The Madcap Laughs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Madcap Laughs
Studioalbum av Syd Barrett
Utgjeve 3. januar 1970
Innspelt 28. mai 1968 – 5. august 1969
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger
Lengd 37:41
Selskap Harvest
Produsent
Syd Barrett-kronologi
The Madcap Laughs Barrett
(1970)


Singlar frå The Madcap Laughs
  1. «Octopus»
    Utgjeve: 14. november 1969

The Madcap Laughs er debutalbumet til den engelske musikaren Syd Barrett som soloartist. Det vart spelt inn etter Barrett hadde slutta i Pink Floyd tidleg i 1968. Albumet vart spelt inn no og då og arbeidet byrja i midten av 1968, medan det meste av innspelinga fann stad mellom april og juli 1969. Fem forskjellige produsentar er oppført på desse innspelingane, inkludert Barrett, Peter Jenner (1968), Malcolm Jones (tidleg til midten av 1969), og dei tidlegare Pink Floyd-kollegaene David Gilmour og Roger Waters (midten av 1969). Blant gjesteartistane er Willie Wilson frå det gamle bandet til Gilmour, Jokers Wild og Robert Wyatt frå bandet Soft Machine.

The Madcap Laughs, kom ut i januar 1970 på Harvest i Storbritannia, men ikkje i USA før i 1974. Det selde godt nok til å nå 40. plassen på den britiske albumlista. Det kom ut på ny i 1974 som ein del av Syd Barrett (som inneheldt The Madcap Laughs og Barrett), som var første gongen desse to platene kom ut i USA. Albumet vart ommastra og gjeven ut på ny i 1993 i lag med andre Barrett-album. Ei ny ommastring kom ut i 2010.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I andre halvdel av 1967 og inn i 1968, då Barrett framleis var medlem av Pink Floyd, var oppførselen hans stadig meir underleg og føreseieleg.[4] Mange hadde sett han på scenen med gruppa i denne perioden, der han kunne stå og spele den same akkorden gjennom heile konserten, eller ikkje spele i det heile tatt.[5] I august 1967 måtte Pink Floyd avlyse framføringa si på prestisjefylte National Jazz and Blues Festival og informere musikkpressa om at Barrett var psykisk utsliten. Bandmanageren Peter Jenner og bassisten Roger Waters prøvde å få Barrett til ein psykiater, men mislukkast og tok han så med seg på ein lengre ferie til den spanske øya Formentera med Sam Hutt, ein lege, men det førte ikkje til noka betring i tilstanden til Barrett. På hausten drog bandet på den første turneen sin til USA.[6] No vart tilstanden til Barrett gradvis verre.[7]

Kring jula 1967 vart gitaristen David Gilmour, ein gammal ven av Barrett frå Cambridge, spurt av resten av Piink Floyd om å bli med som andregitarist i Pink Floyd,[8] men då Barrett etter kvart vart stadig meir utilrekneleg, tok han over permanent i slutten januar 1968.[9] 6. april annonserte gruppa offisielt at Barrett ikkje lenger var medlem av Pink Floyd.[8][10]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Peter Jenner-innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Etter Barrett slutta i Pink Floyd i april 1968, følgde managerane deira Peter Jenner og Andrew King etter.[11] I mai førte Jenner Barrett til EMI Studios i Abbey Road i London, for å spele inn solomateriale. Berre delar av dette kom med på The Madcap Laughs.[8][12] og Jenner tenkte at Barrett kanskje ville fullføre songane han hadde spelt med Pink Floyd, men ikkje fullført hausten før. Barrett hadde derimot andre planar. Under desse første innspelingane klarte ikkje Jenner å få spelt inn noko vokal i det heile for sporet «Golden Hair», «Late Night» og «Clowns and Jugglers» (seinare kalla «Octopus»).[13] Ein tidleg versjon av «Clowns and Jugglers», med militæraktig tromming og orgel, kom ut på Opel,[13] medan ein nedstrippa versjon finst på Crazy Diamond-utgåva av Opel. «Silas Lang»,[14] eller «Lanky (Parts One and Two)» vart òg spelt inn.[8][14][15] Etter innspelinga fortsette i juni og juli fortsette dei å utbetre desse spora, særskild «Swan Lee», og ein ny, betre versjon av «Clowns and Jugglers».[14][16] Barrett spelte derimot ikkje inn ein skikkeleg versjon av sporet «Rhamadam»[sic][17].

