Holly Knight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holly Knight
Producer, songwriter and artist Holly Knight - 2013.jpg
Fødd 20. hundreåret
New York by
Yrke songar, låtskrivar
Holly Knight på Commons

Holly Knight er ein USA-amerikansk låtskrivar, songar og pop- og rockmusikar. I 2013 vart ho innlemma i Songwriters Hall Of Fame. Songane hennar har vunne tre Grammy-prisar. Ho er kjend for å ha skrive hittar for somme av dei mest suksessrike artistane i musikkindustrien, som «The Best» for Bonnie Tyler, seinare spelt inn av Tina Turner, og «Love Is a Battlefield» og «Invincible» av Pat Benatar. Ho vart kåra til beste låtskrivar i den 11. årlege lesarundersøkinga til Rolling Stone i lag med Phil Collins, Paul Simon, Billy Joel og Bruce Springsteen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Holly Knight vart ei låtskrivarstjerne i rockeindustrien i 1980-åra. Kritkarane gav ho sjeldan mykje skryt, men ho klarte å definere ein stil for rockeradio på den tida med ei rekkje songar som blanda musklar med melodi[1] med songar som Pat Benatar sin «Love Is a Battlefield», Scandal sin «The Warrior» og Tina Turner sin «Better Be Good to Me». Ho starta karrieren med bandet Spider i starten av tiåret, og spelte klaverinstrument og song korvokal i 1980 på Spider Between the Lines i 1981 og Rough Justice i 1984. Bandet med trommisen Anton Fig, som seinare spele trommer i Late Night With David Letterman, fekk fleire mindre hittar, mellom andre «New Romance (It's a Mystery)», som nådde 39. plassen i USA i 1980.

Etter Spider vart oppløyst fortsette Knight å skrive musikk og var involvert i comebackalbumet til Heart frå 1985 med Heart, der ho skreiv fleire songar, mellom anna «Never», som nådde topp 10. Knight slo seg seinare saman med vokalist Paul Engemann og gitarist Gene Black og danna rocketrioen Device. Dei fekk ein liten hit med singelen «Hanging on a Heart Attack» frå albumet 22B3. Det var det einaste bandet gjorde før Knight gjekk vidare med å skrive for andre artistar. Ho gav ut eit soloalbum i 1989, men det selde dårleg.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tom Demalon. «Holly Knight». Henta 23. april 2016.