Isobel Baillie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isobel Baillie
Fødd9. mars 1895
FødestadHawick
Død24. desember 1983 (88 år)
DødsstadManchester
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar, musikkpedagog
Prisarkommandør av Order of the British Empire

Isobel Baillie, DBE (9. mars 189524. desember 1983), fødd Isabella Douglas Baillie, var ein skotsk sopran. Ho hadde fyrst lokal suksess i Manchester, der ho voks opp, og i 1923 hadde ho ein suksessfull debut i London, følgd av turnear i fleire verdsdelar. Karrieren hennar, med støtte frå dirigenten sir Hamilton Harty, utvikla seg raskt, med pausar i dei første åra for å studere vokal i Milano. Baillie var i nesten heile karrieren sin konsertsongar; ho spelte berre ein gong i ein operaproduksjon på scenen. Ho var fyrst og fremst assosiert med oratorium, og blei kjend for mange framføringar av Messias av Handel, Skapinga av Haydn, Elijah av Mendelssohn og korverka til Elgar.

Gjennom ein lang karriere spelte Baillie inn komplette opptak av Messias, Elijah, og Beethoven si Missa solemnis og Niande symfoni. På 1940-talet blei ho venn med altsongaren Kathleen Ferrier, som ho ofte opptredde med på konsertar og gjorde fleire opptak med i duett. Ho deltok i 19 Three Choirs-festivalar frå 1929. Ho debuterte i USA i 1933, og opptredde deretter og til ho pensjonerte seg i midten av 1950-åra i USA, New Zealand, Det fjerne austen, Afrika og i Europa.

I seinare år var Baillie lærar ved Royal College of Music, Royal Manchester School of Music og Cornell Universitety.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Baillie vart fødd i Hawick i Roxburghshire den 9. mars 1895, som det yngste barnet og den tredje dottera til bakaren Martin Pott Baillie (1860-1904) og kona hans, Isabella Hetherington, fødd Douglas (1865-1936).[1][2] Ho blei døypt Isabella Douglas, men var kjend for familie og vener som Bella.[1] Då ho var ung jente familien til Newcastle upon Tyne og deretter til Manchester. Ho var elev ved ein barneskule der songen hennar blei oppmuntra, og vann deretter eit stipend til Manchester High School, der musikk ikkje var ein stor prioritet.[3]

Då Baillie var femten slutta ho på skulen og tok fyrst arbeid i ein musikkbutikk og seinare ved Manchester rådhus.[4] Ho tok timar i song frå Jean Sadler-Fogg, ein tidlegare elev av Blanche Marchesi.[5] På fritida song ho i lokale konsertar, og på ein av dei møtte ho Henry (Harry) Leonard Wrigley (1891-1957), ein bomullshandlar. Dei gifta seg den 31. desember 1917 medan han var på sjukepermisjon frå hæren i Frankrike. Det einaste barnet deira, dottera Nancy, blei fødd i desember 1918.[1] På denne tida tente Baillie meir av å halda konsert enn av arbeidet sitt ved rådhuset, og ho blei profesjonell songar på fulltid. I 1921 engasjerte Hamilton Harty, dirigenten for Hallé-orkesteret, henne for fleire konserter, inkludert framføringar av Skapinga av Haydn og Messias av Handel.[1]

Baillie[6] debuterte i London i 1923. Sir Henry Wood engasjerte henne for seks konsertar i Queen's Hall. Karrieren hennar utvikla seg raskt, men på råd frå Harty tok ho ein pause frå å gje konsert midt i 1925 og eit anna året etter for å studere i Milano hjå vokaltrenaren på La Scala, Gugliemo Somma.[7] Harty hjalp henne vidare i karrieren med å foreslå eit namneskifte frå «Bella Baillie», som han meinte leia tankane til ein music hall- eller musikalsk komedieartist.[8] Den 6. mai 1929 sette ho ein notis i The Times som sa at frå den dagen skulle Miss Bella Baillie synga under namnet Isobel Baillie.[9]