Jenner sa han kom godt overeins med Barrett, men at innspelinga i 1968 hadde vore vanskeleg. Han sa: «Eg hadde seriøst underestimert kor vanskeleg det var å arbeide med han ...»[11] Kort tid etter juli stoppa brått Barrett innspelingane, gjorde det slutt med kjærasten Lindsay Corner og la ut på vegen kring Storbritannia i Mini-bilen sin. Han enda opp i psykiatrisk varetekt i Cambridge.[16]

I starten av 1969 hadde Barrett kome seg noko att og valte å vende attende til musikkarrieren og fortsette på innspelingane med Jenner. Han kontakta EMI og kom inn under Malcolm Jones, som då leia EMI sitt nye progrock-selskap, Harvest.[12] Etter både Jenner og Norman Smith, som var Pink Floyd sin produsent på den tida, nekta å arbeide på albumet, tok Jones på seg denne rolla.[16][18]

Innspelinga fann stad i Abbey Road Studios

Malcolm Jones-innspelingane[endre | endre wikiteksten]

Jones hadde litt vanskar med å overtyde sjefen sin, Roy Featherstone, og Ron White, som godkjende innspelingane til EMI, om å la Barrett spele inn med selskapet igjen.[18] I april 1969 tok den unge sjefen over prosjektet og Barrett byrja å arbeide på nyare materiale, i tillegg til omarbeidingar frå 1968.[16] Jones forklarte seinare kvifor EMI let Barrett inn i studio att: «Det vart avgjort å sjå kva styrke det nye materiale til Syd hadde, og planlegge ut frå det. Om det fungerte så ok, då laga med eit album. Om ikkje, så avslutta me det heile ...»[18] I eit møte i leilegheita til Barrett i Earls Court, usikker på produksjonsteknikken til Jenner, bad Jones om å få høyre nokre av innspelingane frå året før;[19] Barrett spelte han «Swan Lee», «Late Night», «Rhamadam», «Lanky (Parts One and Two)» og «Golden Hair».[20] Av desse hadde ikkje «Swan Lee» vokal, men Jones såg potensiale i songen. «Late Night» hadde vokal og Jones noterte «ein viss sjarm», medan «Golden Hair» var «flott».[19] Barrett spelte så fleire songar på gitar for Jones: «Opel» og «Clowns and Jugglers» (begge prøvd innspelt med Peter Jenner), og den nyskrivne «Terrapin» og «Love You».[19]

Dei Jones-produserte innspelingane tok til 10. april 1969 i EMI Studio 3,[16][19] og den dagen vart brukt til å gå gjennom lydbanda frå 1968 for å sjå kva som kunne forbetrast.[21] Det første sporet dei arbeidde på var «Swan Lee», som fekk vokal på og eit nytt gitarspor, og dei vurderte fleire idear for «Clowns and Jugglers». Barrett og Jones meinte at resultata var betre enn dei førre versjonane.[14][21] Dagen etter, i løpet av kring fem timar, spelte Barrett inn vokal og gitar for fire nyleg innspelte songar, og byrja med «Opel». Trass i at «Opel» var nesten ferdig og betre produsert, valte Gilmour og Waters seinare å ikkje ta denne med på Madcap.[22][14] Barrett og den nye produsenten hans var samde om at «Opel» var blant dei beste av dei nye innspelingane;[21] og berre to fullstendige opptak av songen vart spelt inn, men etter fleire forsøk på å kome i gang.[21] Den nesten songen dei prøvde seg på var «Love You», og det første opptaket var raskare enn det andre opptaket som vart det endelege opptaket.[14][21] Etter «Love You» spelte dei inn «It's No Good Trying», som vart fullført på få forsøk.[14][21] Barrett var i «storform og veldig glad», sa Jones og «særs samla».[21] Under ein lunchpause snakka dei om å forbetre nokre andre songar frå Jenner-innspelinga, særskild «Golden Hair» og «Late Night».[23] Etter å ha gått inn i studio att arbeidde dei på «Terrapin», som Barrett ønskte å berre spele ein gong,[23] og la til slidegitar og vokal på «Late Night».[14][23]

