Midrakh Oz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°35′43.08″N 35°9′29.87″E
Midrakh Oz
מדרך עוז, מִדְרַךְ עֹז
landsby
Midrakh Oz.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°35′43.08″N 35°9′29.87″E
Grunnlagd 1952
 - Grunnlagd av Jemenittiske jødar
Tilhøyrsle Moshavim-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Midrakh Oz

Midrakh Oz (מִדְרַךְ עֹז, tyder Skansen av kraft) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 447.

Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av immigrantar frå Jemen. Namnet er inspirert frå eit vers i Domarane 5:21;

Kisjon-elva reiv dei bort, den eldgamle elva, Kisjon-elva. Gå fram, mi sjel, med kraft!.

Namnet på moshaven, som kjem frå bibelverset, minnar òg folk om slaga som den unge jødiske staten utkjempa under sjølvstendekrigen i 1948 i nærleiken ved Mishmar HaEmek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]