Is This the Life We Really Want?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Is This the Life We Really Want?
Studioalbum av Roger Waters
Språk engelsk
Utgjeve 2. juni 2017
Innspelt 2010–2017
Sjanger Progressiv rock
Lengd 54:06
Selskap Columbia
Produsent Nigel Godrich
Roger Waters-kronologi 
Roger Waters: The Wall
(2015)
Is This the Life We Really Want? The Soldier's Tale
(2018)


Singlar frå Is This the Life We Really Want?
  1. «Smell the Roses»
    Utgjeve: 20. april 2017
  2. «Déjà Vu»
    Utgjeve: 8. mai 2017
  3. «The Last Refugee»
    Utgjeve: 19. mai 2017
  4. «Wait for Her»
    Utgjeve: 19. juli 2017

Is This the Life We Really Want? er det fjerde soloalbumet til den engelske rockemusikaren Roger Waters, gjeve ut 2. juni 2017 på Columbia Records. Det vart produsert av Radiohead-produsenten Nigel Godrich, som bad Waters om å lage eit meir konsist og mindre teatralsk album. Det er det første studioalbumet til Waters sidan Amused to Death (1992), og det første studioarbeidet hans sidan operaen Ça Ira (2005).

Albumet nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 11. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar: «Smell the Roses», «Déjà Vu», «The Last Refugee» og «Wait for Her».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Is This the Life We Really Want? vart innspelt i Los Angeles og London.[1] Det vart produsert av Nigel Godrich, som møtte Waters då han produserte konsertalbumet Roger Waters: The Wall i 2015.[1] Sjølv om Waters ikkje hadde høyrt arbeidet til Godrich med Radiohead, kom dei godt overeins og diskuterte eit samarbeid.[1] Godrich, som var fan av Waters sitt arbeid med Pink Floyd, var ærleg med Waters, og sa til han at noko av soloarbeidet hans «ikkje var lyttbart». Men han forsikra Waters om at han «framleis verkeleg hadde det inne» etter å ha høyrt ein demo av «Déjà Vu».[2]

Godrich ønskte å skape eit nedstrippa album som synte «poeten» Waters.[2] Han meinte at kreativiteten til Waters hadde fått ny giv med Wall Live-turneen og at rolla hans som produsert var å «oppfordre han, presse han litt attende».[2] Han oppfordra Waters til å lage eit konsist album og minna han på at Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon berre var 43 minuttar langt.[1] I motsetnad til det meste av arbeidet til Waters, så var ikkje Waters sjølv produsent på denne plata. Han sa: «[Godrich] gjorde ein glimrande jobb ... eg sat på hendene mine med leppene igjen. Du har leigd inn denne hunden, la han gjere jobben sin.»[3] Godrich brukte lydbandsløyfer og tilfeldige lydar mellom spora på albumet. Han er òg oppført med arrangement, lydcollage, klaverinstrument, gitar og miksing.[4]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Is This the Life We Really Want er eit konseptalbum,[5] som byrja som eit radioskodespel om ein mann og barnebarnet hans som undersøkte kvifor barn vart drepne i andre delar av verda.[5] Waters skildra skodespelet som «ei reise på eit magisk teppe, dels politisk deklamering, dels smerte». Det bestod av omkring eit dusin songar.[1] Godrich overtalte Waters til å gå bort frå dei teatralske elementa og skape eit «mykje mindre lineært» verk.[5] Waters sa han planla å produsere den opphavlege ideen ein gong i framtida.[5]

Waters sa om temaet på albumet:[5]

« Uroa eg har over det sentrale spørsmålet – «Kvifor drep me barn?» – er framleis der. Eg er framleis djupt uroa over at me drep barn over heile verda nesten utan å tenkje over det, fordi me er blitt så upåverkelege til ideen kvar gong teppet fell for eit gløymd liv. Det er fordi me har stått og sett på stille og likegyldige - det er normalt. Eg siterer frå plata no. Og uheldigvis har det blitt normalt. Me har normalisert døden til dei uskuldige. »

Waters sa òg om albumet at han var inspirert av å ha blitt forelska:[1]

« Plata handlar i røynda om kjærleik - som eigentleg er det alle platene mine eigentleg handlar om ... Det er òg spørsmålet om korleis me tek vare på desse augneblinka med kjærleik - om me har nokre av dei i livet vårt - og om me let kjærleiken skine på resten av eksistensen, på andre. »

