Norges Jubilæumsutstilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jubilæumsutstillingen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den offisielle utstillingsplakaten til den norske jubileumsutstillinga, laga av Brynjulf Larsson.
Handkolorert dias frå utstillingsområdet i Frognerparken i Oslo med Frognerdammen i framgrunnen.
Kart over utstillingsområdet.

Norges Jubilæumsutstilling var ei utstilling som blei halden i Frognerparken i Oslo frå 15. mai til 11. oktober 1914 som ei markering av hundreårsjubiléet for den norske grunnlova. Utstillinga viste fram norsk og utanlandsk kultur og ulike trekk ved det norske samfunnet, som jordbruk, industri og friluftsliv. Ideen var å visa fram norsk utvikling i løpet av dei hundre åra sidan grunnlova blei skriven.[1]

Utstillinga blei vitja av 1,5 millionar menneske, med over 30 000 på den norske grunnlovsdagen 17. mai og over 100 000 på den siste dagen.[2][3][4] Ho bestod av 216 byggverk som var laga for høvet. Dei fleste av desse blei rivne før Frognerparken og Vigelandsanlegget blei laga, men ei bru utforma av arkitekten Henrik Bull blei teken med i skulpturanlegget.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ideen om ei utstilling skal ha kom frå arkitekten Torolf Prytz, som la henne fram for styret i Kristiania haandverks- og industriforening i 1907. Prytz blei formann for planleggingskomiteen og seinare også for utstillinga.[1] Ein diskuterte ulike stader utstillinga kunne haldast, mellom anna Hovedøya, men blei til slutt einige om Frogner. I august 1911 bevilga byrådet i Kristiania ein støtte på 300 000 kroner til utstillinga, i tillegg til ekstrabevilgningar for gateendringar.[3]

Utforming og bygningar[endre | endre wikiteksten]

Utstillinga blei halden der Vigelandsanlegget ligg i dag, på begge sider av ein midtakse som også er aksen i den noverande skulpturparken. Parkområdet blei utforma av Josef Nickelsen med Henrik Bull, August Nielsen, Rudolf Emanuel Jacobsen og Adolf Jensen som andre viktige arkitektar.[2][4] Blant paviljongane i utstillinga var Industrhallen,[5] Maskinhallen,[6] restaurantar og ei rekkje andre bygningar[2][4] Bondegården, eit stykke unna dei andre paviljongane, bestod av eit våningshus teikna av August Nielsen og Rudolf Emanuel Jacobsen, uthus av arkitekt Ivar Næss saman med amtsagronom Knut Monrad, og løe.[7]

Det blei også halde ei sjøfarts- og fiskeriutstilling blei halden ved Frognerkilen.[8][9]

I utstillingsaksen inngjekk ei bru over Frognerdammane som blei teikna av Henrik Bull og støypt i armert betong med granittsingel. I motsetnad til utstillingsbygningane blei brua laga som ein permanent konstruksjon for bruk etter utstillingsperioden. Konstruksjonen viste seg likevel seinare å svikta, og i 1920-åra blei ho erstatta av ei ny og meir solid bru med omtrent same utsjånad, med skulpturar av Vigeland utplassert.

Ein del av paviljonane og utstillingsobjekta blei seinare flytta:

Utstilingar og underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Kværner Bruk vann gullmedalje for sitt bidrag, mellom anna konstuksjonselement i Maskinhallen. Det var utstilt to lokomotiv, eit frå Hamar Jernstøperi og Mekaniske Verksted og det andre frå Thunes Mekaniske Verksted.[1] Lilleborg sin såpeboblefontene i Industrihallen vekka også verksemd.[1] Den store skisamlinga til Hjalmar Welhaven blei også vist fram.[10]

Nordaust i utstillingsområdet blei det reist ein moropark med karusellar, berg-og-dalbane og ein bane med ein minitayrkopi av «The flying Scotsman», ekspresstoget som gjekk mellom London og Edinburgh. Ein del av underhaldninga, som var arrangert av Benno Singer frå European Attraction Limited i London, var «Kongolandsbyen», der rundt 80 levande afrikanarar var på utstilling.

