'Anata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Anata
عناتا, Anata
kommune
Namneopphav: Anata, førenamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°48′46″N 35°15′43″E / 31.81278°N 35.26194°E / 31.81278; 35.26194
Areal 30,6 km²
Folketal 9 600  (2006)
Folketettleik 314 / km²
Borgarmeister Mohammad Mahmoud al-Rifai
Kart
'Anata
31°48′46″N 35°15′43″E / 31.812777777778°N 35.261944444444°E / 31.812777777778; 35.261944444444
Wikimedia Commons: Anata

'Anata (arabisk skrift عناتا, hebraisk skrift ענאתא) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, sentralt på Vestbreidda, fire kilometer nordaust for Gamlebyen i Jerusalem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde 'Anata eit folketal på 9 600 i 2006.[2] Sidan 1967 har 'Anata vore okkupert av Israel. Landsbyen er avskoren frå Jerusalem av separasjonsmuren i vest, som vart bygd i 2004 på konfiskert palestinsk land. Han er avskoren frå resten av Vestbreidda av israelske busetjingar i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

'Anata er ein landsby på ein eldgammal stad, og fleire gamle bygningsmateriale er brukt om att i husa som står der i dag. Det er òg funne cisterner hogde ut i berget, i lag med grotter og eldgamle jordbruksterrassar.[3] Edward Robinson identifiserte 'Anata som den bibelske Anathoth, fødestaden til Jeremia.[4]

Ruinane av ei bysantinsk kyrkje ligg i byen, så ein trur staden var busett før den muslimske erobringa av Palestina av Rashidun-kalifatet.[5][6] Under den muslimske kringsetjinga av Jerusalem mot krossfararane, slo generalen og sultanen til ajjubidane, Saladin, leir i 'Anata før han gjekk vidare mot Jerusalem.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod 'Anata oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 10 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar.[7]

Landsbyen vart øydelagd av Ibrahim Pasha i 1832 etter eit pro-osmansk arabararopprøret mot det egyptiske styret. Då staden vart vitja av W. M. Thomson i 1850-åra, skildra han staden som ei «lita grend, delvis i ruinar, men han var ein gong mykje større, og verkar å ha hatt murar kring seg. Ein kan framleis sjå bitar av muren.»[8]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og skildra han som ein liten stad, på ein ås, med kring 200 innbyggjarar.[9]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «mellomstor landsby med hus i stein. Han står på ein rygg med fin utsikt mot nord og aust. Det står nokre få oliventre kring landsbyen, og ein brunn i vest og ein annan i søraust.»[10]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde 'Anata eit folketal på 285, alle muslimar.[11] Dette auka i 1931 til 438, framleis alle muslimar, i 98 hus.[12]

I 1945 'Anata eit folketal på 540, alle arabarar, med 18 496 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[13] Av dette var 353 mål var plantasjar og irrigert land, 2 645 nytta for korn,[14] medan 35 mål vart utbygd land.[15]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom 'Anata under Jordan sitt styre.

Sidan seksdagarskrigen i 1967 har 'Anata vore under israelsk okkupasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 283
  2. Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. Dauphin, 1998, s. 899
  4. Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 109
  5. Sharon, Moshe (1997). Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. I, A. BRILL. ISBN 9004108335. 
  6. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 82
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117
  8. Thomson, 1859, vol 2, s. 548
  9. Guérin, 1869, s. 76 ff
  10. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 7-8
  11. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14
  12. Mills,1932, s. 37
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]