Hopp til innhald

Signy-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Signy-basen)
Signy-stasjonen
stasjon
Signy-stasjonen i 2006
Land  Antarktis
Stad Signy Island
 - koordinatar 60°43′S 45°36′W / 60.717°S 45.600°W / -60.717; -45.600
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Signy-stasjonen
60°43′00″S 45°36′00″W / 60.7167°S 45.6°W / -60.7167; -45.6
Signy-stasjonen is located in Antarktis
Signy-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Signy Station

Signy-stasjonen er ein forskingsbase i Antarktis på Signy Island, driven av British Antarctic Survey.

Signy opna i 1947 då ein vêrstasjon vart sett opp i Factory Cove oppom den gamle kvalstasjonen.[1] Han vart den andre forskingsbasen på Sør-Orknøyane (etter den argentinsk Orcadas-basen i 1903). I 1955 vart hytta Tønsberg House bygd der kvalstasjonen låg. I 1963 vart han omgjort til eit laboratorium for biologisk forsking. I starten vart han driven året rundt, men sidan 1995 har han vore ein sommarstasjon open frå november til april kvart år.

I dag består basen av fire bygningar med kapasitet for åtte personar.[1] Hovudbygningen, Sorlle House (kalla opp etter kvalfangstkapteinen som gav namn til Signy Island) vert nytta til bustadhus og laboratorium. Dei andre bygningane er for lager, energi og vatn. Det er òg fire små hytter kring øya.

  1. 1,0 1,1 «Signy-stasjonen». British Antarctic Survey. Arkivert frå originalen 8. mars 2014. Henta 18. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]