All You Need is Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
All You Need Is Love
Singel av The Beatles
B-side «Baby, You're a Rich Man»
Utgjeve 7. juli 1967
Innspelt 14. og 19–25. juni 1967
Studio Olympic Sound Studios i London; EMI Studios i London
Sjanger pop[1]
Lengd 3:57
Selskap Parlophone, Capitol
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Strawberry Fields Forever»/«Penny Lane»
(1967)
All You Need Is Love «Hello, Goodbye»
(1967)


«All You Need is Love» er ein song skriven av John Lennon og tilskriven Lennon/McCartney. Han vart først spelt inn av The BeatlesOur World, den første direkte globale fjernsynssendinga. Sendinga gjekk til 26 land og vart sett av 400 millionar menneske. Programmet vart sendt via satellitt den 25. juni 1967. BBC hadde bede the Beatles om å skrive ein song som Storbritannia sitt bidrag til hendinga. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 370. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Beatles vart bede om å lage ein song som inneheldt ei enkel melding som alle nasjonalitetar kunne forstå, og Lennon sin «All You Need is Love» tok meldinga han først prøvde å kome med i songen «The Word» på Rubber Soul i 1965 eit steg vidare.

The Beatles valde songen som den neste singelen sin og han kom ut dagen før Our World-sendinga. I Storbritannia kom han ut 7. juli og gjekk direkte til topps på salslista, der han låg i tre veker. I USA skjedde det same. Her vart songen òg gjeve ut på LP-utgåva av albumet Magical Mystery Tour i november.[2]

Songen var den siste som vart innspelt og gjeve ut før manageren Brian Epstein døydde 27. august 1967.

TV-sendinga[endre | endre wikiteksten]

Under sendinga sat the Beatles (bortsett frå Ringo) på krakkar, i lag med eit lite studioorkester. Rundt dei sat vener og kjende på golvet og song med på refrenget, mellom anna Mick Jagger og Kim McLagan.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den verdsomspennande sendinga skulle songen få ei internasjonal kjensle. Han opna med den franske nasjonalsongen «La Marseillaise» og inneheld delar av andre stykke under den lange avsluttinga, mellom anna eit stykke av Johann Sebastian Bach, «Greensleeves», «In the Mood» av Glenn Miller, ein av dei største hittane til the Beatles, «She Loves You», og «Prince of Denmark's March» av Jeremiah Clarke.

Songstrukturen er innvikla. Hovuddelen av songen (verset) er i ein uvanleg 7/4 takt med to takter 7/4, ein 8/4 takt, så tilbake til 7/4 medan korvokalen i introduksjonen repeterer «Love, love, love» over teksten til Lennon:

« There's nothing you can do that can't be done
Nothing you can sing that can't be sung
Nothing you can say but you can learn how to play the game
It's easy
»

I motsetning er refrenget enkelt: «All you need is love» i 4/4 takt, bortsett frå at kvart refreng berre har sju takter, i motsetnad til dei vanlege åtte, og den sjuande er i 6/4, takt, før ein går tilbake til versa i 7/4.

«All You Need Is Love» er i lag med Pink Floyd sin «Money» frå 1973 den einaste songen i 7/4-takt som har gått inn på Topp 20 på i USA.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ian MacDonald:[3]

The Beatles

Andre musikarar

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 4
Kanadiske RPM 100[8] 1
Tyskland (Media Control AG)[9] 1
Irish Singles Chart[10] 1
Italienske (FIMI)[11] 10
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[12] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[13] 1
Noreg (VG-lista)[14] 1
Svenske Kvällstoppen[15] 1
UK (Official Charts Company)[16] 1
US Billboard Hot 100[17] 1
US Cash Box Top 100[18] 1
Liste (1987) (nyutgjeving) Plassering
Irish Singles Chart[10] 19
UK (Official Charts Company)[16] 47

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Canada[19] 3
US Billboard[20] 30
US Cash Box[21] 43

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[22] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn sine versjonar av songen, anten på plate eller på konsertar. Av desse finn ein mellom anna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «The Beatles 'All You Need Is Love'». AllMusic. Henta 20. august 2011. 
  2. «The Beatles Bible: All You Need Is Love». Henta 8. februar 2009. 
  3. MacDonald 2005, s. 261.
  4. Lewisohn 2005, s. 120.
  5. Worldcharts.co.uk. «Australia n°1 Hits – 60's». Arkivert frå originalen 31. juli 2013. Henta 5. juli 2013. 
  6. "The Beatles – All You Need Is Love – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  7. "Ultratop.be – The Beatles – All You Need Is Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  8. «All you need is love in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 5. juli 2013. 
  9. "The Beatles - All You Need Is Love". Charts.de. Media Control.
  10. 10,0 10,1 «All you need is love in Irish Chart». IRMA. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 5. juli 2013.  Only results when searching «All you need is love»
  11. «The best-selling singles of 1967 in Italy». HitParadeItalia (it). Henta 5. juli 2013. 
    56. All you need is love – The Beatles [#10]
  12. "Nederlandse Top 40 – The Beatles search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  13. "Dutchcharts.nl – The Beatles – All You Need Is Love" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  14. "Norwegiancharts.com – The Beatles – All You Need Is Love". VG-lista. Hung Medien.
  15. «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Augusti 1967» (PDF) (på Swedish). hitsallertijden.nl. Henta 21. februar 2018. 
  16. 16,0 16,1 «Beatles». Official Charts Company. Henta 5. juli 2013. 
  17. «The Beatles awards on Allmusic». AllMusic. Henta 5. juli 2013. 
  18. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950–1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32. 
  19. «RPM 100 Top Singles of 1967». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 12. august 2016. Henta 18. juni 2016. 
  20. «Top 100 Hits of 1967/Top 100 Songs of 1967». musicoutfitters.com. Henta 18. juni 2016. 
  21. «The Cash Box Year-End Charts: 1967». Cashbox Archives. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18. juni 2016. 
  22. «American single salstrofé – The Beatles – All You Need Is Love». Recording Industry Association of America. Henta 14. mai 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]