King Sejong-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°13′S 58°47′W
King Sejong-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad King George Island
 - koordinatar 62°13′S 58°47′W
Administrert under Antarktistraktaten
King Sejong-stasjonen is located in Antarktis
King Sejong-stasjonen (Antarktis)

King Sejong-stasjonen er ein forskingsstasjon driven av Sør-Korea kalla opp etter kong Sejong den store av Joseon. Han opna 17. februar 1988 og består av 11 bygningar og to observatorium på Barton Peninsula (King George Island). Området har eit relativt mildt klima og det er derfor eit rikt, ynglande dyreliv her om sommaren. Om sommaren kan stasjonen ta imot opp til 90 personar frå Koreansk polarinstitutt og gjesteforskarar frå andre institutt. Om vinteren er det att 17 ingeniørar og forskarar som held drifta av stasjonen i gang og rutinemessig samlar inn data (vêr, sjø), men hovudfoksuet deira er å spore generelle endringar i naturen. Forskarar frå Korea samarbeider med andre institutt i Antarktis og deltar i fleire forskingsprosjekt.

Stasjonen får vanlegvis forsyningar kvart år frå RV «Onnuri» og ofte av fly som landar ved den argentinske Carlini-stasjonen eller den chilenske Eduardo Frei-basen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]