The Pros and Cons of Hitch Hiking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Pros and Cons of Hitch Hiking
Studioalbum av Roger Waters
Utgjeve 30. april 1984
Innspelt Februar til desember 1983
Sjanger
Lengd 42:07
Selskap
Produsent
Roger Waters-kronologi
Music from The Body
(1970)
The Pros and Cons of Hitch Hiking When the Wind Blows
(1986)


Singlar frå The Pros and Cons of Hitch Hiking
  1. «The Pros and Cons of Hitch Hiking»
    Utgjeve: 9. april 1984
  2. «Every Stranger's Eyes»
    Utgjeve: 12. juni 1984
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Sputnikmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]

The Pros and Cons of Hitchhiking er det første soloalbumet til den britiske musikaren Roger Waters, gjeve ut i 1984, året før han annonserte at han slutta i Pink Floyd. Albumet oppnådde gullplatestatus i USA i april 1995.

Konsept og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Konseptet kom til Waters heilt attende i 1977 og baserte seg på draumane til ein sovande mann tidleg ein morgon mellom 04:30 og 05:12 ein tilfeldig dag. Ein følgjer desse 42 minutta i sanntid. Mannen drøymer at han er på ein biltur gjennom California og fokuserer på midtlivskrisa hans og korleis han drøymer om å begå utruskap med ein haikar han plukkar opp langs vegen. Langs vegen møter han òg andre ting han fryktar og er paranoid for.

I juli 1978 spelte Waters somme av demoane han hadde sett saman for resten av Pink Floyd. Men han spelte òg demoar han hadde laga for eit anna album, kalla Bricks in the Wall.[5][6] Etter ein lang debatt kom bandet fram til at dei føretrekte Bricks in the Wall,[6] sjølv om manageren deira på den tida, Steve O'Rourke, meinte at Pros and Cons høyrdest ut som eit betre konsept,[7] og David Gilmour meinte Pros and Cons var sterkare musikalsk.[6]

Roger Waters sa:

« Vel, ideen for albumet kom samstundes med ideen for The Wall – grunnlaget for ideen. Eg skreiv begge omtrent samstundes. Og eg laga faktisk demoar av begge, og presenterte dei for resten av Floyd og sa, 'Høyr her, eg vil gjere det eine som eit soloprosjekt, og det andre som eit bandalbum, de kan velje.» Så denne var att til meg. Men det har utvikla seg mykje sidan den gongen, trur eg.[8] »

Bricks in the Wall, fekk tittelen The Wall, og vart det neste Pink Floyd-albumet i 1979 og Waters la Pros and Cons på hylla. Tidleg i 1983 henta Waters attende prosjektet.[9] Albumet vart spelt inn i tre forskjellige studio mellom februar og desember 1983 i London, Olympic Studios, Eel Pie Studios og i Waters sitt eige Billiard Room, studioet der han hadde spelt inn demoane. Dirigenten Michael Kamen var med på albumet, i tillegg til skodespelaren Jack Palance, saksofonisten David Sanborn og gitaristen Eric Clapton.

Gitaristen Tim Renwick, som spelte på den påfølgjande turneen, sa om Waters:

« Roger er ein ganske annleis person [enn Eric Clapton eller David Gilmour, som vart skildra som medgjerlege]. Eg har særs stor respekt for han. Han er ein særs klok mann, men han er veldig seriøs. Då Eric og eg turneerte med han, ønskte han at alt skulle vere nøyaktig som på plata, men det tok uheldigvis moroa ut av spelinga.[10] »

Spor 7, «4.50 am (Go Fishing)» har same refrenget som songen «The Fletcher Memorial Home» frå Pink Floyd-albumet The Final Cut: «The Fletcher Memorial Home for incurable tyrants and kings». Denne songen inneheld òg billydar og ein liknande melodi som refrenget på «Your Possible Pasts». frå same albumet. I tillegg har hovudtemaet som går att fleire gonger på albumet ein musikalsk likskap til hovudriffet på In the Flesh? som opnar The Wall.

