Hizma
Hizma | |||
حزما, Hizme | |||
kommune | |||
Hizma
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | |||
Areal | 4,6 km² | ||
Folketal | 5 700 (2006) | ||
Folketettleik | 1 239 / km² | ||
![]() Hizma | |||
Wikimedia Commons: Hizma | |||
Hizma (arabisk حزما, hebraisk skrift חיזמה) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, sju kilometer frå Gamlebyen i Jerusalem. Byen ligg i Område B og grensa til dei israelske busetjingane Neve Yaakov, Pisgat Ze'ev, Geva Binyamin og Almon. Sidan 1967 har Hizma vore okkupert av Israel. Landsbyen er avskoren frå Jerusalem av Separasjonsmuren i vest, som vart bygd i 2005 på konfiskert, palestinsk land. I 2007 hadde Hizma kring 5650 innbyggjarar. Hizma er avskoren frå Vestbreidda av ei rekkje israelske busetjingar i aust.
Historie[endre | endre wikiteksten]
I tida under Det første tempelet var Hizma ein landsby for prestar i området til Benjamin-stamma. Landsbyen var kjend for å produsere steinskåler som vart nytta i tempelet. Ruinane av verkstadane som laga desse skålene er funnen i grotter kring Hizma.[1]
Under israelske okkupasjon[endre | endre wikiteksten]
Etter Oslo-vatalen var kring 9 % av landsbyen ein del av Område B, medan resten høyrte til Område C. Israel har konfiskert tusenvis av mål frå Hizma for å byggje busetjingar, og omkøyringsvegar og Israel si sperring på Vestbreidda.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hizma» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins (1878), Volume: 1-2, 1878
- with s. 135–163: A. Socin: Alphabetischer Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem (p. 155 )
- ↑ Jerusalem neighborhoods, Beit Hanina - Hizma, 2. februar 2014
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Hizma Village Profile. Applied Research Institute - Jerusalem, August 2012. On Jerusalem → community data