Den neste innspelingsdagen fann stad 17. april i Studio 2 i Abbey Road.[24] Barrett hadde teke med seg nokre vener inn i studio for å spele med han:[23] Jerry Shirley, trommis i Humble Pie, og Willie Wilson, trommis i Jokers Wild, sjølv om han ved dette høvet spelte bass.[16][25] Problemet med dette var at songane vart spelte inn live i studio.[23] På dei utgjevne versjonane har fleire av dei falske startar og kommentarar av Barrett.[16] Det første sporet Barrett og venene hans spelte på var «No Man's Land»,[25] etter Barrett hadde spelt gjennom songen fleire gonger, slik at Shirley og Wilson kunne lære seg songen.[23] Då dei hadde øvd nok, gjekk dei for eit opptak for å sjekke korleis bandet høyrdest ut og teste utstyret frå kontrollrommet.[23] Etter desse testane, spelte bandet inn tre forsøk, og det siste vart den endelege utgåva av «No Man's Land». Bassen vart derimot spelt inn att på ny seinare.[23] I følgje Jones var det ikkje lett å spele med Barrett: «Ein måtte berre følgje han, ikkje spele med han. Dei andre såg kva han gjorde og spelte slik at dei alltid låg ein note bak ...»[16] Shirley sa om Barrett: «Han gav inntrykk av at han visste noko du ikkje visste. Han hadde denne musikkaktige fnisinga ...»[16]

Så spelte dei inn ein song Barrett hadde skrive på få minutt, «Here I Go», som ikkje trengde ekstra lydspor.[24][25] Denne innspelinga for «No Man's Land» og «Here I Go» varte berre tre timar. Då han vart spurt om han hadde nokre andre nye songar for den neste innspelingsdagen veka etter, den 23. april, svarte Barret at han hadde «ein rar ide eg vil teste» og at dei andre musikarane ikkje trengde å kome.[24] Barrett ønskte å prøve opp att ein av songane han hadde prøvd å spele med Jenner − «Rhamadam».[24][26] Morgonen 23. april møtte Barrett opp i studio med ei kassettspelar, der han hadde spelt inn lydar av ein motorsykkel. Han fortalte til Jones at denne var «heilt klar til å setjast inn på lydspor fire».[24] Produsenten skildra lydkvaliteten som »forferdeleg", noko som vart stadfesta då spelaren til Barrett var kopla til ein 4-sporsopptakar.[24] I staden vart det bestemt at Barrett skulle bruke motorsykkellydar frå det store lydeffekt-biblioteket til EMI.[27] Utvelgjingsprosessen tok ein time, og Jones hadde byrja å miste trua på Barrett.[16] Seinare skifta Barrett meining og la bort denne ideen.[27]

Innspelinga 25. april vart nesten avlyst, sidan Jones var blitt sjuk av kolitt.[27] På førehand hadde dei avgjort at denne dagen skulle brukast til å overføre dei tidlegare innspelte 4-sporsopptaka over til ein nyare 8-sporsopptakar i Studio 3, slik at ein kunne leggje på fleire lydspor seinare.[27][26] Etter forslag frå Jones og trass i åtvaringar om at Barrett ikkje burde vere i studio aleine,[18] drog Barrett til studioet for å gjere miksinga på eiga hand.[27][26] Det var blitt avgjort at nesten alle spora som var spelt inn til då trengde ekstra lydspor[27] utanom «No Man's Land» og «Here I Go».[26] På dette tidspunktet vurderte Barrett å ha med «Opel» på albumet,[27] Jones kalla dette «den beste og mest uforgløymelege» songane til Barrett.[27] For innspelinga 3. mai, vart det lagt på ekstra lydspor til tre songar på albumet av Robert Wyatt, Hugh Hopper og Mike Ratledge, alle medlemmar i bandet Soft Machine:[16][27][28] Dei tre songane var «Love You», «No Good Trying»,[28] og «Clowns and Jugglers».[27][26] Sjølv etter Soft Machine-medlemmane hadde lagt fleire instrument til «Clowns and Jugglers», ønskte Barrett enno meir bass og trommer på sporet.[27]

