Najd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nedsjd)
Gå til: navigering, søk
Najd lagt over den moderne politiske inndelinga av Saudi-Arabia

Najd, Nejd eller Nesjd (arabisk نجد, Najd) er eit geografisk, sentralt område i Saudi-Arabia der kring 30 % av alle saudiarabarar bur.[1] Najd består av regionane Riyadh, Al-Qassim og Ha'il.

Innbyggjarane i Najd er den dominerande minoriteten i Saudi-Arabia [2][3] og i motsetnad til Hejaz, er Najd særs fjerntliggande og har i stor grad unngått å hamne under utanlandsk kontroll.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førislamsk tid[endre | endre wikiteksten]

I førislamsk tid var regionen Nejd busett av mange stammer, som kindittane, tayy og mange andre.

Leia av Usma bin Luai, invdarte tayy fjella i Ajaa og Salma frå Banu Tamim nord i Arabia under utvandringa deira frå Jemen i 115 evt. Desse fjella vert no kalla Jabal Shammar. Tayy vart nomadiske kamelgjetarar og hesteoppdrettarar nord i Najd i mange hundreår.

På 400-talet vart stammene i Nord-Arabia ein stor trugsel for handelslinja mellom Jemen og Syria. Ḥimyarittane valte å opprette ein vasallstat som kontrollerte det sentrale og nordlege Arabia. Kindittane vart mektige og talrike og tok denne rolla, og i 425 evt. vart den himyarittiske kongen Ḥasan ibn 'Amr ibn Tubba’ til Ḥujr 'Akīl al-Murār ibn 'Amr, den første kongen (Ḥujr) av Kindah. Kindittane grunnla eit kongedøme i Najd i det sentrale Arabia i motsetnad til dei organiserte statane i Jemen. Den første hovudstaden deira var Qaryat Dhāt Kāhil, i dag kjend som Qaryat al-Fāw.[4]

Ghassānids, lakhmidane og kindittane var alle Kahlan- og Qahtan-vassallane utpeikte av bysantinarane, persarane og himyarittane til å verne grensene sine og interessene til keisardømet frå raid frå Adnani-stammene, som då var ein aukande trugsel. På 400- og 500-talet prøvde kindittane for første gong å samle alle stammene i det sentrale Arabia gjennom alliansar, og fokuserte på krigar med lakhmidane. Al-Ḥārith ibn 'Amr, den mest kjende av kongane deira, klarte til slutt å ta Lakhmid-hovudstaden al-Ḥirah sør i det dagens Irak.[5] Seinare, kring 529, tok al-Mundhir byen attende og tok livet av kong Ḥārith og kring femti av familiemedlammane hans.

I 525 invaderte aksumittane Ḥimyar, og kindittane tampte støtta si hos himyarittane. I løpet av tre år hadde det kindittiske kongedømet blit delt i fire grupper: Asad, Taghlib, Qays og Kinānah, kvar leia av ein prins av Kindah. Desse små 'fyrstedøma' vart styrta i 530- og 540-åra i ei rekkje opprør frå 'Adnānī-stammene i Najd og Ḥijāz. I 540 øydela lakhmidane alle dei kindittiske busetjingane i Nejd, og tvang dei fleste av dei til å flytte til Jemen. Kindittane og dei fleste arabiske stammene byrja å støtte lakhmidane.

Muhammed-tida[endre | endre wikiteksten]

I tida til den islamske profeten Muhammed, utførte Muhammed fleire militære raid i området. Det første var Nejd karavaneraid mot Quraysh, som fann stad i 624. Innbyggjarane frå Mekka leia av Safwan ibn Umayyah, som levde av handel, drog om sommaren til Syria for å gjere handel. Då Muhammed fekk vite om ruta til karavanen gav han Zayd ibn Haritha ordre om å gå etter karavanen, og dei plyndra karavanen for 100 000 dirhams.[6][7]

Invasjonen av Nejd skjedde i Rabi‘ Ath-Thani eller Jumada Al-Ula, i oktober 625 evt.[7]

Muhammed førte soldatane sine til Nejd for å skremme bort somme stammer han meinte hadde mistenksame intensjonar.[8] Somme forskarar meiner at Dhat al-Riqa-ekspedisjonen fann stad i Nejd som ein del av denne invasjonen.[8]

