Javier Pérez de Cuéllar
| Javier Pérez de Cuéllar | |||
| | |||
| Fødd | 19. januar 1920 Lima | ||
|---|---|---|---|
| Død | 4. mars 2020 (100 år) | ||
| Statsborgar av | Peru | ||
| Religion | katolisisme | ||
| Yrke | politikar, diplomat, advokat | ||
| Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
| Utdanna ved | Pontificia Universidad Católica del Perú Colegio San Agustín | ||
| Ektefelle | Yvette Roberts-Darricau | ||
| Medlem | Académie des sciences morales et politiques | ||
| Verv | 1982-1991 | ||
| Føregangar | Kurt Waldheim | ||
| Etterfylgjar | Boutros Boutros-Ghali | ||
| Alle verv | |||
Javier Pérez de Cuéllar de la Guerra (19. januar 1920–4. mars 2020) var ein preuviansk diplomat som tente som femte generalsekretær for Dei sameinte nasjonane frå 1. januar 1982 til 31. desember 1991.
I 1995 lukkast han ikkje i å vinne det peruanske presidentvalet (Alberto Fujimori vann). Han var president for ministerrådet og utanriksminister frå november 2000 til juli 2001 etter at Fujimori gjekk av grunna korrupsjonsanklager.
I september 2004 trekte han seg som peruansk ambassadør til Frankrike. Han budde seinare i Ulu Tiram i Johor i Malaysia.
Diplomatisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Pérez de Cuéllar byrja arbeide for det peruanske utansriksdepartementet i 1940 og diplomattenesta i 1944. Han heldt postar i Peru sine ambassadar i Frankrike, Storbritannia, Bolivia og Brasil, og tente seinare som ambassadør til Sveits, Sovjetunionen, Polen, Venezuela og Frankrike.
Han var med i den peruanske delegasjonen i generalforsamlinga til SN sin fyrste sesjon i 1946 og i sesjonane frå og med den 25. til den 30. I 1971 vart han utnemnd til leiar for den peruanske delegasjonen til SN, og representerte Peru i Tryggingsrådet i 1973 og 1974. Han tente som president av Tryggingsrådet under Kyproskrisa i 1974, og heldt stillinga som permanent representant for Peru fram til 18. september 1975, då han vart utnemnd som generalsekretæren sin representant for Kypros. I desember 1977 vende han attende til den peruanske utanrikstenesta.
27. februar 1979 vart han utnemnd til visegeneralsekretær for SN for særskilde politiske forhold. Frå april 1981 tente han òg som generalsekretæren sin representant for Afghanistan. Han vitja i den samanheng Pakistan og Afghanistan i april og august det året for å bidra i forhandlingane der.
Generalsekretærskapen
[endre | endre wikiteksten]1. januar 1981 etterfylgde Pérez de Cuéllar Kurt Waldheim som generalsekretær. Han vart attvald i oktober 1986. I løpet av sine to periodar leia han mellom anna forhandlingane mellom Storbritannia og Argentina etter Falklandskrigen, og fremja Contadoragruppen sitt arbeid for fred i Sentralamerika. Han spela ein viktig rolle i forhandlingane om Namibia sitt sjølvstende, konflikten mellom Marokko og Polisariofronten i Vest-Sahara og i konflikten på Kypros. Han gjekk av som generalsekretær i desember 1991, etter å ha neitta å tene ein tredje periode.