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Is This the Life We Really Want? kom ut 2. juni 2017 på Columbia Records.[6] Det var de første soloalbumet til Waters sidan Amused to Death (1992).[7] Albumet nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 11. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet: «Smell the Roses», «Déjà Vu», «The Last Refugee» og «Wait for Her». Albumet vart blokkert frå utgjeving i Italia etter at kunstnaren Emilio Isgrò hevda at plateomslaget plagierte arbeidet hans.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic72/100[9]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[10]
Consequence of SoundB[11]
Drowned in Sound8/10[12]
Exclaim!7/10[13]
The Independent2/5 stars[14]
The Observer3/5 stars[15]
Pitchfork6.9/10[16]
Rolling Stone4/5 stars[17]
Sputnikmusic4.1/5[18]

Metacritic, som gjev ei normalisert rating opp til 100, har albumet ein score på 72, basert på 16 meldingar.[9] Rolling Stone sa: «Musikken er som kjernen i post-Dark Side Of The Moon Floyd, men kanalisert gjennom andre: produsenten Nigel Godrich brakte med seg prog-rock-stordom, multiinstrumentalisten Jonathan Wilson mikrodosar av psykedelia, Lucius ein alt-R&B-korvokal.»[17] Drowned in Sound sa at albumet «er eit langt, yrande episk verk som strekkjer seg utover heile plata. Det er så fult av idear og intrikate melodiar at det er lett å bli suge inn i dette albumet.»[12] Consequence of Sound sa at albumet «er lett det mest tilgjengelege Waters har laga som soloartist - ei destillering av dei antifacistiske, antiimperialistiske og antigrådige meldingane han har kringkasta sidan Pink Floyd.»[11] Pitchfork sa at «myriaden av lydmessige referansar til arbeidet hans med Pink Floyd, indikerer at Waters er komfortabel med fortida si. Dess meir du aksepterer kor mykje fortida hans er reflektert i notida hans, dess meir mottakeleg er du for sjarmen på dette albumet.»[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters, utanom «Wait for Her», skriven av Waters & Mahmoud Darwish.

Nr.TittelLengd
1.«When We Were Young»1:39
2.«Déjà Vu»4:27
3.«The Last Refugee»4:12
4.«Picture That»6:47
5.«Broken Bones»4:57
6.«Is This the Life We Really Want?»5:55
7.«Bird in a Gale»5:31
8.«The Most Beautiful Girl»6:09
9.«Smell the Roses»5:15
10.«Wait for Her»4:56
11.«Oceans Apart»1:07
12.«Part of Me Died»3:14
Total lengd:54:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2017) Plassering
Australske album (ARIA)[19] 7
Austerrikske album (Ö3 Austria)[20] 3
Belgiske album (Ultratop Flandern)[21] 2
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[22] 1
Kanadiske album (Billboard)[23] 4
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[24] 1
Danske album (Hitlisten)[25] 2
Nederlandske album (MegaCharts)[26] 2
Finske album (Suomen virallinen lista)[27] 9
Franske album (SNEP)[28] 2
Tyske album (Offizielle Top 100)[29] 3
Ungarske album (MAHASZ)[30] 8
Irske album (IRMA)[31] 8
Italienske album (FIMI)[32] 2
Mexicanske album (AMPROFON)[33] 20
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[34] 2
Norske album (VG-lista)[35] 1
Polske album (ZPAV)[36] 1
Portugisiske album (AFP)[37] 3
Skotske album (OCC)[38] 1
Sørkoreanske album (Gaon)[39] 67
Spanske album (PROMUSICAE)[40] 5
Svenske album (Sverigetopplistan)[41] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[42] 1
Britiske album (OCC)[43] 3
US Billboard 200[44] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2017) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[45] 49
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[46] 30
Nederlandske album (MegaCharts)[47] 49
Tyske album (Offizielle Top 100)[48] 94
Italienske album (FIMI)[49] 49
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[50] 42

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[51] Gull 25 000*
Polen(ZPAV)[52] Gull 10 000*
Sveits(IFPI Switzerland)[53] Gull 15 000x

