Hopp til innhald

Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Law-Racoviţă-basen)
Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen
stasjon
Land  Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 69°23′18.61″S 76°22′46.20″E / 69.3885028°S 76.3795000°E / -69.3885028; 76.3795000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Law-Racoviță-stasjonen
69°23′19″S 76°22′46″E / 69.3885°S 76.3795°E / -69.3885; 76.3795
Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen is located in Antarktis
Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Law-Racoviță-Negoiță Station

Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen (rumensk Stația Law-Racoviță-Negoiță), tidlegare kalla Law-Racoviță-stasjonen, er den første permanente rumenske forskingsstasjonen i Antarktis, kalla opp etter den rumenske oppdagaren Emil Racoviță (og seinare òg forskaren Teodor Negoiță) og innvigd 13. januar 2006. Stasjonen vart opphavleg bygd av Australia i 1986 og så gjeven til Romania. Stasjonen ligg i Princess Elizabeth Land i Larsemannfjella, 2 km frå den kinesiske Zhongshan-stasjonen og den russiske Progress-stasjonen.

Law-Racoviță-Negoiță-stasjonen ligg på ei klippe kring 3 km frå Ingrid Christensen Kyst. Ein kjem til stasjonen med helikopter frå Davis-stasjonen, kring 80 km nordaust, eller over land frå Zhongshan- eller Progress II-stasjonen.

I 1986 bygde Australia Law-stasjonen for polarforsking om sommaren. Teodor Negoiță prøvde å danna ein rumensk base i Antarktis frå 1997. Etter fleire år med forhandlingar med medlemslanda i Antarktistraktaten fekk rumenarane løyve til å nytte den tidlegare australske basen. Den 20. februar 2006 vart stasjonen offisielt gjeven til Romania frå Australia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]