Robert Wyatt har fortalt at musikarane spurte «Kva toneart er det i, Syd?», då Barrett berre svarte «Ja» eller «Det var morosamt».[16] På denne tida spelte Barrett òg gitar på innspelingane til debutalbumet til det opphavlege Soft Machine-medlemmet Kevin Ayers, Joy of a Toy,[29] sjølv om framføringa hans på «Religious Experience» ikkje kom ut før albumet kom ut på ny i 2003. Dagen etter spelte Barrett inn baklengsgitar på «No Good Trying», og soloen på «Terrapin» og «No Man's Land».[26][30] Det var på denne tida at Jones gav eg. Gilmour hadde byrja å vise interesse i korleis det gjekk med Barrett og albumet hans.[30] Sjølv om Barrett hadde fortalt romkameraten sin at han ein ettermiddag «berre skulle køyre ein liten tur», vart han med Pink Floyd på tur til Ibiza.[16] På denne reisa spurte han David Gilmour om hjelp på albumet,[16] og i slutten av mai gav Malcolm Jones seg som produsent på prosjektet.

David Gilmour- og Roger Waters-innspelingane[endre | endre wikiteksten]

I boka si The Making of the Madcap Laughs, sa Jones at «då Dave kom til meg og sa at Syd ønskte at han og Roger skulle gjere resten av albumet, gjekk eg med på det».[30] Roger Waters og David Gilmour heldt på å fullføre Pink Floyd-albumet Ummagumma[16][30] då dei vart involvert i The Madcap Laughs i juli og hjelpte Barrett å fullføre albumet − «i løpet av to lange dagar», i følgje Pink Floyd-biografien Rick Sanders.[31] «Me hadde særs lite tid,» sa Gilmour i mai 2003. «Syd var særs vanskeleg og me vart veldig frustrerte: Høyr her, ven, det er din jævla karriere. No må du få fingen ut og gjere noko. Fyren hadde problem, og var ein nær ven i mange år før det, så det var verkeleg det minste me kunne gjere.»[32]

Etter den første innspelinga med Gilmour og Waters,[33] den 12. juni,[26][34] hadde dei gjort om «Clowns and Jugglers» til «Octopus»,[13][26][34] frå versjonen med Soft Machine, så spelt inn «Golden Hair» på ny, og spelt inn «Long Gone»[16][26][34] og «Dark Globe».[16][26][34] Dagen etter vart brukt til å fullføre «Octopus»,[26][34][35] og dette vart den siste innspelingsdagen til Barrett på over ein månad,[35] då Gilmour og Waters måtte mikse ferdig Ummagumma, til Barrett si store fortviling,[16][30] og ein Floyd-turné i Nederland.[35] Men den 26. juli[36] klarte dei å få spelt inn «She Took a Long Cold Look at Me»,[16][35][36] «Feel»,[16][36] «If It's in You»,[16][36] ein annan versjon av «Long Gone»,[35][36] eit forsøk på spele «Dark Globe» inn på ny og til og med ein medley med «She Took» / «Feel» / «If It's in You».[35][37] Barrett tillet ikkje at musikarane fekk øve eller spele inn at nokre av partane sine, og insisterte på at dei var bra som dei var. Etter den siste innspelinga for albumet var over, miksa Gilmour og Waters både spora dei hadde vore med å spele inn og spora med Jones,[35] i løpet av berre to dagar.[37] Fem spor vart miksa 5. august: «Long Gone», «She Took», «Feel», «If It's in You» og «Octopus».[37] Dagen etter vart tre spor, «Golden Hair», «Dark Globe», and «Terrapin», miksa på berre tre timar.[37] Songane vart så sett i rekkjefølgje av Barrett og Gilmour den 6. oktober. Både Barrett og Jones var misnøgd med den lange pausen.[35]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[28]
Christgau's Record GuideB[38]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[39]

«Octopus» kom ut på singel i november 1969 og The Madcap Laughs følgde 3. januar 1970.[40] Albumet kom ut på Harvest i Storbritannia og selde 20 000 eksemplar dei første dagane[40][41] og klatra til 40. plassen i Storbritannia[42] og fekk nokså god kritikk i pressa.[13][40][41] Gilmour sa: «Kanskje me prøvde å vise korleis Syd verkeleg var. Men eg trur me pressa han litt mykje ...»[41] Barrett sa «Det var ganske fint, men eg blir særs overraska om det markerer seg. Om eg skulle døy, så trur eg ikkje det vil halde som den siste ytringa mi.» Waters var meir optimistisk og sa at Barrett var eit «geni».[41] Salstala og reaksjonane var gode nok til at EMI gav løyve til å gje ut eit andre soloalbum.[40]

