Honey Ltd.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Honey Ltd.
OpphavDetroit i USA
Aktiv1968-1970
SjangerPop, ambient, neopsykedelisa
PlateselskapLHI Records

Honey Ltd. var ei jentegruppe i 1960-åra som bestod av systrene Alexandra og Joan Sliwin, Laura Polkinghorne og Marsha Temmer.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gruppa byrja å synge i lag ved Wayne State University. Dei danna Mama Cats og byrja å synge på lokale stader med andre Detroit-musiakrar som Bob Seger, Glenn Frey og Suzy Quatro. Gruppa flytta til Los Angeles der dei prøvespelte for produsenten Lee Hazlewood som signerte dei og tok dei med i studio for å spele inn musikk med Wrecking Crew. Han gav dei seinare namnet Honey Ltd.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gruppa hadde ikkje noko kommersiell suksess og gav berre ut eitt album. Versjonen deira av Laura Nyro sin «Eli's Comin'»[2] hamna i skuggen av versjonen til Three Dog Night, som kom få månader seinare. I 1969 vart geuppa med Bob Hope på ein turné og drog til Thailand og Vietnam for å spele for soldatane der. Dei spelte på The Ed Sullivan Show, The Joey Bishop Show, Kraft Music Hall, The Jerry Lewis Show, The Andy Williams Show, Operation: Entertainment og The Bob Hope Christmas Special: Around the World with the USO.[3][4]

I 1970 hadde Alexandra Sliwin slutta i bandet fo rå gifte seg med J D Souther. Bandet fortsette som ein trio og endra namn til Eve. Den nye gruppa gav ut eit nytt albumm, men det selde dårleg og dei mista kontrakten med LHI. Dei gav seg kort tid etter dette og medlemmane gjekk kvar for seg.

Laura Creamer (fødd Polkinghorne) er ein låtskrivar, songar og arrangør som har spelt inn og/eller turnert med Billy Joel, Bob Seger, Van Morrison, Glenn Frey, Bruce Hornsby, Kid Rock, Eric Clapton og mange andre. Alex Sliwin, Joan Sliwin og Marsha Temmer spelte i den kortvarige gruppa Bijou med tidlegare Association-medlemmane Jules Alexander og Russ Giguere, og skreiv og spelte med Loretta Lynn og andre. Marsha Temmer Darigan hadde ein periode som korsongar og dansar for Tina Turner.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1968: Honey Ltd. (LHI-12002)
  • 1970: Take It And Smile (som Eve) (LHI-3100)

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]