Horst Bulau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Horst Bulau
Fødd 14. august 1962
Ottawa
Yrke skihoppar

Horst Bulau (fødd 14. august 1962) er ein kanadisk, tidlegare skihoppar frå Ottawa. Gjennom dei tre sesongane 1981-83 var han ein av dei tre beste skihopparane i verda, med ein andreplass i verdscupen 1982/83 som høgdepunkt. Desse tre vintrane vann han 13 renn i verdscupen. Under VM i skiflyging i Harrachov i 1983 fall han stygt, og vart alvorleg skadd. Bulau makta aldri sidan å nå den absolutte verdstoppen i skihopping, men var aktiv til 1992. Han vert rekna som Canadas beste skihoppar nokon gong.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bulau vart verdsmeister i skihopping for juniorar 1979. Etter han vann sin fyrste siger i verdscupen i skihopping under nyårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen den 1. januar 1981 kjempa Bulau dei neste tre sesongane om å vinne trofeet som var tildelt verdas beste skihoppar. Både i 1981 og 1982 kom han på tredjeplass samanlagt i verdscupen, begge gongane var det austerrikaren Armin Kogler som vann. I 1982 vart han nummer seks i normalbakken i ski-VM 1982 i Oslo, hans beste plassering i noko internasjonalt meisterskap.

Særleg dyktig i hoppbakken var Bulau i 1982/83-sesongen då han vann sju av renna i verdscupen, men likevel måtte sjå at Matti Nykänen frå Finland stakk av med verdscuptrofeet. På tampen av same sesongen vart Bulau alvorleg skadd i eit fall under verdsmeisterskapen i skiflyging i Harrachov.

Etter fallet og skaden i 1983 klarte Bulau aldri å etablere seg i verdstoppen. Han tok rett nok sin trettande og siste verdscupsiger i desember 1983, og ein månad seinare kom han på sigerspallen for 29. og siste gongen.

Bulau deltok i internasjonal skihopping til 1992.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdcupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Dato Stad Land
1. 1. januar 1981 Garmisch-Partenkirchen Tyskland
2. 17. mars 1981 Bærum Noreg
3. 15. januar 1982 Sapporo Japan
4. 23. januar 1982 Thunder Bay Canada
5. 24. januar 1982 Thunder Bay Canada
6. 30. desember 1982 Oberstdorf Tyskland
7. 22. januar 1983 Thunder Bay Canada
8. 26. januar 1983 Gstaad Sveits
9. 28. januar 1983 St. Moritz Sveits
10. 25. februar 1983 Falun Sverige
11. 4. mars 1983 Lahti Finland
12. 6. mars 1983 Lahti Finland
13. 10. desember 1983 Thunder Bay Canada

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]