Malcolm Jones var sjokkert over det han oppfatta som dårleg utføring på songane Gilmour og Waters hadde produsert: «Eg vart sint. Det var som ein offentleg skittentøysvask og særs unødvendig og lite snilt ...»[41] Barrett sa seinare om albumet: «Eg likte det som kom ut, men det tok for lang tid mellom innspelinga og utgjevinga. Eg ville at det skulle vere ein heilskap som folk kunne lytte til heile vegen gjennom der alt hang saman og var balansert, der tempoa og stemningane vog kvarandre opp, og eg håper det er slik det vert oppfatta.»[43] I eit forsøk på å auke salstala skreiv Jones eit brev til musikkmagasinet Melody Maker, under eit alternativ namn, der han skreiv kor bra albumet var.[40]

Den 6. juni 1970 heldt Barrett den einaste konserten sin, på Kensington Olympia,[44] i lag med Gilmour og Shirley. Han forbausa publikum (og Gilmour og Shirley) då han brått tok av gitaren etter det fjerde nummeret og gjekk av scenen.[45] Dei spelte «Terrapin», «Gigolo Aunt», «Effervescing Elephant» og «Octopus».[44] Det finst piratkopiplater med konserten.[44][46][47][48]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

For plateomslaget målte Barrett golvet på soverommet sitt i Wetherby Mansions[49] oransje og rosa[40][41] med hjelp av ei naken kvinne som er på baksida. Ho var ein ven frå Pakistan som kalla seg Evelyn Rose, betre kjend som «Iggy the Eskimo» og «Iggy the Inuit».[41][50][51] Fotografen Mick Rock sa «Då eg kom for å ta bilete for The Madcap Laughs var Syd framleis i underbuksa. Kvinnevenen hans, 'Iggy the Eskimo' stod naken på kjøkenet.»[52] Iggy møtte Barrett i mars 1969 via den dåverande kjærasten til Barrett, Jenny Spires. Barrett hadde flytta inn i Wetherby Mansions, og Jenny tok Iggy der ein kveld. Iggy vart verande att i leilegheita då Jenny drog til Statane nokre veker seinare. Iggy visste ikkje kven Barrett var eller at han tidlegare hadde vore med i Pink Floyd. Iggy høyrde Barrett spele fleire av songane som kom med på albumet, mellom andre «Terrapin» som ho kalla «ganske fengande». Albumet vart designa av Storm Thorgerson og Aubrey Powell i Hipgnosis.[35] Det stod lite informasjon på omslaget[40] medan seinare utgåver hadde med kven som spelte på albumet.

I september 1974 vart The Madcap Laughs gjeve ut på nytt i lag med Barrett som eit dobbeltalbum.[40][53] I 1993 vart The Madcap Laughs gjeven ut både sjølvstendig og som ein del av plateboksen Crazy Diamond den 26. april 1993.[54] Ei ommastra utgåve kom ut i 2010. For utgjevinga av An Introduction to Syd Barrett i 2010, spelte Gilmour inn eit nytt basspor på «Here I Go», og miksa «Octopus» og «She Took a Long Cold Look» på nytt.[55]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Syd Barrett, utanom «Golden Hair» (musikk av Barrett, basert på eit dikt av James Joyce). All info er henta frå plateheftet.[56]