I tretti år etter debuten i London heldt ho stadig etterspurde konsertar, med Messiah, Elia, The Creation og korverka til Elgar som spesialitetet.[6] Ho debuterte i USA i 1933 på Hollywood Bowl med Harty som dirigent; blant nummera ho framførte var «With verdure clad» frå The Creation, ein arie frå Carmen og «Dove sono» frå Figaros bryllup. The Los Angeles Times sa om den siste: «I stil og reine venleik av lyd var [han] det finaste ein har høyrt i Bowl i lang, lang tid».[10] I Storbritannia song Baillie for dei fremste dirigentane på 1930-talet, som sir Thomas Beecham, sir Adrian Boult og Malcolm Sargent, og vitjande frå utlandet, som Arturo Toscanini, Bruno Walter og Victor de Sabata.[11][12]

Eit høgdepunkt i karrieren til Baillie på 1930-talet var urframføringa av Vaughan Williams sin Serenade to Music for 16 vocal soloists and orchestra, som blei skriven i 1938 for å markera femtiårsjubileet til Wood sin første konsert. Solistane var framståande songarar frå Storbritannia og Samveldet; opnings- og avsluttingslinjene blei framførte av Baillie.[13] Ti dagar etter konserten spelte Wood og dei 16 songarane hans arbeidet inn for Columbia, slik at dei kunne «verna om den fantastiske stiginga hennar til høg A for orda ‘sweet harmony’,» i følgje musikkritikaren Michael Kennedy. [1]

Baillie var ein pioner innan kringkasting, og song på ein lokal radio-stasjon i Manchester i 1920, før BBC blei grunnlagd.[1] I 1938 tok ho del i ei tidleg fjernsynssending i ein BBC-versjon av Tristan und Isolde.[14] Ho song ofte utdrag frå Wagner og andre operaer på konsertar og i studio,[15] men opptredde sjeldan i operahus.[16] Ho song ved Covent Garden i 1937 i Orphée et Eurydice, men sjølv då blei ho ikkje sett, men song bak scenen i «L'ombre heureuse». Dei einaste operaframferdene hennar på scenen var på ein turné i New Zealand i 1940, då ho spelte Marguerite i Faust, med Heddle Nash i tittelrolla.[1][17]

Baillie hadde i det veselege arbeidet som konsertartist. Ho syngde på nitten Three Choirs Festivals, som byrja i 1929 på Worcester Cathedral, i Messias, dirigert av Sir Ivor Atkins.[1][18] Ho song i The Apostles og The Kingdom av Elgar dirigert av komponisten. Andre britiske komponistar som ho samverka med var Herbert Howells, George Dyson og Gerald Finzi. Sjølv om ho var kjend for framføringane sine av britisk musikk, kommenterer Kennedy at repertoaret hennar var breiare enn dette, med verk av Bach, Berlioz, Brahms, Dvořák, Kodály, Mendelssohn, Rachmaninoff, Schubert, Schumann, Richard Strauss, Szymanowski, Tchaikovsky og Hugo Wolf. Ho song også ei rekkje populære balladar.[1]

Seinare år, 1940-1983[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen turnerte Baillie mykje for Entertainments National Service Association (ENSA), og song for soldatar og fabrikkarbeidarar.[6] I desember 1941 opptredde ho i lag med Kathleen Ferrier for fyrste gong; dei blei gode venar og kollegar.[1] Etter krigen drog Baillie på ei ny reise til New Zealand i 1948, og drog heim gjennom Det fjerne austen, med konsertopphald i Singapore, Kuala Lumpur og Penang.[19][20] Ho song i Honolulu i 1948,[21] og Washington National Cathedral året etter.[22] I 1953 turnerte ho i sørlege Afrika, og hadde konsertar i byar som Nairobi, Salisbury (Harare), Johannesburg, Cape Town og Durban.

På midten av 1950-talet, då ho for det meste hadde slutta opptre på konsertar, turnerte Baillie internasjonalt, og heldt forelesningar og meisterklassar. Ho starta ein karriere som lærar ved Royal College of Music i London, frå 1952 til 1957 og igjen frå 1961 til 1964. I mellomtida var ho gjesteprofessor i song ved Cornell University.[23] I tillegg underviste ho i mange år ved Royal Manchester School of Music.[1]

I 1982 gav ho ut sjølvbiografen Never Sing Louder than Lovely.[1]

