Megiddo kibbutz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Megiddo
מְגִדּוֹ, מגידו
kibbutz
KibbutzMeggido.JPG
Flyfoto av Megiddo frå nær. Den nærliggande Tel Megiddo ligg øvst.
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Jezreeldalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°34′44″N 35°10′50″E
Folketal 356
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Holocaust-overlevande
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Map
Megiddo kibbutz
32°34′44″ N 35°10′50″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Meggido (Kibbutz)
Nettstad: www.betalfa.org.il

Megiddo (מְגִדּוֹ، arabisk المجیدو) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 356.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 av Holocaust-overlevande, motstandsfolk frå Polen og Tyskland. Han ligg nær Megiddo-krysset, der hovudveg 65 (frå Hadera til Afula) møter hovudveg 66 (frå Haifa og sør til Vestbreidda). Ved krysset ligg ein bussterminal og eit fengsel.

Kibbutzen ligg nær åstaden for slaget ved Megiddo og Tel Megiddo, ein stad som er rik på arkeologiske funn. I følgje Bibelen vart byen gjeven til Manasseh-stammen (1. Krønikebok 7:29). I 2005 fann israelske arkeologar restane av ei eldgamal kyrkje, kanskje den eldste i Det heilage landet, under fengselet. Styresmaktene har vurdert å flytte fengselet slik at vert tilgjengeleg for turistar.

I kristen apokalyptisk litteratur er Megiddoåsen, som ligg ovanom dalen der den noverande kibbutzen ligg, identifisert som staden for det endelege slaget mellom dei gode og dei vonde ved slutte av tida, kjend som Armageddon og som er nemnd i Det nye testamentet i Johannes Openberring 16:16.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]