Ta'if

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ta'if
arabisk الطائف
by
Taif
Kallenamn: Tigrarna
Land  Saudi-Arabia
Region Mekka
Høgd 1 879 moh.
Koordinatar 21°26′N 40°21′E
Areal 321 km²
Folketal 521 273  (2004)
Folketettleik 1 624 / km²
Grunnlagd 500-talet fvt.
 - Med i Saudi-Arabia sidan 1924
Tidssone Arabian Standard Time (UTC+3)
Retningsnummer +966-2
Kart
Ta'if
21°16′0″ N 40°25′0″ E
Wikimedia Commons: Ta’if

Ta'if (arabisk الطائف; aṭ-Ṭā'if) er ein by i Mekka-regionen i Saudi-Arabia i ei høgd på 1879 meter over havet, i fjellsida av Sarawatfjella (Al-Sarawatfjella). Han har eit folketal på 521 273 (folketeljing 2004). Kvar sommar flyttar den saudiarabiske regjeringa og kongefamilien frå varmen i Riyadh til Ta'if, den uoffisielle sommarhovudstaden. Byen er eit sentrum for eit jordbruksområde som er kjend for druer, granateple, fiken, roser og honning.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

På 500-talet var Tā'if dominert av Banu Thaqif-stamma, som framleis bur i og kring byen i dag. Det har vore foreslått at jødiske stammer som vart forflytta av etiopiske kristne i Himjar-krigane slo seg ned nær Taif.[1]

Byen ligg kring 100 km søraust for Mekka.[2] Byen hadde murar og var eit religiøst senter med eit idol av gudinna Allāt, som då vart kalla «frua av Tā'if.» Klimet skilde byen frå dei tørre og nakne byane nær Raudehavet. Det vart dyrka kveite, vindruer og frukt kring Tā'if og byen fekk slik tittelen «hagen i Hejaz».

Både Ta'if og Mekka var stoppestader for pilegrimar. Ta'if låg meir høveleg til enn sjølve Mekka og folket i Ta'if hadde nære handelsband med folket i Mekka.[2]

Muhammed-tida[endre | endre wikiteksten]

I 630 fann slaget ved Hunayn stad ved Hunayn, nær byen. Kort tid etter det vart Ta'if kringsett, men kringsetjinga var mislykka. Byen vart angripen med katapultar frå Banu Daws, men åtaket vart driven attende. Slaget ved Tabouk i 631 gjorde at Tā'if vart heilt isolert, så folk frå Thaqīf kom til Mekka for å forhandle konvertering til islam for islam. Idoelt av Al-lāt vart øydelagd i lag med andre heidenske teikn i byen.[3][4]

Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

Den 17. juli 1517 kapitulerte sharifen av Mekka til den osmanske sultanen Selim I. I ei symbolsk handling gav han frå seg nøklane til dei islamske byane Mekka og Medina. Som ein del av Hejaz, vart Ta'if òg underlagt osmansk kontroll.

Byen vart verande under osmanarane i tre hundre år, fram til 1802, då han vart teken attende av opprørar i ein allianse med huset Saud. Saudiarabarane massakrerte heile den mannlege folkesetnaden i byen for å skremme innbyggjarane i Mekka.[5] Desse styrkane gjekk så vidare og tok Mekka og Medina. Tapet var stort for Det osmanske riket, som såg seg sjølv som vernarar av Dei heilage byane. Den osmanske sultanen Mahmud II, kalla på statthaldaren sin i Egypt, Muhammed Ali, som gjekk til åtak på Hejaz og tok attende Ta'if i 1813.

Borga og dei militære forlegningane i Ta'if vart reparerte av osmanarane i 1843 og eit herskapshus for leiarane av byen vart bygd i 1869. Seinare kom òg eit postkontor.

Det arabiske opprøret og hasjemittane[endre | endre wikiteksten]

Vegen til Ta'if i framgrunnen, fjella i Ta'if i bakgrunnen.

Før det arabiske opprøret, hadde Ahmed Bey blitt kommandant for dei osmanske styrkane i Tā'if. Han hadde under seg ein styrke på 3 000 soldatar og 10 kanonar. Ghalib Pasha, som var guvernør i Hejaz, var òg i byen. I juni 1916 gjorde hasjemittane opprør mot Det osmanske riket i Mekka. Byen hadde falle og i juli vart Abdullah, den eldste sonen til hasjemittleiaren og sharifen av Mekka, Husayn ibn Ali, sendt med sytti mann til Tā'if. Sjølv om aktivitetane hans i området gjorde Ahmed Bey mistenksam, var ikkje Ghalib Pasha uroa over ein så liten styrke. I løyndom bygde Abdullah opp ein 5 000 mann stor hær. Han kutta så telegraflinjene til byen og gjekk til åtak. Alle hasjemittåtaka på byen vart drivne attende av kanonane i fjella, og begge sidene hamna i ei uroleg omleiring. Hasjemittane fekk etter ei tid ført kanonane sine opp til Tā'if. Byen heldt ut ei stund til, før han omsider overgav seg den 22. september. Byen vart slik ein del av det sjølvutnemnde hasjemittiske kongedømet Hejaz.

