Al-Eizariya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°46′12″N 35°15′52″E
al-Eizariya
العيزريه, al-'Eizariya, al-Izzariya
kommune
Bethany1940s.jpg
al-Eizariya i 1940-åra
Namneopphav: Lasarus-staden[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°46′12″N 35°15′52″E
Folketal 17 606 (2007)
Borgarmeister Isam Farun
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Eizariya

Al-Eizariya eller al-Azariya (arabisk العيزريه, tyder Lasarus-staden), stundom omtalt med mellomaldernamnet Betania, er ein by i Område BVestbreidda i Palestina. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde er han den nest største, palestinske byen i Jerusalem guvernement (utanom Aust-Jerusalem), med eit folketal på 17 606 innbyggjarar.[2]

Han ligg i søraustsida av Oljeberget, mindre enn 3 km frå Jerusalem, og vert ofte identifisert som den bibelske landsbyen Betania. Namnet al-Eizariya refererer til personen Lasarus frå Betania i Det nye testamentet, som i følgje Evangeliet etter Johannes vart vekt til live frå dei daude av Jesus.[3] Den vert hevda at staden der mirakelet skjedde er Lasarus-grava, som er ein tradisjonell pilegrimsstad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

Postkort frå Betania kring 1900.

Ein trur al-Eizariya har vore kontinuerleg busett sidan 500-talet fvt. fram til 1300-talet.[4] I 1923-1924 identifiserte den amerikanske arkeologen William F. Albright landsbyen som Ananiah (eller 'Ananyab).[5] (Edward Robinson og andre har derimot identifisert Ananiah med dagens Beit Hanina.[6]

Krossfarartida[endre | endre wikiteksten]

Krossfararane brukte det bibelske namnet Betania om al-Eizariya. I 1138 kjøpte kong Fulk og dronning Melisende av Jerusalem landsbyen frå den latinske patriarken i Jerusalem i byte mot land nær Hebron. Dronninga grunnla eit stort benediktinarkloster tileigna Maria og Marta nær Lasarus-grava. Syster til Melisende, Ioveta, frå den tid «frå Betania», var ei av dei første abbedissene. Melisende døydde der i 1163. Stedottera hennar, Sibylla av Anjou døydde òg der i 1165. Barnebarnet til Melisende, Sibylla, seinare òg dronning av Jerusalem, voks opp i klosteret. Etter Jerusalem fall i 1187, gjekk nonnene frå klosteret i eksil. Landsbyen verka å ha stått tom etter den tid, men ein vitjande i 1347 nemnte at gresk-ortodoks munkar passa på gravkapellet.[7]

Mamelukkane[endre | endre wikiteksten]

I 1480-åra, i mamelukk-tida, vitja Felix Fabri staden og skildra forskjellige stader i landsbyen, mellom anna eit «hus og lager» som høyrte til Maria Magdalena, huset til Marta, kyrkja over grava til Lasarus, og huset til Simon den spedalske. Han skildra landsbyen som «folkerik», og at innbyggjarane var sarasenarar.[8]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1500-talet var nesten alle innbyggjarane i byen arabiske muslimar. Osmanarane bygde al-Uzair-moskeen[4] og gav det namn til ære for Lasarus, som er høgt akta òg hos muslimane.[9] I 100 år etter ho vart bygd, fekk òg kristne kome inn i moskeen, men dei europeiske kyrkjesstyresmaktene mislikte dette, of ønskte å halde dei to trusretningane fråskilde.[4]

I 1838 skildra Edward Robinson landsbyen som ein fattig landsby med kring 20 familiar.[10] I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen.[11] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund han i Survey of Western Palestine (kalla El Aziriyeh), som ein landsby i ei åsside, med ei ravine ned austsida. Husa var bygde av stein. Landsbyen var dominert av ruinane av ein krossfararbygning. Ein moske, med kvit kuppel, var bygd over den tradisjonelle grava til Lasarus. Ein annan, liten moské, tileigna sjeik Ahmed, låg sør for landsbyen.[12]

Tidleg på 1900-talet budde det kring 40 familiar i landsbyen.[4] I 1917 hadde han kring 400 innbyggjarar.[13]

Palestinamandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde landsbyen eit folketal på 506 muslimar og 9 kristne.[14] I folketeljinga i 1931 hadde dette auka til 726 personar, 715 muslimar og 11 kristne, i 152 hus. Dette talet inkluderte medlemmar av eit gresk kloster.[15]

I 1945 var folketalet 1 060, alle arabarar, medan det samla landarealet var 11 179 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[16] Av dette var 43 for plantasjar og irrigert land, 3 359 for korn,[17] medan 102 mål var klassifisert som utbygde område.[18]

Seinare tid[endre | endre wikiteksten]

Lasarus-grava, 1906

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 og fram til 1967, var al-Eizariya kontrollert av Jordan.[19]

Etter seksdagarskrigen i 1967, vart al-Eizariya okkupert av Israel, og landområda aust for landsbyen vart erklært eit lukka militærområde, slik at bøndene ikkje lenger hadde tilgang til åkrane sine der..[20]

Sidan Osloavtalen har al-Eizariya vore administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta, medan tryggleiken framleis er kontrollert av Israel.[21]

I 2004 vart Israel si sperring på Vestbreidda bygd over hovudvegen til Eizariya, og råka handelen langs vegen, som tidlegare trekte til seg både arabarar og jødar.[22]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer. 1881, s. 285
  2. Table 9: Stader in Jerusalem guvernement by Type of Locality and Selected Indicators, 2007, Main Indicators by Locality Type - January 2009, s. 52. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. John. 11:1-53
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Mariam Shahin (2005). Palestina: A Guide. Interlink Books. s. 332. ISBN 1-56656-557-X. 
  5. W. F. Albright (1922–1923). «Excavations and Results at Tell El-Fûl (Gibeah of Saul) by the Director of the School in Jerusalem». American Schools of Oriental Research, Annual 4. s. 158–160. 
  6. About Beit Hanina, Offisiell nettstad of the Beit Hanina Community Sentral; Mohamed Shaker Sifadden.
  7. Lasarus-grava, Betania - Jerusalem, Sacred Destinations.
  8. Fabri, 1893, s. 73 ff
  9. Jerusalem and Its Environs: Quarters, Neighborhoods, Villages, 1800 - 1948, Ruth Kark and Michal Oren, Nordheim
  10. Robinson & Smith, 1841, s. 101
  11. Guérin, 1874, s. 163 ff
  12. Conder og Kitchener, 1883, s. 27-28
  13. Aburish, 1988, s.6.
  14. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Subdistrict of Jerusalem, s. 14. 
  15. Mills, 1932, s. 39.
  16. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 57
  17. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102
  18. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152
  19. Said Aburish
  20. Land claim unsettles Israeli settlers; Peace Now says 40 percent of the West Bank settlements sit on private Palestinian land, Christian Science Monitor
  21. The Heart of the Conflict by Danny Rubestein
  22. As barrier goes up, The West Bank community bemoans isolation, 14. januar 2004, Joel Greenberg, Chicago Tribune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]