The Mamas & the Papas av The Mamas & the Papas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Mamas & the Papas
Studioalbum av The Mamas & the Papas
Utgjeve 30. august 1966
Innspelt 1966
Sjanger Sunshine pop, folkrock, psykedelisk pop
Lengd 31:07
Selskap Dunhill
Produsent Lou Adler
The Mamas & the Papas-kronologi
If You Can Believe Your Eyes and Ears
(1966)
The Mamas & the Papas The Mamas & The Papas Deliver
(1967)


Singlar frå The Mamas & the Papas
  1. «I Saw Her Again»
    Utgjeve: June 1966
  2. «Words of Love»
    Utgjeve: November 1966
  3. «Dancing in the Street»
    Utgjeve: 1966
  4. «Dancing Bear»
    Utgjeve: 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg lenkje

The Mamas & the Papas er det andre studioalbumet til The Mamas & the Papas, gjeve ut i 1966.[1] Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og 24. plassen i Storbritannia. Den første singelen frå albumet, «I Saw Her Again», klatra til femteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 11. plassen på UK Singles Chart. «Words of Love» kom ut som den andre singelen i USA og nådde femteplassen der. I Storbritannia vart han gjeven ut som ei dobbel A-side med «Dancing in the Street» (ein coverversjon av hitten til Martha and the Vandellas frå 1964) og nådde 47. plassen der.

Etter det vart oppdaga at gruppemedlemmen Michelle Phillips hadde eit forhold med Gene Clark i The Byrds, braut det ut krangling i bandet og Phillips fekk sparken frå gruppa 4. juni 1966.[2][3][4] I juni vart ein ny songar henta inn for å erstatte ho. Jill Gibson var kjærasten til produsenten Lou Adler på den tida og hadde alt sunge på fleire Jan and Dean-album.

Biletet for framsida av omslaget var alt tatt, der Michelle Phillips var godt synleg. Dunhill fekk Gibson til å stille seg opp nøyaktig slik Michelle hadde gjort og la så det nye biletet over biletet av Phillips. Men dei tok så ei avgjersle om å ta eit heilt nytt bilete med den nye besetninga, og endre albumtittelen til Crashon Screamon All Fall Down. Fleire tusen eksemplar av denne utgåva vart sendt ut til radiostasjonar og distribusjonsselskap, men då Michelle kom attende til gruppa like før albumet kom ut, vart det originale omslaget og den opphavlege tittelen henta attende. Eksemplar av den sjeldne Crashon-utgåva går i dag for høge summar mellom samlarar.

Albumet vart først gjeve ut på CD i 1988 og heile albumet finst på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Phillips, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «No Salt on Her Tail»    2:35
2. «Trip, Stumble and Fall»  John Phillips, Michelle Gilliam 2:35
3. «Dancing Bear»    4:08
4. «Words of Love»    2:13
5. «My Heart Stood Still»  Richard Rodgers, Lorenz Hart 1:43
6. «Dancing in the Street»  Marvin Gaye, William Mickey Stevenson, Ivy Jo Hunter 3:00
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «I Saw Her Again»  Phillips, Denny Doherty 2:50
8. «Strange Young Girls»    2:45
9. «I Can't Wait»    2:40
10. «Even If I Could»    2:40
11. «That Kind of Girl»    2:20
12. «Once Was a Time I Thought»    0:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1966 Billboard 200 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Mamas & the Papas». AllMusic. 
  2. Phillips, Michelle (1986). California Dreamin': The True Story of the Mamas and the Papas The Music, the Madness, the Magic that was (1 utg.). Warner Books. s. 86. ISBN 0-446-51308-3. 
  3. Hall, Doug (2000). The Mamas & The Papas California Dreamin' (1 utg.). Quarry Press. s. 102. ISBN 1-55082-216-0. 
  4. Fiegel, Eddi (2006). Dream a Little Dream of Me: The Life of Cass Elliot (1 utg.). Pan Books. s. 203. ISBN 0-330-48751-5.