Ramot Menashe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramot Menashe
kibbutz
Spiseudsigt.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Menasheplatået
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°35′48.11″N 35°3′25.92″E
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Polske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Map
Ramot Menashe
32°35′48″ N 35°3′26″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ramot Menashe (Kibbutz)
Nettstad: Ramot Menashe

Ramot Menashe (רָמוֹת מְנַשֶּׁה, tyder Menashehøgdene) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Menasheplatået mellom Karmelberget og Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2011 var folketalet 1 013 og vart same året ein del av eit biosfærereservat.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ramot Menashe vart grunnlagd i juli 1948 av immigrantar frå Polen[2], mange av dei Holocaust-overlevande som hadde delteke i ghetto-opprøra mot nazistane. Opp gjennom tida har folk frå forskjellige land kome til, som frå Chile, Uruguay, Argentina, Brasil, Cuba og Israel, alle medlemmar av den sosialistiske sionistrørsla Hashomer Hatzair.

I 1990-åra vart Ramot Menashe privatisert, og i 2007 tok han i mot 138 nye familiar.

I følgje den israelske historikaren Benny Morris,[3] ligg kibbutzen på landområde nær Daliyat al-Rawha', ein avfolka arabisk landsby, medan den palestinske historikaren Walid Khalidi skriv at landområdet høyrte til den tidlegare landsbyen Sabbarin.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «UNESCO Biosphere». 
  2. Vered, Abraham & Porat, Lynne (2012). Ramot Menashe: Memories from the First Decade. Charleston, SC: Create Space.
  3. Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge: Cambridge University Press. p. xx.
  4. Khalidi, Walid (1992). All That Remains: The palestinske Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. pp. 158, 187.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]