Jubilation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jubilation
Studioalbum av The Band
Innspelt Mars-mai 1998
Sjanger Rock
Lengd 43:02
Selskap River North Records
Produsent Aaron Hurwitz & The Band
Kritikk
The Band-kronologi
High On The Hog
(1996)
Jubilation The Best of The Band, Vol. II
(1999)


Jubilation er det tolvte og siste studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet The Band. Det vart spelt inn våren 1998 i heimestudioet til Levon Helm i Woodstock i New York og kom ut 15. september 1998.

For første gong i den siste delen av karrieren deira var det fleire originale songar på albumet enn coverversjonar, i motsetnad til dei to førre albuma, Jericho og High on the Hog. Av songar finn ein «Last Train to Memphis» med gjestegitar frå Eric Clapton, soloninstrumentalen til Garth Hudson «French Girls», Rick Danko sin «High Cotton» og hyllesten til Ronnie Hawkins, «White Cadillac».

På berre eitt spor, «If I Should Fail», spelar alle seks medlemmane samstundes. Helm og Danko manglar på eit spor kvar, gitarist Jim Weider manglar på to. Richard Bell er erstatta av produsent og lydteknikar Aaron Hurwitz på piano og klaverinstrument for det meste av albumet. Hudson og trommeslagar Randy Ciarlante spelar på alle songane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Book Faded Brown» (Paul Jost)  04:12
2. «Don't Wait» (The Band, Kevin Doherty, Levon Helm)  04:09
3. «Last Train To Memphis» (The Band, Bobby Charles, Levon Helm)  04:06
4. «High Cotton» (Rick Danko, Levon Helm, Tom Pacheco)  03:25
5. «Kentucky Downpour» (The Band, Marty Grebb, Levon Helm)  04:26
6. «Bound By Love» (John Hiatt)  03:22
7. «White Cadillac (Ode to Ronnie Hawkins)» (Randy Ciarlante, Levon Helm, Jim Weider)  03:38
8. «If I Should Fail» (Rick Danko, Tom Pacheco)  03:56
9. «Spirit of the Dance» (Randy Ciarlante, Rick Danko, Levon Helm, Jim Weider)  05:05
10. «You See Me» (Allen Toussaint)  04:36
11. «French Girls» (Garth Hudson)  02:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Band[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]