Røst kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røst kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Røstlandet
Areal 10,12 km²
 - land 9,78 km²
 - vatn 0,34 km²
Folketal 460  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Elisabeth Kristin Mikalsen (LL)
Kommunenr. 1856
Kart
Røst kommune
67°31′12″ N 12°5′56″ E
Wikimedia Commons: Røst
Nettstad: www.rost.kommune.no

Røst er ein kommune lengst sørvest i Lofoten i Nordland fylke. Øya Røst ligg langt til havs, og nærmaste nabokommune er Værøy kommune mot nordaust. Øygruppa er kjend som staden der Pietro Querini dreiv i land i 1432.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Røst

Røst er den ytste og sørlegaste kommunen i Lofoten, om lag 100 km vest for Bodø og 115 km nord for Polarsirkelen. Næraste nabo er kommunen Værøy som ligg på motsett side av Røsthavet, 25 km i nordaust. Røst består av 365 øyar og holmar. Røstlandet er største øya i kommunen, ho er på det høgste 11 meter over havnivå. Sør for Røstlandet reiser øyane Vedøya, Storfjellet, Trenyken, Hærnyken og Ellevsnyken seg frå havet. 259 moh høge Storfjellet er høgste punktet i kommunen.

Dei fleste innbyggarane bur på Røstlandet, noen få andre busette øyar/holmar er knytt til Røstlandet med vegar, moloar og bruer.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Fiske og fiskeforedling er dominerande næring i Røst. Særleg er i aktiviteten stor under lofotfisket i tida januar-april. Stort innsig av skrei lokkar fiskebåtar frå ulike plassar langs heile til å delta i fisket. Opp mot 400 – 600 båtar kan då ha Røst til base. Ei eiga redningsskøyte er stasjonert på Røst når fiskeria er på det mest hektiske.

Røst har seks fiskebruk som bearbeidar fisken, størsteparten manuelt, men òg noko med maskinar. Dei ymse fiskeslaga vert til både råfabrikata og til salsvarer. Torsken vert til tørrfisk, det produktet Røst er særleg kjent for.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.