Original utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelMerknad Lengd
1. «Terrapin»  
  • Opptak 1, innspelt 11. april 1969, ekstra spor lagt til 4. mai
  • Produsert av Malcolm Jones
5:04
2. «No Good Trying»  
  • Opptak 3, innspelt 11. april 1969, ekstra spor lagt til 3–4. mai
  • Produsert av Malcolm Jones
3:26
3. «Love You»  
  • Opptak 4, innspelt 11. april 1969, ekstra spor lagt til 3. mai
  • Produsert av Malcolm Jones
2:30
4. «No Man's Land»  
  • Opptak 5, innspelt 17. april 1969, ekstra spor lagt til 4. mai
  • Produsert av Malcolm Jones
3:03
5. «Dark Globe»  
  • Opptak 1, innspelt 5. august 1969
  • Produsert av David Gilmour og Roger Waters
2:02
6. «Here I Go»  
  • Opptak 5, innspelt 17. april 1969
  • Produsert av Malcolm Jones
3:11
Side to
# TittelMerknad Lengd
7. «Octopus»  
  • Opptak 11, innspelt 12. juni 1969, ekstra spor lagt til 13. juni
  • Produsert av Syd Barrett og David Gilmour
3:47
8. «Golden Hair»  
  • Opptak 11 (nyinnspeling), innspelt 12. juni 1969
  • Produsert av Syd Barrett og David Gilmour
1:59
9. «Long Gone»  
  • Opptak 1, innspelt 26. juli 1969
  • Produsert av David Gilmour og Roger Waters
2:50
10. «She Took a Long Cold Look»  
  • Opptak 5, innspelt 26. juli 1969
  • Produsert av David Gilmour og Roger Waters
1:55
11. «Feel»  
  • Opptak 1, innspelt 26. juli 1969
  • Produsert av David Gilmour og Roger Waters
2:17
12. «If It's in You»  
  • Opptak 5, innspelt 26. juli 1969
  • Produsert av David Gilmour og Roger Waters
2:26
13. «Late Night»  
  • Opptak 2, innspelt 28. mai 1968, ekstra spor lagt til 11. april 1969
  • Produsert av Pete Jenner, Malcolm Jones (ekstra lydspor)
3:10
37:47

1993-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Bonusspor
# TittelMerknad Lengd
14. «Octopus»  
  • Opptak 1 og 2, innspelt 12. juni 1969
  • Produsert av Syd Barrett og David Gilmour
3:09
15. «It's No Good Trying»  
  • Opptak 5, innspelt 11. april 1969
  • Produsert av Malcolm Jones
6:22
16. «Love You»  
  • Opptak 1, innspelt 11. april 1969
  • Produsert av Malcolm Jones
2:28
17. «Love You»  
  • Opptak 3, innspelt 11. april 1969
  • Produsert av Malcolm Jones
2:11
18. «She Took a Long Cold Look at Me»  
  • Opptak 4, innspelt 26. juli 1969
  • Produsert av David Gilmour og Roger Waters
2:44
19. «Golden Hair»  
  • Opptak 5, innspelt 8. juni 1968
  • Produsert av Pete Jenner
2:28
57:13

Japansk utgåve frå 2015[endre | endre wikiteksten]