Etter at mannen til Baillie, Harry, døydde i 1957, flytta ho frå huset deira i Hampshire til St John's Wood i London. Den siste heimstaden hennar var i Manchester, der ho døydde 24. september 1983, då ho var 88.[1] Dottera Nancy Roberts (d. 2012) overlevde henne.[24][25]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Baillie hadde ein innspelingskarriere som varte i over femti år. Ho hadde si fyrste prøveinnspeling i februar 1924; den fyrste kommersielle utgjevinga hennar kom ut eit år etter. Den siste større innspelinga hennar, A Sea Symphony, kom ut i 1953 på Decca som del av Vaughan Williams-symfonisyklusen til Boult. I 1974 spelte ho inn ein song av Harty som blei gjeven ut for å markera åttiårsdag hennar.[1]

Baillie var sopransolist i dei komplette opptaka av Beethoven si <i>Missa solemnis</i> (under Beecham, 1937) [26] og Messiah og Eliah (under Sargent, 1946 og 1947) [27] I 2004 blei det for fyrste gong gjeve ut eit konsertopptak, frå Queen's Hall i 1937, av Beethovene sin Niande symfoni dirigert av Toscanini med Baillie som sopransolist.[28] Med Ferrier spelte ho inn duettar av Purcell og Mendelssohn,[29] og sine soloopptak med mange stykke av Bach, Handel og Mendelsson, men òg ariar eller songar av komponistar som Arne, Brahms, Delius, Grieg, Harty, Haydn, Mozart, Offenbach, Rachmaninoff, Schubert og Schumann.[30]

Ærestilvisingar[endre | endre wikiteksten]

Baillie blei utnemnd til Commander av Den britiske imperieordenen (CBE) i 1951 og opphøga til Dame Commander (DBE) i 1978. Ho fekk æresgrader frå Royal College of Music, Royal Academy of Music og University of Manchester.[12] Det er sett opp ein blå plakett til minne om henne på ein tidlegare bustad i Manchester.[31]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 Kennedy, Michael. "Baillie, Dame Isobel (real name Isabella Douglas Baillie) (1895–1983), singer", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004. Retrieved 12 September 2020. (krev abonnement eller medlemskap i offentleg britisk bibliotet)
  2. «Dame Isobel Baillie (1895-1983)». National Records of Scotland. Henta 6 April 2022. 
  3. Baillie, p. 16
  4. Baillie, p. 17
  5. Baillie, p. 18
  6. 6,0 6,1 6,2 "Dame Isobel Baillie", The Times, 26 September 1983, p. 12
  7. Baillie, p. 34
  8. Baillie, p. 28
  9. "Concerts, &c", The Times, 6 May 1929, p. 14
  10. "Program at Bowl rates 'excellent'", Los Angeles Times, 29 June 1933, p. 17
  11. "Leeds Music Festival", The Times, 6 October 1937, p. 12 (Beecham); "Music this week", The Times, 6 May 1935, p. 10 (Boult); "Courtauld-Sargent Concert", The Times, 10 March 1936, p. 14 (Sargent); and "The B.B.C. Symphony Concerts", The Times, 14 September 1937, p. 10 (Toscanini)
  12. 12,0 12,1 "Baillie, Dame Isobel, (1895–24 Sept. 1983), singer", Who's Who & Who Was Who, Oxford University Press, 2007. Retrieved 13 September 2020 (krev abonnement)
  13. Palmer, Christopher (1990). Notes to Hyperion CD CDA 30025 OCLC 872333144
  14. "Television", Radio Times, 21 January 1938, p. 16
  15. "Wagner, Isobel Baillie", BBC Genome. Retrieved 12 September 2020
  16. "Music this Week", The Times, 14 June 1937, p. 21
  17. "Music Festival", New Zealand Herald, 7 June 1940, p. 4
  18. "Three Choirs Festival", The Times, 14 September 1929, p. 8
  19. Baillie, p. 136
  20. "Isobel Baillie", Honolulu Star-Bulletin, 4 May 1948, p. 6
  21. "Isobel Baillie", Honolulu Star-Bulletin, 4 May 1948, p. 6
  22. Baillie, p. 136
  23. Baillie, pp. 141 and 143–144
  24. Obituary of Isobel Baillie
  25. Memorial notice for Nancy Roberts
  26. WorldCat OCLC 51462246
  27. WorldCat OCLC 39091394 and OCLC 48134277
  28. WorldCat OCLC 60717274
  29. WorldCat OCLC 874665561
  30. WorldCat OCLC 77804853, OCLC 30306438 and OCLC 51589448
  31. "Dame Isobel Baillie", Blue Plaques in Stretford, Trafford Council. Retrieved 12 September 2020