Hopp til innhald

Verdsreligion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdskart med dei viktigaste religionane i eit område markert.

Ein verdsreligion er ein religion som er internasjonalt utbreidd og har mange tilhengjarar. Til dømes er kristendommen og islam dei mest utbreidde religionane i verda. Dei 12 klassiske verdsreligionane er:

Det blir likevel opp til kvar einskild korleis ein vil definere verdsreligionar. Det finst ikkje eit fast og etablert kriterium for kor mange tilhengjarar ein religion må ha for å bli kalla ein verdsreligion.

Religionane etter talet på tilhengjarar

[endre | endre wikiteksten]

Det er viktig å vere merksam på at alle statistikkar og tal som dei i lista under er usikre og vanskeleg å verifisere. Denne lista inkluderer organiserte religionar og uformelle religionar, som kinesiske folkereligionar. Lista inneheld og tal for ikkje-religiøse.

  1. Kristendom: 2,1 milliardar (oppstod ca år 27, og har delt seg i mange greiner.
  2. Islam: 1,3 milliardar (oppstod ca 622), og har delt seg i fleire greiner: ***
  3. Ikkje-religiøse/Ateistar: 1,1 milliard
  4. Hinduisme: 1 milliard (oppstod omtrent 1500 fvt.
  5. Kinesisk folkereligion: 394 millionar
    • Dette er ikkje ein einskild organisert religion, men inkluderer element frå taoismen, konfusianismen, buddhismen og tradisjonelle religionar.
  6. Buddhisme: 376 millionar (oppstod 6. hundreåret fvt.)
  7. Tradisjonelle religionar: 300 million ar
    • Dette er ikkje ein organisert religion, men ei rad ulike tradisjonelle religionar, som animisme og sjamanisme.Sidan afrikanske religionar og diasporareligionar er telt for seg sjølv er dei fleste i denne kategorien frå Asia.
  8. Tradisjonelle afrikanske religionar og diasporareligionar : 100 millionar
    • Dette er ikkje éin religion, men inkluderer fleire ulike trusretningar og filosofiske system frå blant anna joruba-folket, ewe og bakongo. Desse religionane har hatt stor innverknad på trua til den afrikanske diasporaen i Amerika.
  9. Sikhisme: 23 millionar (oppstod på 1500-talet)
  10. Spiritisme: 15 millionar (oppstod midt på 1900-talet)
    • Dette er ikkje ein organisert religion, men ei rad ulike trussystem inkludert Umbanda.
  11. Jødedom: 14 millionar (oppstod 1200-talet f.Kr.)
  12. Bahá'í-trua: 7 millionar (oppstod på nittenhundretalet)
  13. Djainisme: 4,2 millionara (oppstod i det sjette hundreåret fvt.)
  14. Shinto: 4 millionar (oppstod 300 fvt.)
    • Dette er talet på folk som identifiserer seg sjølv med Shinto som primæreligion. Dersom alle som av historiske eller kulturelle grunnar kan kallast Shinto skal inkluderast vil atlet nærme seg 100 millionar.
  15. Cao Dai: 4 millionar (oppstod 1926)
  16. Zoroastrisme: ikkje meir enn 200 000 (oppstod: ein gong mellom det 16ande og sjette hundreåret fvt.)
  17. Falun Gong: før undertrykkinga: 70-100 millionar; offisilet tal frå Kina: 2,1 millionar* (oppstod 1992)
    • Falun Gong blir ikkje alltid rekna som ein religion av tilhengjarane eller observatørar.
  18. Tenrikyo: 2 million (oppstod 1838)
  19. Nypaganisme: 1 million (oppstod på 1900-talet)
  20. Unitær universalisme: 800 000 (oppstod: 1961)
  21. Rastafari: 600 000 (oppstod tidleg på 1930-talet)
  22. Scientologi: 500 000 (oppstod i 1952)[1]

Oversyn over dei største religionsgruppene i verda

[endre | endre wikiteksten]
Namn på gruppaNamn på religionenTal på tilhengjararNår oppstod religionenGeografisk område
Abrahamittiske religionar
3,4 milliardar
Kristendom2100 millionar1. hundreåretVerdsomspennande med unntak av Nord-Afrika, den arabiske halvøya, delar av Sentral-asia, Aust-Asia, Kina og Søraust-Asia
Islam1300 millionarår 622Midt-Austen, Nord-Afrika, Sentral-Asia, Sør-Asia, Vest-Afrika og Indonesia
Jødedom14 millionar13. hundreåret fvt.Israel, USA, Europa
Bahá'í7 millionar19. hundreåretAsia, hovudsakleg India, Afrika og Latin-Amerika
Dharmiske religionar
1,4 milliardar
Hinduisme1000 millionar1500 fvt.
(delar oppstod 2600 fvt.)
det indiske subkontinentet, Fiji, Guyana, Mauritius og Sri Lanka
Buddhisme376 millionarsjette hundreåret fvt.det indiske subkontinentet, Kina, Tibet, Japan og Søraust-Asia
Sikhisme23 millionar1469-1708India - Punjab
Djainisme4,2 millionarsjette hundreåret fvt.India, Storbritannia, Canada og Aust-Afrika
Andre religionar
900 millionar
Kinesiske folkereligionar394 millionar550-479 fvt.Kina
Innfødde religionar300 millionarIndia, Afrika
Tradisjonelle afrikanske og diasporareligionar100 million arfrå 580-talet fvt. Afrika
Shintoisme4 millionar300 fvt. Japan
Zoroastrisme200 00016.-6. hundreåret fvt. Iran, India
  1. Kjelda til denne statistikken, med unnatak av tala for Falun Gong er: Adherents.com Arkivert 2010-01-29 ved Wayback Machine., oppdatert i 2005. Slik statistikk som dette er vanskeleg, for meir om metodikken sjå: Adherents.coms forklåring Arkivert 2010-01-29 ved Wayback Machine..