Den mest autentiske meininga er i følgje «Saifur Rahman al Mubararakpuri», at Dhat Ar-Riqa‘-felttoget fann stad etter Khaibar fall (og ikkje som ein del av invasjonen av Nejd). Dette vert støtta av at Abu Hurairah og Abu Musa Al-Ash‘ari var vitne til slaget. Abu Hurairah slutta seg til islam nokre dagar før Khaibar, og Abu Musa Al-Ash‘ari kom attende frå Abyssinia (Etiopia) og vart med Muhammed ved Khaibar. Reglane som er knytte til bønene for frykt, som Muhammed observerte under Dhat Ar-Riqa‘-felttoget, vart avdekt under Asfan-invasjonen og forskarane meiner at dette fann stad etter Al-Khandaq (slaget ved grøfta).[8]

Qatan-ekspedisjonen fann òg stad i Nejd. Banu Asad ibn Khuzaymah-stamma (må ikkje forvekslast med Banu Asad), var innbyggjarar i Katan, i nærleiken av Fayd, og var ei mektig stamme knytt til Quraysh. Dei budde nær åsen Katan i Nejd. Muhammed, fekk vite at dei planla eit raid mot Medina. Han sendte då 150 mann leia av Abu Salama `Abd Allah ibn `Abd al-Asad som raskt gjekk til åtak mot denne stamma.[9][10]

Etter Muhammed[endre | endre wikiteksten]

Riddakrigane[endre | endre wikiteksten]

Etter Muhammed døydde, truga dei ulmande spaningane mellom immigrantar til Mekka, muhajirun, og konvertittane i Medina, ansar, med å bryte ut å splitte Ummahen. Andre arabiske stammer ønskte òg å gå attende til lokalt leiarskap og lausrive seg frå Medina sin kontroll. Somme stader starta påståtte profetar å oppretta leiarar mot Medina, som Al-Aswad Al-Ansi og Musaylimah. Dette var hendingar som førte til ei splitting i det muslimske samfunnet.[11] Ansar, leiarane til stammene i Medina, møtte i hallen eller huset kalla saqifah, for å diskutere kven dei skulle støtte som den nye leiaren sin. Då Abu Bakr vart informert om møtet, hasta han, Umar, Abu Ubaidah ibn al-Jarrah og nokre få andre til møtet for å hindre Ansar frå å gjere ei forhasta avgjersle. Under møtet erklærte Umar at Abu Bakr burde bli den nye leiaren, og erklærte truskap til Abu Bark, etterfølgd av Abu Ubaidah ibn al-Jarrah, og slik vart Abu Bakr den første muslimske kalifen.

Fråfall og opprør sentralt i Arabia vart leia av Ahmad bin farasee, ein sjølverklært profet, i det frodige området Yamamah. Han fekk stort sett støtte av den mektige stamma Banu Hanifa. Ved Buzakha nord i det sentrale Arabia, førte ein annan sjølverklært profet, Tulaiha som var stammehøvding for Bani Asad, eit opprør mot Medina for dei allierte stammene Banu Ghatfan, Hawazin og Tayy. I Najd førte Malik ibn Nuweira stammene i Banu Tamim mot styresmaktene i Medina.[12]

Khalid slo Tulayha i 632 i slaget ved Buzakha. Restane av armeen til Tulayha trekte seg attende til Ghamra, 35 km frå Buzakha, og vart slått i slaget ved Ghamra i september 632.[13]

Kart som forklarar ruta til Khalid ibn Walid under erobringa av Arabia.

