Hasbanielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°14′17.37″N 35°37′28.66″E
Hasbanielva
elv
SnirRiver5.JPG
Land Flag of Lebanon.svg Libanon, Flag of Israel.svg Israel
Koordinatar 33°14′17.37″N 35°37′28.66″E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hasbani River

Hasbanielva (arabisk الحاصباني, al-Ḥāṣbānī) eller Snirelva (hebraisk נחל שניר, Nahal Snir) er ei sideelv til Jordanelva. Hasbani får hovudsakleg vatn frå to kjelder i Libanon,[1][2] Wazzani og Haqzbieh, sistnemnte er ei gruppe kjelder øvst i Hasbani.[3] Hasbani renn 40 km i Libanon før ho kryssa grensa til Israelog renn saman med Banias og Danelva ein stad nord i Israel og dannnar Jordanelva.[4] Omkring fire kilometer nedanfor Ghajar, dannar Hasbani grensa mellom Libanon og Golanhøgdene.

I lag har Wazzani og Haqzbieh ei samla årleg vassføring på 138 millionar m³ per.[5] Kring 20% av Hasbani[6] kjem frå Wazzanikjelda ved Ghajar, nær den libanesisk-israelske grensa, kring 3 km vest for foten av Hermon. Bidraget frå Wazzanikjelda er særs viktig, sidan ho er den einaste som flyt året rundt ut i elva, i både Libanon og Israel.[7]

Bruken av vassressursane i området, inkludert Hasbani, har vore kjelde til konflikt og var ein av faktorane som førte til seksdagarskrigen i 1967.[8][9] Hasbani vart innlemma i Jordandalen sameinte vassplan, som vart lagt fram i 1955 av den amerikanske utsendinga Eric Johnston.[10] I følgje planen kunne Libanon nytte 35 million kubikkmeter i året av vatnet. Planen vart avslått av Den arabiske ligaen. I staden avgjorde det andre arabiske toppmøtet i Kairo i januar 1964 at ligaen let Syria, Libanon og Jordan byrje eit vassavleiingsprosjekt. Syria starta å bygje ein kanal for å leie vatn frå Baniaselva bort frå Israel og langs fjellsida av Golan mot Yarmoukelva. Libanon skule bygge ein kanal frå Hasbani til Banias og fullføre planen[11] Prosjektet skulle avleiie 20 til 30 millionar kubikkmeter med vatn frå sideelvane til Jordanelva til Syria og Jordan for utvikling av desse landa.[11][12] Dette førte til ein militær inngripen av Israel, først med stridsvogneld ogs å, då syrarane flytta arbeidet lenger aust, med flyåtak.

I 2001 sette dei libanesiske styresmaktene opp ein liten pumpestasjon med eit 10 cm borehol for å trekke opp vatn for landsbyen Ghajar.[13] I mars 2002 avleidde Libanon òg delar av Hasbani for å gje vatn til landsbyen Wazzani. Dette var i følgje Ariel Sharon ein «casus belli» og kunne føre til krig, og under den andre Libanonkrigen vart pumpestasjonen øydelagd av det israelske forsvaret.[14][15][16][17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. FAO (Water Resources section) [1]
  2. UNU The Jordan River [2]
  3. UNU The Jordan River [3]
  4. MERIP Heightened Israel-Lebanese Tensions Over Jordan's Headwaters [4]
  5. Managing water for peace i Middle East
  6. Libanon (FAOWater Resources section)[5]
  7. MERIP Heightened Israel-Lebanese Tensions Over Jordan's Headwaters [6]
  8. MERIP Heightened Israeli-Lebanese Tensions Over Jordan's Headwaters [7]
  9. Harik, Judith Palmer (2005) Hezbollah: The Changing Face of Terrorism I.B.Tauris, ISBN 1-84511-024-2 p 159
  10. Cronin, Patrick M. (2008) The Evolution of Strategic Thought Routledge, ISBN 0-415-45961-3 s. 189
  11. 11,0 11,1 Shlaim, Avi (200) ibid s. 229–230
  12. Political Thought and Political History: Studies in Memory of Elie Kedourie By Elie Kedourie, M. Gammer, Joseph Kostiner, Moshe Shemesh, Routledge, (2003) ISBN 0-7146-5296-2 s. 165
  13. LA Times Over Israeli Objections, Lebanon Opens Pumping Station on River March 29, 2001
  14. Bfvt. 28. mars 2002. Libanon hails 'liberation of water'
  15. Bfvt. 10 September 2002 Israel warns of war over water
  16. Bfvt. 16 September 2002. US wades into Mid-East water dispute
  17. Bfvt. 17 September 2002. Israel hardens stance on water.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hasbanielva