# TittelMerknad Lengd
20. «Rhamadan»  
  • Opptak 1, instrumental
20:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joe S. Harrington (2002). Sonic Cool: The Life & Death of Rock 'n' Roll. Hal Leonard Corporation. s. 189. ISBN 978-0-634-02861-8. 
  2. Toby Manning (2006). The Rough Guide to Pink Floyd. Rough Guides. s. 231. ISBN 978-1-84353-575-1. 
  3. Jim DeRogatis (1. januar 2003). Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Hal Leonard Corporation. s. 135. ISBN 978-0-634-05548-5. 
  4. Palacios, Julian (1997). Lost in the Woods: Syd Barrett and the Pink Floyd. Boxtree. ISBN 0-7522-2328-3. 
  5. Economist.com (20. juli 2006). «Syd Barrett, obituary». The Economist. Arkivert frå originalen den 14. mars 2010. Henta 17. juni 2019. 
  6. Mason, Nick (2005) [2004]. Philip Dodd, red. Inside Out – A Personal History of Pink Floyd (Paperback utg.). Phoenix. s. 95–105. ISBN 978-0-7538-1906-7. 
  7. Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 91–92. ISBN 1-905139-09-8. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 The Madcap Laughs (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 1. 
  9. Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 14–15. ISBN 1-905139-09-8. 
  10. Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 15. ISBN 1-905139-09-8. 
  11. 11,0 11,1 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 70. ISBN 1-84353-575-0. 
  12. 12,0 12,1 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 3. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Thompson, Dave. «Octopus − Syd Barrett: Listen, Appearances, Song Review». Allmusic. Arkivert frå originalen den 22. juni 2012. Henta 17. juni 2019. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 14,6 14,7 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 15. 
  15. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 70–71. ISBN 1-84353-575-0. 
  16. 16,00 16,01 16,02 16,03 16,04 16,05 16,06 16,07 16,08 16,09 16,10 16,11 16,12 16,13 16,14 16,15 16,16 16,17 16,18 16,19 16,20 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 71. ISBN 1-84353-575-0. 
  17. «Syd Barrett – «The Madcap Laughs» on Discogs». Arkivert frå originalen den 9. januar 2016. 
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 4. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 5. 
  20. Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 4–5. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 21,5 21,6 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 6. 
  22. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 71–72. ISBN 1-84353-575-0. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 7. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 24,5 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 8. 
  25. 25,0 25,1 25,2 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 15–16. 
  26. 26,00 26,01 26,02 26,03 26,04 26,05 26,06 26,07 26,08 26,09 26,10 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 16. 
  27. 27,00 27,01 27,02 27,03 27,04 27,05 27,06 27,07 27,08 27,09 27,10 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 9. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Mason, Stewart. «The Madcap Laughs – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Arkivert frå originalen den 19. juni 2012. Henta 17. juni 2019. 
  29. Bush, John (23. april 2012). «The Harvest Years 1969–1974 – Kevin Ayers : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Arkivert frå originalen den 24. juni 2013. Henta 11. juli 2012. 
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 30,4 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 10. 
  31. Sanders, Rick (1976). The Pink Floyd. London: Futura. ISBN 0-86007-264-9. 
  32. «David Gilmour: Record Collector, May 2003 – All Pink Floyd Fan Network». Pinkfloydfan.net. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 17. juni 2019. 
  33. Parker, David (2001). Random Precision: Recording the Music of Syd Barrett, 1965–1974. Cherry Red Books. s. iv. 
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 11. 
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 35,4 35,5 35,6 35,7 35,8 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 12. 
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 16–17. 
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 17. 
  38. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. februar 2019. 
  39. «Syd Barrett | Bio, Pictures, Videos». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 6. februar 2013. Henta 17. juni 2019. 
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 40,4 40,5 40,6 40,7 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 13. 
  41. 41,0 41,1 41,2 41,3 41,4 41,5 41,6 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 72. ISBN 1-84353-575-0. 
  42. «SYD BARRETT | Artist». Official Charts. Arkivert frå originalen den 28. juni 2012. Henta 30. juli 2012. 
  43. «Syd Barrett: Lucy Leave & Other Rarities – All Pink Floyd Fan Network». Pinkfloydfan.net. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 17. juni 2019. 
  44. 44,0 44,1 44,2 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 270. ISBN 978-0-571-23855-2. 
  45. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 61. ISBN 1-84353-575-0. 
  46. «RoIO LP: He Whom Laughs First». Pf-roio.de. Arkivert frå originalen den 18. oktober 2011. Henta 3. oktober 2012. 
  47. «The International Echoes Hub – Recordings (RoIO) Database: Tatooed». Echoeshub.com. Arkivert frå originalen den 9. januar 2016. Henta 3. oktober 2012. 
  48. «The International Echoes Hub – Recordings (RoIO) Database: Olympia Exhibition Hall». Echoeshub.com. Arkivert frå originalen den 9. januar 2016. Henta 3. oktober 2012. 
  49. «Guide du routard floydien « Wetherby Mansions @ Seedfloyd». Seedfloyd.fr. 27. juni 2011. Arkivert frå originalen den 2. mai 2012. Henta 22. juli 2012. 
  50. »Iggy Who?«; The Holy Church of Iggy the Inuit.
  51. «The Mick Rock Photo Sessions». Julian Palacios. Arkivert frå originalen 27. oktober 2009. Henta 23. september 2007. 
  52. «Mick Rock quoted by Bonita Lee (August 1999)». Peter Houweling. Arkivert frå originalen 8. august 2007. Henta 23. september 2007. 
  53. Thompson, Dave. «The Madcap Laughs/Barrett − Syd Barrett: Songs, Reviews, Credits, Awards». Allmusic. Arkivert frå originalen den 17. februar 2013. Henta 17. juni 2019. 
  54. Unterberger, Richie. «Crazy Diamond − Syd Barrett: Songs, Reviews, Credits, Awards». Allmusic. Arkivert frå originalen den 7. juni 2012. Henta 17. juni 2019. 
  55. «Pink Floyd news :: Brain Damage – 'An Introduction to Syd Barrett' coming from EMI/Harvest in October». Brain Damage. 12. august 2010. Arkivert frå originalen den 27. september 2013. Henta 2. september 2012. 
  56. The Madcap Laughs (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 6.