Arab al-Jahalin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Arab al-Jahalin
عرب الجهالّين, 'Arab al-Jahaleen, al-Jabal
kommune
Namneopphav: Jahalin-arabarar
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°45′50.64″N 35°16′51.44″E
Folketal 1 205 (2006)
Grunnlagd 1998
Kart
'Arab al-Jahalin
31°45′51″ N 35°16′51″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

'Arab al-Jahalin, òg kalla al-Jabal (arabisk عرب الجهالّين, hebraisk skrift עראב אל-ג'האלין) er ein palestinsk beduinsk landsby i Jerusalem guvernement, fem kilometer søraust for JerusalemVestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde 'Arab al-Jahalin eit folketal på kring 1 205 innbyggjarar i 2006.[1] Landsbyen ligg i ei åsside utafor al-Eizariya og 300 meter unna Jerusalem kommunane avfallsplass. Han ligg i Område Cpå Vestbreidda — noko som gjev Israel full kontroll over landsbyen, medan innbyggjarane har palestinske ID-kort.[2]

'Arab al-Jahalin har ein moské og to skular. Landsbyen er knytt til straum- og vassnettverket i Aust-Jerusalem.[2] Alle innbyggjarane i 'Arab al-Jahalin vert rekna som flyktningar og har flyktningpapir frå UNRWA.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]