Opphavleg hadde utstillingskomiteen tenkt på å stilla ut samar, men dei fann ideen om å stilla ut «stemmeberettigede norske borgere [...] for penge [...] usmakelig.»[11] Nordmenn som vitja utstillinga var svært fasinerte av «de sorte» og levemåten deira. Afrikanarane blei sagt å vera frå Kongo, men kom eigentleg frå Senegal.[12]

Kongolandsbyen har også vekt interesse og vantru i ettertida. I 2014 blei det reist ein kopi av landsbyen i Frognerparken, med portal og stråhytter, men utan afrikanarar. «Kongolandsbyen» var eit kunstprosjekt av Mohamed Ali Fadlabi og Lars Cuzner som vekka stor kontrovers i planleggingsfasen, men auka kjennskapen til 1914-utstillinga.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Schou, August (1938). Håndverk og industri i Oslo 1838–1938. Oslo håndverks- og industriforening. s. 235–238. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Arstal, Aksel; Just, Carl, red (1966). «Frognerparken». Oslo byleksikon (2 utg.). Oslo: Aschehoug. 
  3. 3,0 3,1 Hammer, S. C. (1928). «Jubilæumsaaret og krigsutbruddet». Kristianias historie 5. Cappelen. s. 423–438. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Steigan, Geir Tandberg. «Jubileumsutstillingen i Kristiania, 1914». arc!. http://www.artemisia.no/arc/historisk/oslo/bygninger/jubileumsutst.1914.html. Henta 28 January 2012. 
  5. Steigan, Geir Tandberg. «Jubileumsutstillingen i Kristiania, 1914: Industrihallen». arc!. http://www.artemisia.no/arc/historisk/oslo/bygninger/industrihallen.1914.html. Henta 29 January 2012. 
  6. Steigan, Geir Tandberg. «Jubileumsutstillingen i Kristiania, 1914: Maskinhallen». arc!. http://www.artemisia.no/arc/historisk/oslo/bygninger/maskinhallen.1914.html. Henta 29 January 2012. 
  7. Steigan, Geir Tandberg. «Jubileumsutstillingen i Kristiania, 1914: Bondegården». Arc!. http://www.artemisia.no/arc/historisk/oslo/bygninger/bondegard.1914.html. Henta 2 February 2012. 
  8. Steigan, Geir Tandberg. «Jubileumsutstillingen i Kristiania, 1914: Sjøfarts- og fiskeriutstillingen, Skarpsno». arc!. http://www.artemisia.no/arc/historisk/oslo/bygninger/sjofart.1914.html. Henta 29 January 2012. 
  9. Steigan, Geir Tandberg. «Arkitektur og historie i Oslo: Jubileumsutstillingen i Kristiania, 1914». arc!. http://www.artemisia.no/arc/historisk/oslo/bygninger/sjofart.1914.html. Henta 29 January 2012. 
  10. Bjerkek, Ole Petter. «Hjalmar Welhaven». i Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. http://www.snl.no/.nbl_biografi/Hjalmar_Welhaven/utdypning. Henta 2 February 2010. 
  11. Graff, Sverre Bjørstad (22 October 2004). «En afrikansk landsby i Oslo». ABC Nyheter. http://www.abcnyheter.no/041022/en-afrikansk-landsby-i-oslo. Henta 29 January 2012. 
  12. «Helt vilt», side 15, Dagblad magasinet 5. april 2014. Oppgjeve av Bokmålswikipedia.
  13. Mona Pahle Bjerke (16.05.2014), 'Bruker media som kunstnerisk medium', NRK.no, http://www.nrk.no/kultur/anmeldelse_-kongolandsbyen-1.11722265 ; Gabrielle Graatrud (04.03.2014), Nye midler til Kongolandsbyen, NRK.no, http://www.nrk.no/kultur/nye-midler-til-kongolandsbyen-1.11582704  Full forvirring om kongolandsbyen, Dagbladet.no, 15. mai 2014, http://www.dagbladet.no/2014/05/15/kultur/kongolandsbyen/kunst/frognerparken/33324072/ 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]