Etter Ridda-kringane og fram til 900-talet[endre | endre wikiteksten]

Følgjarane til Muhammed utvida raskt området under muslimsk styre utafor Arabia, og erobra enorme område (frå Iberia i vest til dagens Pakistan i aust) i løpet av få tiår. Slik vart Arabia raskt ein politisk periferi i den muslimske verda då fokusert flytta seg til meir utvikla, erobra land.[14] Frå 900-talet til tidleg på 1900-talet var Mekka og Medina under kontrollen til ein lokal arabisk herskar, som vart kalla sharifen i Mekka, men det meste av tida svor sharifen truskap til herskaren i eit av dei store, islamske rika med base i Bagdad, Kairo eller Istanbul. Det meste av resten av det som vart Saudi-Arabia gjekk attende til tradisjonelt stammestyre.[15][16]

Samlinga av Arabia på 1500-talet[endre | endre wikiteksten]

PÅ 1500-talet la osmanarane til kysten av Raudehavet og Persiabukta (Hejaz, Asir og Al-Ahsa) til riket sitt og hevda suseranitet over dei indre områda. Ei av årsakene var å hindre portugisiske forsøk på å angripe i Raudehavet (derfor Hejaz) og Indiahavet.[17] Kor mykje kontroll osmanarane hadde over desse landområda dei neste fire hundreåra varierte med kor mektig sentralstyret deira var.[18][19] Det som vart den saudiarabiske kongefamilien, kjend som Al Saud, byrja i Nejd, sentralt i Arabia i 1744, då Muhammed bin Saud, som grunnla dynastiet, slo seg saman med den religiøse leiaren Muhammed ibn Abd al-Wahhab,[20] som grunnla wahhabismen, ei streng, puritansk form for sunniislam.[21] Denne alliansen som oppstod på 1700-talet gav den ideologiske drivkrafta til den saudiarabiske utvidinga og dannar framleis grunnlaget for det saudiarabiske dynastistyret i dag.[22] Den første «Saudistaten» vart grunnlagd i 1744 i området kring Riyadh, voks raskt og kontrollerte ei kort stund det meste av dagens Saudi-Arabia,[23] men vart øydelagd i 1818 av den osmanske visekongen i Egypt, Mohammed Ali Pasha.[24] Ein mykje mindre, andre «Saudistat», som hovudsakleg låg i Nejd, vart skipa i 1824. Gjennom resten av 1800-talet kontrollerte Al Saud det indre området av det som vart Saudi-Arabia med ein annan arabisk familie, Al Rashid. I 1891 sigra Al Rashid over Al Saud, og dei vart drivne i eksil til Kuwait.[15]

På byrjinga av 1900-talet hadde Det osmanske riket framleis kontroll eller suseranitet over det meste av halvøya. Eit lappeteppe av stammehøvdingar styrte Arabia under osmanarane,[25][26] og sharifen i Mekka hadde forrang og styrte over Hejaz.[27] I 1902 tok sonen til Abdul Rahman, Abdul Aziz, som seinare vart kjend som Ibn Saud, kontroll over Riyadh og førte Al Saud attende til Nejd.[15] Ibn Saud fekk støtte hos Ikhwan, ein stammehær inspirert av wahhabismen, leia av Faisal Al-Dawish og som hadde vokse raskt etter skipinga i 1912.[28] Med hjelp frå Ikhwan, klatre Ibn Saud å ta Al-Ahsa frå osmanarane i 1913.

I 1916 leia sharifen i Mekka, Hussein bin Ali, med støtte frå Storbritannia (som kjempa mot osmanarane i fyrste verdskrigen) eit pan-arabisk opprør mot Det osmanske riket for å skape ein samla arabisk stat.[29] Sjølv om det arabiske opprøret frå 1916 til 1918 ikkje oppnådde målet sitt, førte sigeren til dei allierte i fyrste verdskrigen til at osmanarane mista kontrollen over Arabia.[30]

Ibn Saud unngjekk å involvere seg i det arabiske opprøret, og forsette i staden kampen mot Al Rashid. Då han sigra tok han tittelen sultan av Nejd i 1921. Med hjelp frå Ikhwan, vart Hejaz erobra i 1924–25 og den 10. januar 1926 erklærte Ibn Saud seg sjølv konge av Hejaz.[31] Eit år seinare la han til tittelen konge av Nejd. Dei neste fem åra styrte han dei to kongedøma som fråskilde einingar.[15]

