart namngjeven Halley Bay, etter astronomen Edmond Halley. Namnet vart endra til Halley i 1977 sidan den opphavlege bukta hadde forsvunne etter endringa i isbremmen.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Det har vore fem Halley-basar så langt. Dei første fire vart alle gravlagd i snøen som samla seg opp og knust av isen, slik at dei ikkje lenger vart mogeleg å nytte. Forskjellige konstruksjonsmetodar er prøvd ut, frå uverna trehytter til ståltunnelar. Halley V har hovudbygningane bygde på stålplattformer som vert heva kvart år over overflata.

Ein arkitektkonkurranse vart utlyst av RIBA Competitions og British Antarctic Survey i juni 2004 for eit nytt design for Halley VI. Mange deltok og i juli 2005 vart vinnaren kåra, Faber Maunsell and Hugh Broughton Architects. Strukturen er heva opp på stålbein for å hindre snøoppsamling, men i motsetnad til Halley V har beina ski, som gjer at ein kan flytte bygningane på snøen.

Halley VI vart bygd i Cape Town i Sør-Afrika av eit sørafrikanske konsortium.[2][3] Dei første seksjonane vart frakta til Antarktis i desember 2007 og han stod ferdig i desember 2011.

På grunn av ein stor sprekk i isen som truge med å avskjera stasjonen frå hovudisen avgjorde British Antarctic Survey at dei skulle flytta Halley VI til ein ny stad sommaren 2016-2017.[4] Basen blei flytta 23 km lengre inn frå sprekka.[5]

Ein ny sprekk oppdaga 31. oktober 2016 førte til vidare uro, og BAS annonserte at dei ville evakuera staben sin frå staden i mars 2017 og halda dei unna gjennom den antarktiske vinteren.[6]

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Temperaturane stig sjeldan over 0 °C på Halley, og temperaturar kring -10 °C er vanlege på solrike sommardagar. Om vinteren er temperaturen typisk under -20 °C men stundom ned til kring -55 °C.[1]

Polarlys over Halley 5 vinteren 1998

Vinden bles hovudsakleg frå aust og kraftig vind fører ofte til snøfokk som reduserer sikta til nokre få meter.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Om vinteren held vanlegvis 15 personar til på basen. Gruppa er vanlegvis isolert frå omverda frå slutten av februar til dei første flya når fram tidleg i november. Om sommaren, frå seint i desember til seint i februar, er det opp til 70 personar på basen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]