Ramat HaShofet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°36′38.87″N 35°5′41.64″E
Ramat HaShofet
kibbutz
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Menashehøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°36′38.87″N 35°5′41.64″E
Grunnlagd 2 November 1941
 - Grunnlagd av Austeuropeiske jødar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ramat HaShofet
Nettstad: http://www.ramathashofet.co.il/

Ramat HaShofet (רָמַת הַשּׁוֹפֵט, tyder Domarhøgdene) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Menashehøgdene, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 578.

Kibbutzen vart grunnlagd 2. november 1941 av to gar'inar, Mitzpe HaSharon og Shihrur, som bestod av immigrantar frå Bulgaria, Ungarn, Litauen og Polen.

Ramat HaShofet tyder Domarhøgdene, og domaren det er snakk om er den amerikanske Julian William Mack (1866-1943), som var ein sionistleiar og leiar av Palestine Endowment Funds, ærespresident i World Jewish Congress, president i American Jewish Congress, Zionist Organization of America, og forskjellige andre organisasjonar. Han deltok i Versailles-konferansen der han talte for ein sioniststat i Palestina.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julian William Mack. Historie of the Sixth Circuit. Retrieved 13. mars 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]