Etter erobring av Hejaz, endra leiarane av Ikhwan målet sitt til å spre wahhabismen inn i dei britiske protektorata Transjordan, Irak og Kuwait, og byrja å raide desse områda. Ibn Saud var i mot dette sidan han såg faren med ein direkte konflikt med britane. Samstundes mislikte Ikhwan innanrikspolitikken til Ibn Saud som baserte seg på modernisering og stadig fleire ikkje-muslimske utlendingar i landet. Dei vendte seg derfor mot Ibn Saud og etter etter ein to år lang kamp, vart dei slått i 1930 ved slaget ved Sabilla, der leiarane vart massakrerte.[32] I 1932 vart dei to kongedøma Hejaz og Nejd slått saman til kongedømet Saudi-Arabia.[15]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Tweigskrenten (Tuwaiq) frå vest. Den saudiarabiske hovudstaden Riyadh ligg like bortafor horisonten.

Det arabiske ordet najd tyder «høgland» og var ein gong nytta om ei rekkje område på Den arabiske halvøya. Det mest kjende av desse var den sentrale regionen på halvøya som grensa i vest til fjella i Hejaz og Jemen og i aust til den historiske regionen Aust-Arabia og i nord til Irak og Syria.

Najd er eit platå som varierer frå 760 til 1525 meter over havet og heller frå vest til aust. Dei austlege delane (historisk kalla Al-Yamama) er markert av oasar med mange gardar og handelsaktivitet, medan resten tradisjonelt sett har vore tynt folkesett av nomadiske beduinar. Dei viktigaste topografiske trekka er dei doble fjella Aja og Salma i nord, nær Ha'il, høglandet Jabal Shammar og fjellkjeda Tuwaiq som strekkjer seg langs midten frå nord til sør. Her finst òg mange tørre elveleie (wadi) som Wadi Hanifa nær Riyadh, Wadi Na'am i sør, Wadi Al-Rumah i Al-Qassim-provinsen i nord og north, Wadi ad-Dawasir heilt sør i Najd ved grensa til Najran. Dei fleste landsbyane og busetnadane i Najd ligg i desse dalane, sidan det stundom kan renne vatn i desse dalane i det elles så tørre ørkenklimaet. Andre ligg nær oasar. Historisk har Najd vore delt inn i mindre provinsar som har bestått av grupper av småbyar, landsbyar og busetnader. Desse inndelingane er framleis kjend av innbyggjarane i dag, og kvar av desse har sin eigen variasjon av Nadj-dialekten og eigne vanar. Den viktigaste av desse provinsane er Al-'Aridh, som omfattar Riyadh og den historiske saudiarabiske hovudstaden Diriyah. Al-Qassim, med hovudstaden i Buraidah, Sudair med senter i Al Majma'ah, Al-Washm med senter i Shaqraa og Jebel Shammar med sin eigen hovudstad i Ha'il. I dagens Saudi-Arabia er Najd delt inn i tre administrative regionar: Ha'il, Al-Qassim og Riyadh, som består av eit samla areal på 554 000 km²

Store byar[endre | endre wikiteksten]