Då det originale albumet kom ut i 1984 på ei LP-plate og kassett med to sider, mangla det nokre sekund mellom side ein og to, slik at lyttaren skulle få tid til å snu plata eller kassetten og dermed starte side B nøyaktig på 4:50 am. Då albumet kom ut på CD nokre år seinare, vart denne pausen fjerna. Tida for «4:37 am (Arabs With Knives and West German Skies)» og «4:47 am (The Remains of Our Love)» på den første sida er ikkje riktige: songane byrjar nokre sekund tidlegare enn indikert på høvesvis «4:36 AM» og «4:46 AM».

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Gerald Scarfe, som hadde laga plateomslaget og animasjonar for The Wall, lagde grafikk og animasjonar for Pros and Cons. Framsidebiletet skapte kontroversar då ein kan sjå ei naken kvinne bakanfrå, nakenmodellen Linzi Drew. Columbia Records sensurerte biletet med å liggje ein svart boks over rumpa hennar.

Mogeleg film[endre | endre wikiteksten]

Det vart planlagt å gjere konseptet om til ein film og i ei pressemelding for Radio K.A.O.S. vart det hevda at filmutgåva av Pros and Cons... var fullført, men ein har ikkje høyrt noko om dette sidan den gongen. Manuset vart skriven av Pete Ward, som brukte utdrag frå tekstane til Waters frå 1967 til 1987 som bakgrunn for skodespelet Yesterday's Triumph,[11] som utforskar forholdet mellom to nære vener over ein periode på 20 år - den eine prøver å late som om han er mentalt sjuk for å vere med den andre, som vert innlagt på ein institusjon for schizofreni. Ward vart tinga til å utvide plottet og karakterane i The Pros and Cons.

Det vart laga ein film mellom 1984 og 1985 som kombinerte animasjonane til Gerald Scarfe med Nicolas Roeg sine slitscan-animasjonar skapt av Peter Truckel ved The Moving Picture Company. Nicolas Roeg regisserte òg filmen som vart synt på bakveggen av scenen medan bandet spelte. Det vart laga tre musikkvideoar frå albumet, alle regisserte av Roeg. «The Pros and Cons of Hitch Hiking» inneheld klipp av animasjonane til Roeg innimellom filmklipp av «Shane» og andre cowboyfilmar. «Sexual Revolution» inneheld klipp frå filmen blanda med bilete av Water som syng songen og spelar bass. «Every Stranger's Eyes» er identisk til filmen laga for konsertframføringa, utanom at denne òg er blanda med klipp av Waters som syng songen.

Turnéen[endre | endre wikiteksten]

I 1984 reiste Waters ut på turné for å marknadsføre albumet i lag med Eric Clapton i Nord-Amerika. Den første delen av konsertane innehaldt songar av Pink Floyd, og den andre halvdelen bestod av heile albumet. For konsertane i 1985 tok Jay Stapley over for Eric Clapton på gitar. Gerald Scarfe laga grafikk og animasjon for albumet og turnéen som følgde. Scarfe teikna karikaturar av alle bandmedlemmane i turnéprogrammet, og karikaturen av Waters såg ut til å ha ein lang snute, som ein hund. Scarfe vart inspirert av dette og laga bilete av ein hund kalla «Reg», som vart hovudrolla i soga og sceneanimasjonane som var vist på ein skjerm bak bandet under konsertane.

Waters spelte songen «5.06 A.M. (Every Strangers' Eyes)» på In the Flesh-turnéen sin i 1999-2002.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters[9]

# Tittel Lengd
1. «4:30AM (Apparently They Were Travelling Abroad)»   3:12
2. «4:33AM (Running Shoes)»   3:20
3. «4:37AM (Arabs with Knives and West German Skies)»   3:05
4. «4:39AM (For the First Time Today, Part 2)»   2:02
5. «4:41AM (Sexual Revolution)»   4:49
6. «4:47AM (The Remains of Our Love)»   3:09

