Ibn Saud av Saudi-Arabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abdulaziz al-Saud
(arabisk عبدالعزيز آل سعود, `Abd al-`Azīz Āl Sa`ūd)
Ibn Saud.jpg
Konge av Saudi-Arabia
Fødd 1876, Riyadh
Død 9. november 1953 (77 år), Taif
Etterfølgjar Saud bin Abdulaziz
Far Abdul-Rahman bin Faisal

Abdulaziz Ibn Saud (15. januar 18769. november 1953), best kjend som Ibn Saud, var grunnleggjaren og den første kongen av Saudi-Arabia. Han samla riket som omfattar størsteparten av Den arabiske halvøya gjennom å erobra Nedsjd, Hedsjas og Asir frå 1900 til 1934. Ibn Saud hadde fleire titals barn, mellom dei alle etterfølgjande kongar av Saudi-Arabia.

Ibn Saud vart truleg fødd i 1876 i Riyadh. Han var son av leiaren av Saud-dynastiet, Abdul-Rahman. I 1890 erobra Al Rashid-dynastiet Riyadh, og Saud-familien flykta først til Rub al Khali-ørkenen og så til Bahrain før dei slo seg ned i Kuwait.

Ibn Saud grunnla Ikhwan, ein muslimsk brorskap av beduinarstammar som hjelpte han til makta. Som forfedrene sine kjende Ibn Saud seg til wahhabismen, ei form av islam som har prega det saudiarabiske samfunnet. Som konge var han ein tilhengjar av panarabisme.

Det blei funne petroleum i Saudi-Arabia i 1939, og Ibn Saud gav amerikanske oljeslelskap løyve til å utnytta store felt i 1944. Dette danna grunnlaget for den seinare store rikdommen i Saudi-Arabia. For Storbritannia var valet uvelkomen, ettersom dei hadde støtta Ibn Saud gjennom mange år.

Under første verdskrigen gav Ibn Saud støtte til britane, men blei nedkjempa av den osmanske emiren Jabal Shammar i 1912. Også under andre verdskrigen støtta han vestmaktene. Ibn Saud motsette seg jødisk innvandring til Palestina etter verdskrigen, og deltok med lite hell i Den arabisk-israelske krigen i 1948.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ibn Saud av Saudi-Arabia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Saudi-Arabia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.