Heggholmen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°53′1″N 10°42′50″E / 59.88361°N 10.71389°E / 59.88361; 10.71389

Heggholmen med Bunnefjorden og Nesodden i bakgrunnen.
Foto: Tore Sætre
Heggholmen med kaia til venstre i biletet og fyret nord på Heggholmen til høgre

Heggholmen er ei om lag 40 daa stor øy i Indre Oslofjord i Oslo, vest for Gressholmen og bunde til Gressholmen med eit smalt eid i form av ei steinfylling. Øya var klostergods i mellomalderen, og har til liks med Gressholmen, vore eigd av staten etter reformasjonen.

Namnet på øya kjem av treet hegg, norrønt heggr[1].

Lilleborg Fabriker flytta på 1800-talet såpekokeriet sitt til øya, då stanken frå produksjonen var til plage for omgjevnadene på Sandaker inne i Oslo, der kokeriet hadde lege fram til då. Kokeriet vart nedlagd i 1965. Både fabrikkbygningen i teglstein, eit svalgangshus i to høgder som vart bygd som husvære for arbeidarane, og eit hus i sveitserstil som vart bygd som bustad for disponenten, er teke vare på, og er no nytta som ferieheim for verksemda.

På byrjinga av 1900-talet vart det òg bygd ein måling- og lakkfabrikk på øya, Christiania Damoljemølle, som la eit jarnbanespor på øya til bruk i drifta. Leivningane av sporet er framleis å sjå. Heggholmen fyr på nordspissen av øya, ut mot Skipsløpet, hovudleia inn til hamnene søraust i Oslo, er det eldste fyret i Indre Oslofjord. Både fyret og leivningane av industrianlegga på øya er freda som kulturminne.

Heile Heggholmen med unnatak av areala der det står private hytter, vart 27. juni 2008 freda som naturreservat saman med sjøområda utanfor, etter at det var gjort registreringar og restaureringar av naturområda[2][3]. Heggholmen naturreservat grensar til Gressholmen-Rambergøya naturreservat, som dekkjer det meste av Gressholmen og heile Rambergøya med tilhøyrande sjøområde.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gustav Indrebø: 'Stadnam fraa Oslofjorden : Aker herad og Oslo hamn, Bærum herad, Asker herad' i Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo II Hist.-Filos. Klasse. 1928. No. 5 attgjeve i faksimile på sidene 87-140 i boka til Tore Ness, Navn i fjorden : Oslo-Asker-Bærum, Oslo 2008: Orion Forlag AS ISBN 978-82458-0847-6. Sjå side 97 i denne boka.
  2. Norsk Naturarv
  3. Miljødirektoratets naturdatabase

Kjelder[endre | endre wikiteksten]