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «4:50AM (Go Fishing)»   6:59
2. «4:56AM (For the First Time Today, Part 1)»   1:38
3. «4:58AM (Dunroamin, Duncarin, Dunlivin)»   3:03
4. «5:01AM (The Pros and Cons of Hitch Hiking)»   4:36
5. «5:06AM (Every Stranger's Eyes)»   4:48
6. «5:11AM (The Moment of Clarity)»   1:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikars

Skodespelarar (i rekkjefølgja dei dukkar opp)

  • Andy Quigley som 'Welshman in Operating Theatre'
  • Beth Porter som 'Wife'
  • Roger Waters som 'Man'
  • Manning Redwood og Ed Bishop som 'Truck Drivers'
  • Jack Palance som 'Hells Angel'
  • Madeline Bell som 'Hells Angel's Girlfriend'

Produksjon

  • Roger Waters og Michael Kamen – produsentar
  • Andy Jackson – lydteknikar
  • Laura Boisan – assisterande lydteknikar
  • Michael King – lydeffektekspert
  • Zuccarelli Labs – holophonics
  • Doug Sax og Mike Reese – mastering
  • Roger Waters og Gerald Scarfe – design
  • Alex Henderson – fotografi
  • The Artful Dodgers – koordinering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
New Zealand (RIANZ)[12] 14
Noreg (VG-lista)[13] 4
Sverige (Sverigetopplistan)[14] 3
Sveits (Media Control AG)[15] 12
UK Albums (The Official Charts Company)[16] 13
US Billboard 200[17] 31

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «AllMusic review». 
  2. «Roger Waters : The Pros & Cons of Hitch Hiking». Rolling Stone. 7. juni 1984. Arkivert frå originalen 4. juni 2008. Henta 26. oktober 2009. 
  3. Cross, Charles R. (2004). «Roger Waters». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 864. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Sputnikmusic review
  5. Blake, Mark (2008). «Why Are You Running Away?». Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. Cambridge, MA: Da Capo. s. 258–259. ISBN 978-0-306-81752-6. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Carruthers, Bob (2011). «The Wall». Pink Floyd – Uncensored on the Record (E-book utg.). Cooda Books Ltd. ISBN 978-1-908538-27-7. Henta 1. oktober 2012. 
  7. Roger Waters quoted in Mojo Magazine issue 193 (December 2009)
  8. Kendall, Charlie (1984). «Shades of Pink – The Definitive Pink Floyd Profile». The Source Radio Show. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 11. juli 2019. 
  9. 9,0 9,1 Mabbett, Andy (9. oktober 2007). The Complete Guide to the Music of «Pink Floyd». Wise Publications. s. 128. ISBN 1-84449-870-0. 
  10. Tolinski, Brad (September 1994). «The Great Gig in the Sky». Guitar World. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 11. juli 2019.  Invalid |dead-url=bot: unknown (hjelp)
  11. Tittelen for skodespelet, Yesterday's Triumph, er henta frå linja «And we'll bask in the shadow of yesterday's triumph and sail on the steel breeze...» frå songen «Shine on You Crazy Diamond» på Pink Floyd-albumet Wish You Were Here.
  12. «charts.org.nz – Roger Waters – The Pros And Cons of Hitch Hiking». charts.org.nz. Hung Medien. Henta 11. juli 2019. 
  13. «norwegiancharts.com – Roger Waters – The Pros And Cons of Hitch Hiking». norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. juli 2019. 
  14. «swedishcharts.com – Roger Waters – The Pros And Cons of Hitch Hiking». swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. juli 2019. 
  15. «Roger Waters - The Pros And Cons of Hitch Hiking - swisscharts.com». swisscharts.com. Hung Medien. Henta 11. juli 2019. 
  16. «Chart Stats – Roger Waters – The Pros And Cons of Hitch Hiking». Chart Stats. Arkivert frå originalen 30. juni 2012. Henta 11. juli 2019. 
  17. «allmusic ((( The Pros and Cons of Hitch Hiking > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic. Rovi Corporation. Henta 11. juli 2019.