Riyadh er den største byen i Najd, i tillegg til den største byen i landet, med eit folketal på meir enn 4 700 000 i 2009. Andre byar er Buraidah (505 845 i 2005), Unaizah (138 351 i 2005) og Ar Rass (116 164 i 2005).[33] Mindre byar og landsbyar er Sudair, Al-Kharj, Dawadmi, 'Afif, Al-Zilfi, Al Majma'ah, Shaqraa, Tharmada'a, Dhurma, Al-Gway'iyyah, Al-Hareeq, Hotat Bani Tamim, Layla, As Sulayyil og Wadi ad-Dawasir, den sørlegaste busetnaden i Najd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Najd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Saudi-Arabia Population Statistics 2011 (arabisk)». p. 11. http://www.relooney.info/SI_Milken-Arabia/0-Important_14.pdf. 
  2. Fouad N. Ibrahim. «The Shiʻis of Saudi-Arabia». pp. 56–57. https://www.google.com/search?q=a+state+of+religious+minorities%2C+among+which+the+Wahhabis+represent+the+dominant+minority&btnG=Search+Books&tbm=bks&tbo=1&gws_rd=ssl. 
  3. «Saudi Society». pp. 258. http://link.springer.com/static-content/lookinside/505/chp%253A10.1007%252F1-4020-3567-5_27/001.png. 
  4. History of Arabia – Kindah. Encyclopedia Britannica. Henta 18. desember 2015.
  5. «Kindah (people)». Encyclopedia Britannica. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/318035/Kindah. Henta 18. juni 2013. 
  6. Mubarakpuri, The sealed nectar: biography of the Noble Prophet , s. 290.
  7. 7,0 7,1 Hawarey, Dr. Mosab (2010). The Journey of Prophecy; Days of Peace and War (arabisk). Islamic Book Trust. Note: Book contains a list of battles of Muhammed in arabisk, English translation available here
  8. 8,0 8,1 8,2 Rahman al-Mubarakpuri, Saifur (2005), The Sealed Nectar, Darussalam Publications, s. 192, https://books.google.com/books?id=-ppPqzawIrIC&pg=PA192 
  9. Mubarakpuri, The sealed nectar: biography of the Noble Prophet , s. 349.
  10. Ibn Sa’d, vol.ii, s. 150
  11. Fred M. Donner, «Muhammed and the Believers: At the Origins of islam», Harvard University Press, 2010, ISBN 978-0-674-05097-6 [1]
  12. The Encyclopaedia of islam. New Edition. Vol. 1, s. 110.Peter Hellyer, Ibrahim Al-Abed, Ibrahim Al Abed, The United Arab Emirates, A New Perspective, London, Trident Press Ltd., 2001, s. 81-84. ISBN 1-900724-47-2.
  13. A.I. Akram, The Sword of Allah: Khalid bin al-Waleed, His Life and Campaigns, Nat. Publishing. House, Rawalpindi (1970) ISBN 0-7101-0104-X
  14. James E. Lindsay (2005). Daily Life in the Medieval islamic World. s. 33. ISBN 0-313-32270-8. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 «History of Arabia». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/31568/history-of-Arabia. 
  16. William Gordon East (1971). The changing map of Asia. ss. 75–76. ISBN 978-0-416-16850-1. 
  17. William J. Bernstein (2008) A Splendid Exchange: How Trade Shaped the World. Grove Press. s. 191 ff
  18. Bowen, s. 68
  19. Nikshoy C. Chatterji (1973). Muddle of the Middle East, Volume 2. s. 168. ISBN 0-391-00304-6. 
  20. Bowen, s. 69–70
  21. Ian Harris; Stuart Mews; Paul Morris; John Shepherd (1992). Contemporary Religions: A World Guide. s. 369. ISBN 978-0-582-08695-1. 
  22. Mahmud A. Faksh (1997). The Future of Islam in the Middle East. ss. 89–90. ISBN 978-0-275-95128-3. 
  23. D. Gold (6. april 2003) «Reining in Riyadh». NYpost (JCPA)
  24. "The Saud Family and Wahhabi islam". Library of Congress Country Studies.
  25. David Murphy (2008). The det arabiske opprøret 1916–18: Lawrence Sets Arabia Ablaze. ss. 5–8. ISBN 978-1-84603-339-1. 
  26. Madawi Al Rasheed (1997). Politics in an Arabian Oasis: The Rashidis of Saudi-Arabia. s. 81. ISBN 1-86064-193-8. 
  27. Ewan W. Anderson; William Bayne Fisher (2000). The Middle East: Geography and Geopolitics. s. 106. ISBN 978-0-415-07667-8. 
  28. R. Hrair Dekmejian (1994). Islam in Revolution: Fundamentalism in the Arab World. s. 131. ISBN 978-0-8156-2635-0. 
  29. Spencer Tucker; Priscilla Mary Roberts (205). The Encyclopedia of fyrste verdskrigen. s. 565. ISBN 978-1-85109-420-2. 
  30. Albert Hourani (2005). A History of the Arab Peoples. ss. 315–319. ISBN 978-0-571-22664-1. 
  31. James Wynbrandt; Fawaz A. Gerges (2010). A Brief Saudiarabisk historie. s. 182. ISBN 978-0-8160-7876-9. 
  32. Robert Lacey (2009). Inside the Kingdom. ss. 15–16. ISBN 978-0-09-953905-6. 
  33. جريدة الرياض – عين على القصيم