Saudi-Arabia[endre | endre wikiteksten]

Ta'if var ikkje lenge hos hasjemittane. Spaningar mellom kongen av Hejaz, Husayn ibn Ali, og Abdulaziz al-Saud, sultanen av Nejd, braut raskt ut i vald. Sjølv om fiendskapen vart lagt ned for ei stund i 1919, var den saudi-støtta Ikhwan (milits) leia av sultan bin Bajad og Khaled bin Luwai i september 1924 klare til å gå til åtak på Ta'if. Byen skulle bli forsvart av sonen til kongen, Ali, men han flykta i panikk med soldatane sine. 300 av dei vart drepne av Ikhwan i det som vart kjend som Ta'if-massakren.[6] I 1926 vart Abdulaziz al-Saud offisielt rekna som den nye kongen av Hejaz. Ta'if var ein del av kongedømet Hejaz fram til Abdulaziz al-Saud samla dei to kongedøma til eitt i Kongedømet Saudi-Arabia i 1932. I 1934 vart det signert ein avtale her som sette grensa mellom Jemen og kongedømet.[7] Kongen sjølv døydde seinare i byen den 9. november 1953.

Ta'if var lite meir enn ein mellomalderby då saudiarabarane tok kontroll over han. Men dei sette raskt i gang med å modernisere byen. Den første offentlege straumgeneratoren i Saudi-Arabia, vart sett opp i Ta'if seint i 1940-åra.[8] I 1965 innvigde kong Faisal ein 87 km lang fjellveg mellom Mekka og Ta'if,[9] og i 1947 byrja arbeidet på den 600 km lange Ta'if-AbhaJizan-vegen.[10]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Taif har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), med varme somrar og milde vintrar. Temperaturane er ikkje så ekstreme om sommaren som lågareliggande delar av Saudi-Arabia. Det er mykje kjøligare i Taif om sommaren enn andre område av Saudi-Arabia, som Riyadh. Her kjem lite nedbør, men det kan kome regn i alle månadane, med eit maksimum på våren og seint på hausten.

Vêrdata for Ta'if i Saudi-Arabia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 29,4 32,6 34 35 38,2 39 40 39 38 34,6 30,2 29,2 40
Gjennomsnittleg maks °C 21,9 23,7 26,7 28,7 32,3 35,1 34,4 34,3 33,9 29,6 25,4 22,7 29,1
Døgnmiddeltemperatur °C 15,3 16,6 19,7 21,8 25,5 28,4 28,5 28,2 27,3 22,7 18,6 15,9 22,4
Gjennomsnittleg min °C 8,4 9,5 12,7 15,1 18,6 21,7 22,9 22,9 20,5 15,5 11,9 9,1 15,7
Lågast målte °C −1 1 2,2 4 5,6 13,9 13,3 13,3 13,8 8 5 −1 −1
Gjennomsnittleg nedbør mm 7,6 4,1 14,8 0,4 30,6 5,3 3,9 5,8 6,8 10,9 21,5 7,3 119
Gns. luftfukt (%) 60 52 45 43 36 23 26 28 28 39 55 58 41
Kjelde: NOAA (1961-1990)[11]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hirschberg, Haim Ze'ev (1972). «Arabia» In Encyclopaedia Judaica. 3. Jerusalem: Macmillan. s. 234.
  2. 2,0 2,1 «The Excellent Exemplar - Muhammed». Alislam.org. Henta 25. mai 2016. 
  3. Hisham Ibn Al-Kalbi - The Book of Idols. 
  4. Ibn Ishaq - Sīratu Rasūlu l-LāhHawting. 
  5. Brekhus, Anthony Ham, Andrew Madden, Martha (2004). Saudi-Arabia (1st utg.). Footscray, Vic.: Lonely Planet. s. 107. ISBN 1740596676. 
  6. David Holden in The huset Saud
  7. Merriam-Webster's geographical dictionary. (1997). (Third edition). Springfield, MA: Merriam-Webster Inc. s. 1152. ISBN 0-87779-546-0.
  8. «Foundations: The Pillars». Saudi Aramco World. Henta 25. mai 2016. 
  9. «Masterpieces By The Million». Saudi Aramco World. Henta 25. mai 2016. 
  10. «Made In: Saudi-Arabia». Saudi Aramco World. Henta 25. mai 2016. 
  11. «Climate Normals for Taif». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 17. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ta'if