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Roger Waters Talks New Album, Moving Past 'Spectacle' for Tour». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. april 2018. Henta 20. juli 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «How Pink Floyd's Roger Waters refound his fire at 72 - The Nation». The Nation (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. april 2018. Henta 20. juli 2019. 
  3. Kot, Greg. «Roger Waters is, for a change, happy to be on tour». chicagotribune.com (på engelsk). Henta 20. juli 2019. 
  4. «Roger Waters Details New Album Is This the Life We Really Want?, Produsert av Nigel Godrich». Spin. 20. april 2017. Arkivert frå originalen 26. april 2018. Henta 20. juli 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «How Roger Waters Will Fight Trump With Upcoming Tour, Concept Album». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. juni 2018. Henta 20. juli 2019. 
  6. Grow, Kory (16. februar 2017). «Hear Roger Waters Tease New 'Is This the Life We Really Want?' LP». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. mars 2017. Henta 22. mars 2017. 
  7. «Roger Waters is working with Radiohead produsent Nigel Godrich». FACT Magazine: Music News, New Music. (på engelsk). 14. oktober 2016. Henta 20. juli 2019. [daud lenkje]
  8. «Roger Waters’ New Album Blocked in Italy Over Copyright Claim | Pitchfork». pitchfork.com (på engelsk). Henta 20. juli 2019. 
  9. 9,0 9,1 «Reviews and Spor for Is This The Life We Really Want? by Roger Waters». Metacritic. 
  10. Erlewine, Stephen Thomas. «Is This the Life We Really Want? – Roger Waters: Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 2. juni 2017. 
  11. 11,0 11,1 TJ Kliebhan. «Roger Waters – Is This The Life We Really Want?». Consequence of Sound. 
  12. 12,0 12,1 «Album Review: Roger Waters – Is This the Life We Really Want?». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 2. juni 2017. Henta 20. juli 2019. 
  13. «Roger Waters Is This the Life We Really Want?». Exclaim!. 
  14. «Platemeldingar: The Beatles – Sgt Pepper's 50th Anniversary, Alt J – Relaxer, Dan Auerbach – Waiting On A Song». The Independent. 
  15. «Roger Waters: Is This the Life We Really Want? review – protest prog». The Observer. 
  16. 16,0 16,1 «Roger Waters: Is This the Life We Really Want? Album Review». Pitchfork. 
  17. 17,0 17,1 «Review: Roger Waters' 'Is This The Life We Really Want?'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. september 2017. Henta 20. juli 2019. 
  18. «Review: Roger Waters – Is This the Life We Want?». Sputnikmusic. 
  19. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  20. "Roger Waters - Is This the Life We Really Want?" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  21. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  22. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  23. "Roger Waters Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Roger Waters. Prometheus Global Media. Henta 20. juli 2019.
  24. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201723 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 20. juli 2019.
  25. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  26. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  27. "Roger Waters: Is This the Life We Really Want?" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 20. juli 2019.
  28. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  29. "Offiziellecharts.de – Roger Waters – Is This the Life We Really Want?" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 20. juli 2019.
  30. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 22. juni 2017.
  31. «Irish Albums Chart: 20. juli 2019». Irish Recorded Music Association. Henta 20. juli 2019. 
  32. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  33. «Top Album - Semanal (del 09 de Junio al 15 de Junio)» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 11. juli 2017. Henta 11. juli 2017. 
  34. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  35. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  36. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 20. juli 2019.
  37. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 18. juni 2017.
  38. "20170609 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 20. juli 2019.
  39. «2017년 22주차 Album Chart» (på Korean). Gaon. Henta 12. august 2017. 
  40. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  41. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  42. "Roger Waters – Is This the Life We Really Want?". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
  43. "20170609 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 20. juli 2019.
  44. "Roger Waters Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roger Waters. Prometheus Global Media. Henta 20. juli 2019.
  45. «Jaaroverzichten Albums 2017». Ultratop. Henta 21. desember 2017. 
  46. «Rapports Annuels Albums 2017». Ultratop. Henta 21. desember 2017. 
  47. «Jaaroverzichten – Album 2017». Hung Medien. Henta 23. desember 2017. 
  48. «Top 100 Album-Jahrescharts». GfK Entertainment (på tysk). offiziellecharts.de. Henta 29. desember 2017. 
  49. «Classifiche annuali dei dischi più venduti e dei singoli più scaricati nel 2017» (på italiensk). FIMI. Arkivert frå originalen (Click på «Scarica allegato» and open the «Classifica annuale 2017 Album combined» file) 8. januar 2018. Henta 9. januar 2018. 
  50. «Schweizer Jahreshitparade 2017 – hitparade.ch». Hung Medien. Henta 31. desember 2017. 
  51. «Italian album salstrofé – Roger Waters – Is This the Life We Really Want?» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 3. april 2017.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Roger Waters in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  52. «Polish album salstrofé – Roger Waters – Is This the Life We Really Want?» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). Henta 14. september 2017. 
  53. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Roger Waters; 'Is This the Life We Really Want?')». Hung Medien. Henta 20. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
÷
Ed Sheeran
Toppen av VG-lista
Roger Waters

1 veke, veke 23–2017
Etterfylgjar
÷
Ed Sheeran