Hazorea
Hazore'a | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jezreeldalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Megiddo | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1936 | ||
- Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar frå Tyskland | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Hazorea | |||
Wikimedia Commons: Hazore'a | |||
Nettstad: www.Hazorea.org.il | |||
HaZore'a (הַזּוֹרֵעַ, tyder Såaren) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 901.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
HaZore'a ligg heilt vest i dalen, med HaZore'a-skogen sør og vest for kibbutzen, Yokneam Moshava i nord og byen Yokneam i nordvest og slettene og fiskedammane i Jezreeldalen i aust. Ein del av kibbutzen er bygd i åssidene til to naboåsar, medan resten ligg på ei slette mellom åsane.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Som organisasjon vart kibbutzen grunnlagd i 1934 av Werkleute-medlemmar frå Tyskland. Fram til det kjøpte landområdet var klart, budde og arbeidde kibbutzen i Hadera i to år.[1]
I 1950-åra var han eit senter for forsøka til Hashomer Hatzair på å arbeide med den lokale arabiske folkesetnaden.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hazorea» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «(English page on Kibbutz HaZorea website)». www.hazorea.org.il. Henta Feb 26, 2015.
- ↑ Journal of Palestine Studies. 163. Volume XLI, Number 3, Spring 2012. p.94.