Herøy kommune i Nordland
Herøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Silvalen | ||
Areal | 65 km² | ||
• land | 64 km² | ||
• vatn | 1 km² | ||
Folketal | 1 842 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Elbjørg Larsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 1818 | ||
Herøy kommune 65°59′03″N 12°17′21″E / 65.98427°N 12.28916°E | |||
Kart som viser Herøy kommune i Nordland.
| |||
Wikimedia Commons: Herøy, Nordland | |||
Nettstad: www.heroy-no.kommune.no |
Herøy kommune er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Dei største øyane i kommunen er Nord-Herøy, Sør-Herøy, Tenna, Indre og Ytre Øksningan, Staulen og Seløya. Kommunen ligg mot havet i alle retningar og har ingen landegrenser, men ligg i nordaust mot Dønna, i søraust mot Alstahaug og i sørvest mot Vega. Kommunen har ferjesamband til Sandnessjøen og bru til Dønna.
Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyfjerding.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa i kommunen er fiskeoppdrett og foredlingsverksemd tknytt til denne. Andre viktige næringar er landbruk, fiske, transport, verkstadindustri og tjenesteytande næringar som reiseliv, handel og samferdsel.
Herøy i gammal tid
[endre | endre wikiteksten]Herøy kyrkje vart bygd i stein på slutten av 1100-talet. Mot slutten av mellomalderen var Helgeland futedømme delt i to sokn eller halvfylke; Herøy i sør og Rødøy i nord. Grensa mellom halvfylka kan ha gått over Dønna og austover slik at Dønnes og Nesna høyrde til Rødøy og Dønnmannen og Leirfjorden høyrde til Herøy halvfylke.
På 1800-talet omfatta Herøy kommune også sørdelen av Dønna, slik at Nordvik sokn høyrde til Herøy.
Kjende herøyfjerdinger
[endre | endre wikiteksten]- Petter Dass (~1646-1707), prest og diktar. Nøyaktig fødestad usikkert, han kan elles vere fødd på Tjøtta eller i Åkvik på Dønna.
- Hans Inge Fagervik (1952- ), musikar
- Alf Knutsen , skaparen av fjernsynsserien om redningsskøyta "Elias"